Mobilbank

Norges beste mobilbank passar for alle, er enkel å bruke – og full av smarte løysingar.

SpareBank 1s mobilbank-app

Føl deg som heime i mobilbanken

Full oversikt gir full kontroll. I mobilbanken er heile privatøkonomien din samla under same tak. Lett å forstå, lett å ta tak i.

Min økonomi

Full oversikt over forbruket ditt fordelt på kategoriar. Dei faste utgiftene dine, store og små, lett tilgjengeleg og samla på ein stad.

Sparing

Mi sparing

Full oversikt over alle sparepengane dine, anten det er fond og aksjar eller sparekontoane dine. Her finn du så klart også pensjonen din.

Mine barn

Full oversikt over barna sin økonomi – dei under atten, i alle fall. Hugs at også dei kan ha sin eigen mobilbank, nemleg Spink!

Min bustad

Full oversikt over blant anna bustadlånet, forsikringar, bustadsparing og utgifter relatert til bustaden. Du får til og med sjå kva bustader i nærområdet ditt har blitt selt for, og eit oppdatert estimat på kva bustaden din er verdt! 

Mine køyretøy

Full oversikt over kva bilen din (eller motorsykkelen eller båten) kostar deg. Her finn du blant anna billånet, forsikring, leasingavtalen, bompasseringane – til og med fristen for neste EU-kontroll!

Mine forsikringar

Full oversikt over alle forsikringane du har hos Fremtind, kva dei dekker, kva dei kostar deg, og så klart korleis du bruker forsikringane.

Slik aktiverer du mobilbanken


Du har Norges beste mobilbank!

Vi er superstolt av mobilbanken vår, og veldig glad for at Cicero Consulting kåra den til Norges beste mobilbank.

Rapporten analyserer dei norske mobilbankane og gir innsikt i kva som kjenneteiknar dei beste løysingane på markedet.

Sjekk funksjonane andre diggar!

Mobilbanken flyt over av smarte triks. Her ser du eit knippe favorittfunksjonar:

Skulle du av ein eller annan grunn vere kunde også i andre bankar, kan du få opp kontoane dine og eventuelle kredittkort og forbrukslån i mobilbanken hjå oss.

Sjå kontoar og forbrukslån frå andre bankar

Visste du at du kan endre eller avslutte abonnement direkte i mobilbanken?

Her finn du abonnementa dine:

  1. Vel Min økonomi
  2. Vel Faste utgifter
  3. Vel abonnementet du ønsker å endre eller avslutte
Sei opp abonnement direkte i mobilbanken

Ein blir fort godt vant med eFaktura og AvtaleGiro. Når vi ein sjeldan gong får ein faktura på e-post eller i posten og må taste inn kontonummer og KID-nummer manuelt, er det som å bli transportert tilbake til ein fjern fortid.

Heldigvis finst det eit råd!

Med mobilbank-appen vår kan du nemleg ta bilete av papirfakturaen din, og har du iPhone kan du faktisk sende e-postvedlegg direkte til mobilbank-appen. I begge tilfelle fyller rekningbetalinga ut seg sjølv.

Papirfaktura – slik gjer du:

  • Vel Betale i mobilbanken
  • Vel konto å betale frå
  • Trykk på Skann faktura-knappen øvers til høgre
  • Gi appen tilgang til å bruke telefonens kamera
  • Ta bilete av papirfakturaen

Rekning på e-post – slik gjer du på iOS

  1. Opne fakturavedlegget du har motteke på e-post
  2. Klikk på symbolet for å laste opp eller dele
  3. Vel SpareBank 1s mobilbank-app i lista over appar å opne fakturaen i (Viss du ikkje ser appen, finn du den under Meir)
Fotografere rekninga framfor å taste inn KID-nummer

La sparinga gå av seg sjølv Med mikrosparing kan du spare litt kvar gong du bruker bankkortet.

Her finn du mikrosparing:

  1. Vel Start sparing som du finn under Sparing på oversiktssida i mobilbanken
  2. Vel Spar på konto
  3. Vel Spar kvar gong du drar kortet
  4. Vel om du vil spare eit fast beløp, ein prosentdel av det du handlar for, eller eit avrunda beløp kvar gong du bruker kortet

Neste gong du bruker kortet, er du i gang med sparinga!

Spar pengar når du bruker kortet

Sjekke saldo på kontoen utan ein gong å logge inn i mobilbanken? Med widgeten vår ser du saldoen med eit sveip.

Slik fiksar du widget på iPhone:

  1. Trykk på ein ledig stad på Heim-skjermen (ikkje på ein app) og hald heilt til alle appene byrjar å riste
  2. Trykk på Endre / Edit øvst til venstre
  3. Vel Legg til widget / Add Widget
  4. Søk etter Mobilbank og vel den
  5. Vel ønska størrelse på widgeten
  6. Trykk på +Legg til widget / +Add Widget

Slik fiksar du widget på Android:

  1. Trykk på ein ledig stad på startskjermen og hald til menyen dukkar opp
  2. Vel widgets og finn Mobilbank frå SpareBank 1
  3. Trekk widgeten inn på ein tom stad på skjermen
Bruk widget til å sjekke saldoen på farten

Kva lurer andre på?



{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }