Når du bestiller reisa
«Reiseforsikring og kredittkort er viktig å ha med seg i bagasjen.»
Forbrukarøkonom Torbjørn Olset, SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Bruk kredittkort når du bestiller reisa
Er du i ferieplanleggingsmodus? Då er det eitt tips du bør notere deg før du trykker «Bestill».
Reise- og avbestillingsforsikring
Når minst halvparten av reisa er betalt med kredittkort, er reise- og avbestillingsforsikring for deg og familien – eller inntil tre medreisande – inkludert. Skulle nokon bli sjuke, og reisa ikkje kan gjennomførast som planlagt, får du tilbake pengane for billettane, eller dekt ekstra kostnader ved ny heimreise.
Hjelp om bagasjen blir borte
Bagasje som blir borte eller forseinka er alltid kjedeleg. Reiseforsikringa i kredittkortet dekker utgifter til å handle det mest nødvendige.
Kjekt for deg som skal leige bil
Hugs å bruke kredittkortet når du betaler for leigebilen. Då får du nemleg eigenandelsforsikring inkludert, og slepp unna eigenandel på inntil 12.000 kroner viss uhellet er ute.
Hugs å kjøp reiseforsikring!
Ei vanleg reiseforsikring hjelper deg frå du forlét heimen din og dekker mellom anna tjuveri og skadar på bagasje, forsinkelsar, avbestillingar og rettleiing og behandling ved sjukdom eller skade på reisa. Vi har sett opp ei forenkling av vilkåra for heilårs reiseforsikring mot forsikringa som er inkludert i kredittkort, slik at du kan samanlikne dei to forsikringane.
Priseksempel ved utsett betaling Mastercard: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.* Rentefri betalingsutsetting i inntil 45 dagar. Renter påløper frå første forfall.
Når du er på reise
"Reiseforsikring og kredittkort er viktig å ha med seg i bagasjen."
Forbrukarøkonom Torbjørn Olset, SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Bruk kredittkort når du er på reise
Du har sikkert høyrt at det er lurt å betale ferieturen med kredittkort, fordi du får reiseforsikring med på kjøpet. Men visste du at det også er smart å bruke det som betalingskort når du er på reisa?
Alltid to kort på reise
Skulle du miste eit kort eller bli fråstolen lommeboka, er det kjekt å ha eit anna kort i bakhand. Det kan fort bli styr å få tak i pengar til resten av ferien om du plutseleg står der, kortlaus og forfjamsa. Har du med både bankkort og kredittkort på ferie, er du på den sikre sida.
La bankkortet vere reservekortet
Dei fleste pleier å legge kredittkortet i safen, og betale for måltid, opplevingar og shopping med det vanlege bankkortet – slik dei er vant med å gjere heime. Men det mest lønnsamme er å gjere det omvendt.
Med kredittkortet som brukskort på ferien vil du:
- Unngå at det er pengane dine som forsvinn viss kortet hamnar i feil hender.
- Eigenandelsforsikring på leigebil inkludert. Skjer det noko med bilen, som steinsprut eller punktering, kan det fort koste skjorta. Forsikringa dekker inntil 12.000 kroner.
- Med mindre du har ein unormalt lang ferie, slepp du unna rentekostnader så lenge du betaler tilbake pengane etter heimkomst.
- Fleire rettar og betre klagemoglegheiter viss du blir utsett for svindel på reisa
Eit godt tips: Vel lokal valuta når du tar ut pengar/betalar i utlandet. Då får du både betre vekslingskurs og slepp gebyr.
Priseksempel ved utsett betaling Mastercard: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.* Rentefri betalingsutsetting i inntil 45 dagar. Renter påløper frå første forfall.
Tips i mobilbanken
"Reiseforsikring og kredittkort er viktig å ha med seg i bagasjen."
Forbrukarøkonom Torbjørn Olset, SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Tips i mobilbanken
Mobilbanken har mange funksjonar som kan gjere det litt enklare for deg.
Regionsperre
Skal du feriere i forskjellige land? Du kan lett skru av og på regionsperre på korta dine i mobilbanken. Det gjer du ved å trykke på:
- mer
- kort
- trykk på kortet du vil endre regionsperre på
- bla ned og trykk deg inn på "regionsperre"
Sjå dine forsikringar
Full oversikt over forsikringane du har hos oss, kva dei dekkar, kva dei kostar, og korleis du bruker dei. Her kan du også f.eks. endre køyrelengda på bilforsikringane, sjå neste faktura, og skaffe grønt kort og reisekort til bilferien i utlandet.
Hente PIN-kode
Du kan hente ut PIN-koden din, så lenge du har BankID og hugsar passorda dine.
Du gjer dette enkelt ved å trykke på:
- mer
- kort
- trykk på kortet ditt
- "sjå PIN-kode"
- Logg på med BankID (kodebrikke eller app)
- Legg inn CVV koden som du finn på baksida av kortet ditt (3 siffer)
- Trykk "Sjå PIN-kode"