KUNDESERVICE BEDRIFT
Bedriftsforsikring
Du får hjelp av oss i banken med kjøp, endringar, faktura og rådgjeving. Gjeld det skade, hjelper Fremtind deg. Du får òg løyst mykje sjølv ved å logge inn.
Du får hjelp av oss i banken med kjøp, endringar, faktura og rådgjeving. Gjeld det skade, hjelper Fremtind deg. Du får òg løyst mykje sjølv ved å logge inn.
Laster chat ...
Logg inn til mine forsikringar
Meld skade, sak eller hending
Kontakt ein forsikringsrådgjevar
Avslutt ei forsikring
Få hjelp med forsikringsoppgjer
Spørsmål og svar om faktura
Alle registrerte køyretøy skal minimum ha ansvarsforsikring.
1. januar i år blei det innført endringar i bilansvarslova. Det betyr at også alle typar uregistrerte traktorar som går fortare enn 10 km/t må forsikre. Det gjeld også traktor som kun blir brukt på eigen eigedom eller lukka område.
Skulle ein uforsikra uregistrert traktor gjere skade, vil Trafikkforsikringsforeininga stå for skadebehandlinga og i kvart enkelt tilfelle vurdere regress mot køyretøyeigar.
Ja, vi gir rabatt på både næringsbygg-, eigendels- og avbrotstapsforsikringa viss de har FG-godkjent sprinkleranlegg, der det ligg rapport i FG si database «FG-kontroll».
Det skal vere utarbeida ein standardrapport av firmaet som har kontrollert sprinkleranlegget. For å få rabatt for sprinkleranlegg, krevst det at anlegget er prosjektert og utført i henhald til FG sitt regelverk. De aller fleste sprinkleranlegga i Norge er dessverre ikkje FG-godkjent, og då vert det heller ikkje rabatt.
Rabatten blir bestemt ut ifrå kor stor del av bygningen som har sprinklar og kvaliteten på sprinkelanlegget.
Kva er varme arbeid?
Arbeid med varme er arbeid der det blir nytta arbeidsverktøy og -utstyr som genererer gnistar og varme som kan føre til brann. Arbeid med varme inkluderer bruk av open flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og slipeutstyr. Forsikringsselskapa har sett krav til at dei som utfører arbeid med varme utanfor faste tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom skal ha sertifikat frå Norsk brannvernforening eller ein organisasjon godkjend av Norsk brannvernforening.
Kor gjeld sikkerheitsforskrifta?
Sikkerheitsforskrifta gjeld ved utføring av varme arbeid i alle miljø med brannrisiko. Unntatt er varme arbeid som blir utført i spesielt tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom. Rommet skal vere adskilt frå annan verksemd som eigen branncelle. Denne skal ha ubrennbare overflater.
Avtale med ekstern handverkar/entreprenør
Hvis varme arbeid skal bli utført av ekstern handverkar/entreprenør skal den som er sikra påse at sikkerheitsforskrifta sine krav inngår i skriftleg avtale eller kontrakt med denne.
Sikkerheitskrav:
Sikkerheitskrav ved arbeider på tak:
I tillegg til punkta over gjeld følgjande sikkerheitskrav:
Åpne/last ned dokumenter i PDF
Datainnbrot er svindel med datateknologi som framgangsmåte. Det vil seie at nokon eller ei programvare (til dømes virus, trojanar eller liknande) skaffar seg uautorisert tilgang til datasystema eller dataa til bedrifta, eller blokkering av bedrifta sine datasystem eller data.
Med bedrifta sine datasystem meinast system som bedrifta eig, leiger eller driftar sjølv. Datasystem og tenester som er levert av ein tredjepart, via sky eller andre hostingtenester reknast også som bedrifta sine, forutsett at det er inngått skriftleg avtale mellom partane.
Skal du melde inn eller ut ein tilsett til ei forsikringsordning kan du gjere dette ved å logge inn i mine bedriftsforsikringar og velje "Meld inn/ut tilsett".
Dersom du ikkje har tilgang til tenesta, ta kontakt med oss, så ser vi korleis vi kan hjelpe deg.
Sjå også:
For å seie opp ei bedriftsforsikring eller landbruksforsikring må du ta kontakt med oss, slik at vi kan avslutte forsikringa for deg.
Viss du ønsker å melde tilsette inn/ut av forsikringsavtalane kan du logge inn til «mine bedriftsforsikringar» og gjere dette sjølv.
Mange bedrifter mottar ikkje EHF fordi dei alt ligg inne med ein avtale om klikk og betal (MasterCard - Click to Pay). Denne tenesta overstyrer mottak av EHF.
Mastercard klikk og betal er ei passordfri løysing for onlinebetaling, der du kan motta og betale enkeltfakturaer direkte i nettbanken.
Vis du ønsker EHF i staden for klikk og betal, må du gi skriftleg beskjed om dette til Mastercard Payment Services på e-post:
support.norway@mastercard.com.
Les meir om Klikk og betal for bedrifter.
NB: Garantiforsikring i reklamasjonstid er ikkje det same som ei rein garantiforsikring. Garantiforsikring er eit alternativ til bankgaranti, der vi mellom anna tilbyr bankgarantiar som kontraktsgaranti.
«Garantiforsikring i reklamasjonstida» er ei tilleggsdekning som du kan velje når du kjøper prosjektforsikring (entreprenørforsikring).
I tida etter at eit prosjekt er overlevert, har ofte entreprenøren og underentreprenøren inngått ein kontrakt som garanterer for arbeida dei har gjort. Tilleggsforsikringa dekker skader du som entreprenør er pliktig til å erstatte, og som skjer på det arbeidet som er gjort ifølge kontrakten og i reklamasjonstida. Gjeld for skader som er beskrevne i prosjektforsikringa.
Årsaka til skaden må ha oppstått i prosjektperioden. Du kan velje mellom garantitid på 24, 36 eller 60 månader. Standard forsikringssum er 1 million kroner, men denne kan utvidast ved behov.
Døme på ei skade dekt av garantiforsikring i reklamasjonstida:
Det lekk vatn fordi det er feil ved røyrledningane i det nyoppførte bygget, men skaden vart ikkje oppdaga før bygget vart overlevert. Følgeskader av vasslekkasjen blir dekka av garantiforsikringa.
Ein skade kan forsinke overtakinga så mykje at byggherren ikkje kjem i gang med produksjonen eller ikkje får dei leigeinntektene dei skal ha.
Advance loss of profit (ALOP) er ei tilleggsdekning til entreprenørforsikringa. Denne dekker byggherrens avbrotstap, etter at det har oppstått skader som er dekka av entreprenørforsikringa (prosjektforsikring).
Eigenandelen er avbrotstapet i karenstida. Karenstida blir avtalt ved kjøp av forsikringa og byrjar samtidig med ansvarstida. Responsstida byrjar den datoen arbeidet opphavleg skulle ha vore overtatt av byggherren i henhold til avtalt framdriftsplan.
Eksempel på ein skade dekka av advance loss of profit:
Styreansvaret er eit erstatningsansvar. Styreansvaret inneber at både styreleiar, styremedlemmar og varamedlemmar kan bli personleg erstatningsansvarlege viss dei påfører nokon eit økonomisk tap.
Ansvarlegheita er lovfesta i aksjelova for aksjeselskap, men kan også vere ulovfesta for foreiningar. Styreansvaret er eit individuelt og personleg ansvar som er tett knytt til styremedlemmet sine oppgåver. Styremedlemmet kan bli ansvarleg viss hen ikkje ivaretar sine oppgåver etter lov, vedtekter eller retningslinjer.
Døme på styreansvar
Dei vanlegaste styreansvarssakene inntrer i samband med for dårleg oppfølging av dagleg leiar, at eit styremedlem tar ei avgjerd utan formell godkjenning frå styret eller at styret ikkje følger opp økonomien i selskapet godt nok.
Styreansvarsforsikring i burettslag og sameige
I vår burettslag- og sameigeforsikring er styreansvarsforsikring inkludert som ein del av forsikringspakka. Enten du er fersk i eit styre for eit burettslag eller eit sameige eller om du har sete der ei stund, bør du sjekke opp at de har ei forsikring som inkluderer styreansvar.
Kvifor styreansvarsforsikring?
Det er mogleg å forsikre seg mot styreansvaret. Styremedlemmar i ei bedrift kan bli erstatningsansvarlege overfor aksjonærar, kreditorar, kontraktspartnarar, offentlege myndigheiter og andre aktørar. I verste fall kan det føre til at styremedlemmar går personleg konkurs.
Styreansvarsforsikring kan derfor vere viktig å ha når det skal rekrutterast medlemmar til styrearbeid. For mange kandidatar vil det vere avgjerande om dei er beskytta av styreansvarsforsikring når dei påtar seg eit slikt ansvar. Med andre ord vil ikkje styregodtgjersla stå i forhold til den økonomiske risikoen du tar ved å sitje i eit styre, utan styreansvarsforsikring.
Erstatning frå forsikringa
For å få dekt erstatningsansvar frå styreansvarsforsikringa må:
Ja, vi tilbyr eit breitt spekter forsikringar av produksjonsdyr for landbruk. Blant anna kan du forsikre alt av storfe som kviger, okser og kalvar – både for melking og slakting, som for eksempel:
Vi tilbyr også forsikring av blant anna småfe, fjørfe og svin.
Har du gardsdyr som hund, katt og hest, har vi eigne dyreforsikringar for desse òg. Les om kjæledyrforsikringar.
Sjå også:
Forsikring av driftsbygg
Forsikring av driftslausøyre
Ulukksforsikring for bonde og familie
Gjødselkjellarar (eller møkkakjellarar som dei så fint kallast) er ein essensiell del av mange gardsbruk, og det å ta godt vare på dei kan bidra til ei trygg, effektiv og skadefri drift. Over tid vil betongkonstruksjonane for husdyrgjødsla forfalle viss dei ikkje blir heldt ved like. Det kan det føre til rust, lekkasjar og farlege gassar – som igjen kan føre til miljøskader og driftsutfordringar. Derfor er det viktig at du som bonde held auge med tilstanden og førebygger problem, så du forlenger levetida til gjødselkjellaren.
Regelmessig inspeksjon er eit godt utgangspunkt for vedlikehald av gjødselkjellaren. Det kan vere lurt å utføre ein grundig inspeksjon av kjellaren minst éin gong i året og etter ekstremvêr for å sjå etter teikn på skader som:
For å hindre skader er det viktig med førebyggande vedlikehald.
Viss du oppdagar skader , er det lurt å ta tak i dei tidleg for å unngå større problem seinare.
Viss du skal grave i nærleiken av gjødselkjellaren, er det viktig å fjerne all gjødsel først for å unngå trykk mot veggane.
Farlege gjødselgassar
Gjødselkjellarar kan innehalde farlege gassar som ammoniakk og hydrogensulfid, så tryggleik bør alltid vere i fokus. Gjødselgassar kan vere både luktfrie og livstruande. Dei fleste ulykkene oppstår ved røring eller pumping av gjødsel, og situasjonen er mest kritisk når skorpa på gjødselen blir broten.
Skadeførebyggande teknologi
Skadeførebyggande teknologi, som slurry-anlegg, tilfører luft til gjødsla og fjernar faren for skadeleg gassutvikling, samtidig som den aukar innhaldet av næringsstoff i gjødsla. Vi gir rabatt på landbruksforsikringane ved bruk av skadeførebyggande sensorteknologi.
Skal du foreta ei innbetaling til Fremtind Forsikring frå utlandet treng du følgjande opplysningar:
Desse opplysningane finn du òg på første side i mottatt eller varsla faktura.
Bedrifta kan velje mellom 4 forskjellige betalingsfrekvensar for bedriftsforsikringane:
Sjå også:
Kontakt oss dersom du har spørsmål, så skal vi hjelpe deg.
Fordelar med AvtaleGiro:
Fordelar med EHF (Elektronisk handelsformat)
Sjå også:
Tips og råd om betaling og fakturering
Hva er EHF og korleis aktivere EHF?
Har du motteke eit etterkrav må dette betalast. Deretter må du kontakte oss på telefonnummer for vurdering av gjenopptaking av forsikringa. Bedrifta vil bli kredittsjekka. Det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle om dekninga blir tatt opp att.
Vårt forsikringsselskap Fremtind har eit rekneskapsbilag som viser faktisk innbetalt og utbetalt beløp på den enkelte forsikring gjennom kalendaråret. Ta kontakt med oss for å få tilsendt bilaget.
«Frå dato» som avvik frå den gjeldande terminen betyr at det er gjort endring med tilbakeverknande kraft. Vi har difor foretatt ein avrekning med verknad frå same dato, og bedrifta vil difor få eit tilleggs, eventuelt frådrag, med bakgrunn i kva som tidlegare er fakturert.
I nokre tilfelle kan bedrifta få tilsendt ein faktura som erstattar den opphavelege fakturaen som først blei motteke frå forsikringsselskapet vårt Fremtind.
Dette skjer hovudsakleg når det er gjort endringar på forsikringane, og i dei tilfella skal de kun betale erstatningsfakturaen. Bedrifta kan då sjå vekk frå den opphavelege fakturaen.
Trafikkforsikringsavgift er det som tidlegare var årsavgift på køyretøy. Myndigheitene har bestemt at alle registrerte køyretøy med lovpålagt ansvarsforsikring må betale denne avgifta. Det er forsikringsselskapa som krev inn den nye avgifta, for staten.
På fakturaen er trafikforsikringsavgifta spesifisert for kvart køyretøy og beløpet blir delt opp i same tal betalingsterminar som forsikringsavtalen.
Burettslag og sameiger har vanlegvis ei forsikring som dekker bygningen, på same måte som ein huseigar har ei husforsikring. Når denne forsikringa blir brukt, kan det ofte oppstå spørsmål om kven som skal betale eigenandelen.
Kven har ansvaret for å betale?
Det er burettslaget eller sameiget som er forsikringstakar og dermed ansvarleg for at eigenandelen blir innbetalt til forsikringsselskapet. Styret kan derimot kreve pengane tilbake frå bustadeigaren, dersom skaden skuldast bustadeigaren.
Vedlikehaldsplikt
Bustadeigaren er ansvarleg for å vedlikehalde eigen bustad. Dersom ein skade skjer fordi vedlikehaldsplikta er forsømt, kan bustadeigaren bli halde ansvarleg for kostnadane (ifølge vanleg erstatningsregel i §5-13 i burettslagslova eller tilsvarande regel i eigarseksjonslova §34).
Vedlikehaldsplikt i eigen bustad vil seie at du som eigar av bustaden har ansvaret for å reparere og sikre at alt av innvendige flater, vindauger, røyr, leidningar, utstyr og apparat er heilt og fungerer som det skal. Vedlikeholdsplikta står beskriven i eigarseksjonslova §32 eller §5 i burettslagslova.
Vasslekkasjar og vasskader
Vasslekkasjar og vasskader er dei skadane som skjer mest av i burettslag og sameige. Viss burettslaget/sameige har installert smarte vasstopparar vil både eigenandelen og prisen på forsikringa bli lågare. Les meir om korleis de kan sikre sameige/burettslaget med vasstopparar.
Burettslaget/sameiet kan velje mellom to ulike dekningar; standard og topp. Forsikringa kan dekke mellom anna
I tillegg kan du utvide med tilleggsforsikringar og forsikringssummar som vi tilpassar dykkar behov.
Vareforsikring blir tilbydd i hovudsak i to variantar. Varer på lager blir forsikra med ei varelagerforsikring, medan varer som sendast kan bli forsikra med transportforsikring eller godsansvarsforsikring.
Forsikring av varelager
Hvis du for eksempel driv innan varehandel, kan du forsikre varebehaldninga di med ein lausøyreforsikring (også kalla bedrifta si innbuforsikring eller eigedomsforsikring). Du kan velje mellom Brann, Standard eller Topp, og du kan tilpasse forsikringa til bedrifta sitt behov, med tilleggsforsikringar for eksempelvis frysevarer, kjølevarer, tank osv. Du kan også forsikre auka av varebehaldninga i delar av året – for eksempel i samband med sommarferien, jul og påske.
Les meir om lausøyreforsikring.
Forsikring av varer som blir transporterte
Om du fraktar eigne varer, tilbyr vi transportforsikring. Vi tilbyr både transportforsikring av enkeltforsendingar og årsavtalar, avhengig av ditt behov. Dekker økonomisk tap viss varer blir skada eller borte under transport. Forsikring kan utvidast til å òg dekke avbrotstap, termoklausul og vrakfjerning.
Les meir om transportforsikring.
Om du fraktar andre sine varer og har forsikra lastebilen hos oss, tilbyr vi godsansvarsforsikring. Godsansvarsforsikringa dekker det rettslege ansvaret som eigar av køyretøyet eller sjåfør har for skade på varer og gods, samt forsinka leveranse. Erstatningsberekninga følger reglane i lov om vegfraktlova.
Les meir om godsansvarsforsikring.
Når barn skader seg i barnehagen, på skulen eller fritidsordning vert dei dekka av institusjonen si kollektive ulykkesforsikring for barn. Forsikringa dekkar medisinsk invaliditet, behandlingsutgifter etter ulykkesskade (lege, tannlege, fysioterapeut og liknande som ikkje vert dekka av folketrygda) og død.
Har du barneforsikring kan du òg vere dekka av ulykkesdekninga i denne.
Sjå også:
Kva dekker barneforsikringa?
Kva er ménerstatning?
Kva er medisinsk invaliditet?
Gruppelivsforsikring er det same som livsforsikring, for dei tilsette. Forskjellen er at det er bedrifta eller organisasjonen som administrerer og betaler for forsikringa – kalla kollektiv forsikring. Forsikringane utbetaler ein eingangssum dersom den tilsette dør, til den avdøde sin ektefelle/sambuar og arvingar. Den tilsette kan sjølv bestemme kven som skal ha rett på utbetalinga ved å sende inn erklæring for begunstigelse.
Gruppelivsforsikringa kan også kjøpast for den tilsette sin ektefelle eller sambuar (kalla kryssforsikring), som då også vil gi den tilsetteutbetaling ved partners dødsfall.
Gruppelivsforsikring vs livsforsikring
Er du tilsett kan du både ha gruppelivsforsikring via jobben og di eiga private livsforsikring. Begge forsikringane vil bli utbetalt i henhald til vilkåra.
Belastningsskader er definert som skader, plager og lidingar knytt til muskel- og skjelettet, som har utvikla seg gradvis over tid på grunn av overbelastning eller feil belastning.
Som hovudregel er ikkje ein belastningsskade å ansjå som ein yrkesskade, og er difor ikkje dekka av yrkesskadeforsikring, etter yrkesskadeforsikringslova.
Dersom arbeidsgivar har utvida yrkesskadeforsikring med annan sjukdom, kan du ha rett til erstatning frå denne forsikringa.
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er medisinsk invaliditet?
Kor mykje får den tilsette i yrkesskadeerstatning?
Kva er yrkesskadeforsikring?
Medisinsk invaliditet betyr at du har mista delar av den normale kroppsfunksjonen din. Døme på medisinsk invaliditet er at du har:
Medisinsk invaliditet vert bedømt ut frå eit gradsystem frå 1 til 100 prosent. Har du for eksempel fått ein kneskade i form av kneleddsartrodese/ankylose vil det gi deg ein invaliditetsgrad på 20 %, medan tap av fremre korsband gir 5 % invaliditetsgrad, basert på invaliditetstabellen hos lovdata.no.
Har du skada deg er det legen din som reknar ut kva invaliditetsgrad du har. Har du fått påvist varig medisinsk mén av legen kan du ha krav på utbetaling både frå folktrygda og frå forsikringa til arbeidsgjevar. Varig medisinsk invaliditet kan vere dekka av følgjande forsikringar:
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er belastningsskadar?
Kva dekker reiseforsikringa i samband med ulykke?
Barn som skadar seg i barnehage?
Ménerstatning er erstatninga ein kan ha krav på ved varig medisinsk invaliditet som følge av sjukdom eller ulykke som har skjedd i arbeid eller fritid.
Har du fått påvist varig medisinsk invaliditet kan du ha krav på ménerstatning både frå folketrygda og frå forsikring, avhengig av om skaden skjedde i arbeidstid eller på fritid. Ménerstatning reknast ut ifrå graden av medisinsk invaliditet (invaliditetstabell), og varierer frå din alder og kva forsikring arbeidsgivar har valt for deg.
Alle bedrifter med tilsette er lovpålagt å ha yrkesskadeforsikring på sine tilsette. Denne kan òg utvidast med forsikring for annan sjukdom og fritidsulykkesforsikring.
Ved yrkesskade blir erstatningsbeløpet berekna i folketrygdens grunnbeløp (G) og du kan ha krav på erstatning for:
For forsikringssummar sjå: Kva dekker yrkesskadeforsikring?
Les også:
Det er lovpålagt for arbeidsgivarar å ha yrkesskadeforsikring for alle sine tilsette. Yrkesskadeforsikringa gjeld for alle - både heiltids- og deltidsansatte. Forsikringa dekker det økonomiske tapet dersom ein ansatt får ein yrkesskade. Erstatningssummane er basert på folketrygda sitt grunnbeløp (G) og kjem i tillegg til det folketrygda utbetalar.
Yrkesskadeforsikringa kan også utvidast med annan sjukdom og fritidsulykke, men desse er ikkje lovpålagt.
Vi tilbyr også frivillige forsikringar til dei ansatte som er med på å gjere arbeidsplassen meir attraktiv:
Sjå også:
Kva viss eg som arbeidsgivar ikkje har yrkesskadeforsikring?
Yrkesskadeforsikringa dekker deg også ved heimekontor.
Alle har yrkesskadeforsikring gjennom jobben
Jobben din er lovpålagt å kjøpe yrkesskadeforsikring til deg. Denne forsikringa dekker yrkesskader og -sjukdomar. Arbeidsgivaren din kan også utvida denne forsikringa med dekning for annan sjukdom og fritidsulukke. Forsikringa gir mellom anna utbetaling ved varig medisinsk mén, uførheit, tapt inntekt og dødsfall.
Les meir om yrkesskadeforsikring og kva yrkesskadeforsikringa dekker.
Helseforsikring
Det finst òg ein del personalforsikringar du kan ha gjennom jobben. Ein av dei vanlegaste personalforsikringane er helseforsikring. Den kan hjelpe deg som ansatt å kome fortare tilbake på jobb, samt sleppe å bli plaga med sjukdom eller skader over lengre tid. Den dekker ulykker og utvalde sjukdomar, med behandling i det private helsevesenet der det er langt kortare ventetider.
Les meir om helseforsikring bedrift.
Livsforsikring
Du kan òg ha gruppelivsforsikring, som er det same som livsforsikring. Forskjellen er at det er jobben som betaler i staden for deg som privatperson. Gruppelivsforsikringane gir dine etterlatne ein eingangsutbetaling viss du skulle døy, uansett årsak.
Les meir om gruppelivsforsikring.
Reiseforsikring
Er du mykje ute og reiser med jobben er det vanleg at jobben betalar for reiseforsikring di. Denne reiseforsikringa gjeld som standard kun for jobbreiser, men kan bli utvida til både å gjelde på fritidsreiser og for heile familien din.
Les meir helseforsikring bedrift
Firmabil
Har du firmabil via jobben er det ofte slik at jobben òg betaler bilforsikringa.
Les meir om bilforsikring
Sjukeløn
Har du lønn over 6 G (grunnbeløp), kan du ha sjukelønnsforsikring gjennom jobb. Folketrygda dekker kun sjukepengar for løn inntil 6 G. Sjukelønnsforsikring dekker differansen mellom 6 G og lønna di dersom du blir minst 50 % sjukemeldt.
Yrkesskadeforsikring er ei personalforsikring/yrkesforsikring som arbeidsgivar er lovpålagt (lov om yrkesskadeforsikring) å kjøpe til dei ansatte. Er du sjølvstendig næringsdrivande er det frivillig å kjøpe yrkesskadeforsikring.
Yrkesskadeforsikringa kan ikkje kjøpast av NAV, men kan kjøpast av banken din (forsikringsselskapet). Ved yrkesskade kan du vere dekka både frå forsikringsselskapet og NAV. Det er difor viktig at du melder ifrå om yrkesskade både til forsikringsselskapet og NAV.
Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff. Yrkesskader inkluderer både fysiske og psykiske skader og sjukdomar.
Som hovedregel er ikkje belastningsskader å ansjå som yrkesskader, og er difor ikkje dekka av yrkesskadeforsikringa. Har bedrifta yrkesskadeforsikring hos oss kan denne òg utvidast med forsikring for annan sjukdom, fritidsulykke og sjukelønn.
Les meir om kva som dekkast av yrkesskadeforsikringane.
Ønsker du å kjøpe yrkesskadeforsikring for dine tilsette?
Yrkesskade er fysiske og psykiske skadar og sjukdomar som fører til medisinsk invaliditet, arbeidsuførheit eller død. Ein yrkesskade oppstår som følgje av arbeidssituasjonen. Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad. Belastningsskader eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskader.
Har bedrifta yrkesskadeforsikring hjå oss kan denne òg utvidast med forsikring for anna sjukdom og fritidsulukesforsikring.
Har du fått påvist ein godkjent yrkesskade har du krav på utbetaling både frå folketrygda og frå yrkesskadeforsikringa. Meld yrkesskade til Fremtind.
Enkelt forklart ligg forskjellen mellom godsansvarsforsikring og transportforsikring i kven som fraktar varene som skal forsikrast. Altså om du transporterer eigne varer eller fraktar varer for kundane dine.
Godsansvarsforsikringa dekker det rettslege ansvaret du som sjåfør eller eigar av kjøretøyet har etter vegfraktlova, for skade på varer du transporterar for andre – med eige køyretøy.
Transportforsikring dekker skade på eigne varer, uavhengig av kven som transporterar dei.
Altso passar godsansvarsforsikring for deg som frakter varer for kundane dine, mens transportforsikring passar deg som transporterar eigne varer.
Kontakt oss så hjelper vi deg med rådgjeving rundt bedriftsforsikringane dine.
Kriminalitetsforsikringa (også kalla underslagsforsikring) dekker svindel i form av økonomisk kriminalitet (underslag, tjuveri, bedrageri, utroskap og dokumentforfalskning) der tilsette eller vikarar gjer noko straffbart. Svindelen må vere retta mot eiga bedrift eller idrettslag. I idrettslag og -foreiningar omfattar kriminalitetsforsikringa òg dugnadsarbeidarar med fullmakt til å handtere midlar.
Med tilleggsdekning kan forsikringane òg dekke svindel som vert begått mot bedrifta sine kundar.
Sjå døme på svindel
For å enklare forstå korleis underslagsforsikringa kan brukast har vi samla nokre eksempel på svindel der forsikringa har vore avgjerande for bedrifta.
Stole verktøy
Ein tilsett i ei entreprenørbedrift hadde over tid stole diverse verktøy og material. Totalt utgjorde verdien på dei stolne materiala mange tusen kroner. Tapet som vart påført bedrifta vart dekka av entreprenørbedrifta si kriminalitetsforsikring.
Overførte til eigen konto
Ein rekneskapsførar i ei lita kontorbedrift overførte pengar til sin eigen konto. Bedrifta sitt tap vart dekka av bedrifta si kriminalitetsforsikring.
Pengar frå loppemarknad
Ein tillitsperson i eit idrettslag var ansvarleg for å handtere idrettslaget sine inntekter frå ein stor loppemarknad. Personen overførte delar av inntekta frå salet til seg sjølv, og kamuflerte det i rekneskapa. Tapet som vart påført idrettslaget vart dekka av kriminalitetsforsikringa.
Incoterms står for International Commercial Terms.
Incoterms er ei samling leveringsbetingelsar som kort og enkelt fortel kven som skal ta kostnadane, ansvaret og risikoen for varetransporten, og når ansvaret går over frå seljar til kjøpar. Desse standardiserte reglane blir brukte i nasjonale og internasjonale handelstransaksjonar for å klargjere forpliktingane mellom seljar og kjøpar når det gjeld forsendelse av varer.
ICC (International Chamber of Commerce) publiserte dei fyrste Incoterms-reglane i 1936, og den nyaste versjonen, Incoterms 2020, vart teke i bruk frå 1. januar 2020. Valet av Incoterms kode skal vere oppført i handelsfakturaen.
Incoterms 2020
Incoterms 2020 består av 11 forskjellige koder som gir ei oversikt over dei forskjellige stadiane i transaksjonen. Dei 4 kodane (FAS, FOB, CFR og CIF) gjeld kun ved sjøfrakt. La oss sjå på kvar kode og kva dei betyr for deg:
EXW (Ex Works)
Risikoen går over til kjøparen når seljaren stiller vara til disposisjon på avtalt stad der seljaren har fabrikken eller lageret sitt (det betyr ikkje lasta opp på transportmiddel ved henting).
Kjøparens ansvar:
FCA (Free Carrier)
Risikoen går over til kjøparen når seljaren har levert vara til fraktføraren utpeika av kjøparen på bestemmelsesstaden.
Seljarens ansvar:
Kjøparens ansvar:
CPT (Carriage Paid To)
Risikoen går over til kjøparen når seljar har levert vara til første fraktførar.
Seljars ansvar:
Kjøpar skal motta vara på avtalt bestemmelsesstad og betale lossekostnader (viss desse ikkje er betalt av seljar).
CIP (Carriage and Insurance Paid To)
Risikoen går over til kjøparen når seljar har levert vara til første fraktførar.
Seljars ansvar:
Kjøparen skal motta vara på bestemmelsesstaden og betale lossekostnadar (viss desse ikkje er betalt av seljaren). Forsikringsbekreftelse bør krevjast.
DAP (Delivered at Place)
Risikoen går over til kjøparen når vara er levert klar for lossing frå transportmiddelet på bestemmelsesstaden.
Seljarens ansvar:
Kjøpars ansvar:
DPU (Delivered at Place Unloaded)
Risikoen går over til kjøparen når vara er levert i ei hamn, flyplass, jernbanestasjon, fabrikk, terminal eller liknande. Tidlegare kalla DAT.
Seljars ansvar:
Kjøpars ansvar:
DDP (Delivered Duty Paid)
Risikoen går over til kjøparen når vara er stilt til disposisjon på avtalt stad i importlandet.
Seljars ansvar:
Kjøpar skal motta vara på avtalt bestemmelsesstad.
FAS (Free Alongside Ship)
Risikoen for vara går over til kjøparen når den er levert ved sida av skipet.
Seljaren skal levere vara til avtalt hamn og klarere den for eksport.
Kjøpar sitt ansvar:
FOB (Free On Board)
Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off blir det tilrådd å bruke FCA.
Seljaren sitt ansvar:
Kjøpar sitt ansvar:
CFR (Cost and Freight)
Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off, blir CPT anbefalt.
Seljar sitt ansvar:
Kjøpar skal motta vara i avtalt bestemmelseshamn betale for lossing (viss desse ikkje er betalt av seljar).
CIF (Cost, Insurance and Freight)
Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off, tilrår å bruke CIP.
Seljars ansvar:
Kjøpars ansvar:
Forsikringsbekreftelse bør krevast.
* ingen krav til forsikring
** krav til forsikring (erstatning fell på kjøpar ved skade/tap under hovedtransporten)
Kontakt oss så hjelper vi deg med rådgjeving rundt transport-, køyretøy- og godsforsikringar.
Jobbar du som handverkar bør du forsikre deg sjølv, dine tilsette, bedrifta sine største eigedelar og sjølve jobben de gjer. Enten du driv som tømrar/snekkar (i eit tømrarfirma), rørleggar, elektrikar eller entreprenør/byggmeister, er det nokre forsikringar du må ha, nokre du bør ha og nokre du kan ha.
Typisk for ein del handverksbedrifter er at dei har tilsette med eigne bilar (med mykje dyrt verktøy) som utfører oppdrag innan sine fagfelt. Brukar vi dette som utgangspunkt er dette forsikringane vi tilrår bedrifta og dei tilsette:
Bedriftsforsikringar | Må ha | Bør ha | Kan ha |
Yrkesskade For bedrifter med tilsette |
✔ | ||
Bil/varebil Du kan velje mellom ansvar, delkasko, kasko og toppkasko. |
✔ | ||
Ansvar - Dekker bedrifta økonomisk og juridisk, ved rettsleg erstatningsansvar |
✔ | ||
Lausøyre/eigedelar - Dekker m.a. bedrifta sine verktøy, maskiner og utstyr |
✔ | ||
Prosjekt (også kalla entreprenørforsikring) - Sikrar verdiane på ein byggeplass |
✔ | ||
Avbrotstap/driftstap - Dekker tap som skuldast driftsstans pga. skade |
✔ | ||
Helse/behandling - Kan hjelpe dei tilsette raskare tilbake i jobb |
✔ | ||
Cyber - Teknisk IT-hjelp ved datainnbrot |
✔ | ||
Gruppeliv - Gir familien økonomisk hjelp viss den tilsette dør |
✔ | ||
Reise - Kan dekke dei tilsette både på jobb- og fritidsreiser |
✔ | ||
Utvida yrkesskade Fritidsulykke Annan sjukdom |
✔ ✔ |
Viss du er sjølvstendig næringsdrivande eller freelancer er du ikkje pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring. Sjølv om det ikkje er pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring kan du framleis bli utsett for yrkesskader, som kan få store konsekvensar både personleg og for bedrifta di.
Ved manglande yrkesskadeforsikring og ein av dine tilsette får ein yrkesskade, kan det få store økonomiske konsekvenser for bedrifta. Arbeidstakaren har rett til å vere dekka mot yrkesskader.
Dersom bedrifta har unnlatt å kjøpe yrkesskadeforsikring, vil arbeidstakaren få dekka si yrkesskade av YFF (Yrkesskadeforsikringsforeninga). YFF har deretter rett til å legge fram regresskrav til deg som arbeidsgjevar.
Produktansvar er eit rettsleg erstatningsansvar som følgjer produktansvarslova. Produktansvaret gjeld for deg som produserer, importerer, marknadsfører, omarbeider eller set ditt namn på eit fysisk produkt. I denne rolla ber du ansvaret viss ein tryggingsmangel eller svikt ved produktet forårsakar ein skade på noko eller nokon.
Det at produktansvaret er eit rettsleg erstatningsansvar, vil også bety at det er ein økonomisk risiko for bedrifter som omfattast av ansvaret. Produktansvarsforsikringa er derfor ei veldig viktig forsikring for bedrifter som produserer og/eller sel produkt.
Kven er ansvarleg som «produsent» etter produktansvarslova?
Ein produsent er ansvarleg for eit produkt etter produktansvarslova viss dei fell inn under ein av følgjande kategoriar:
Teksten over er henta frå lovdata.no og forenkla med hjelp frå ChatGPT. For fullstendig og nøyaktig lovtekst, sjå produktansvarslova på lovdata.no.
Produktansvar er aktuelt for alle som produserer, importerer, bearbeidar eller set sitt namn på eit produkt. Her ber du ansvaret dersom ein tryggleiksbrist eller svikt ved produktet forårsakar ein skade på noko eller nokon. Det vil seie at det er ein økonomisk risiko for bedrifta, og difor ein veldig viktig forsikring for bedrifter som omfattar ansvaret.
Ja, etter norsk lov må du betale skatt på alle personalforsikringane arbeidsgjevar har kjøpt til deg – med unntak av yrkesskadeforsikringa.
I praksis betyr det at prisen på forsikringane leggast til som lønn/tilsettgode i a-meldinga. For verksemda betyr det at forsikringane er innberetningspliktige og skal rapporterast i a-meldinga.
Mva (moms) på forsikring
Forsikringar er rekna som finansielle tenester, og er unntatt meirverdiavgift. Du betaler altså ikkje skatt på forsikringar du sjølv har kjøpt.
Skatt på forsikringsutbetaling
Det er som hovudregel ikkje skatt av forsikringspengar/forsikringsoppgjer. Eit unntak er skatt på utbetalinga av uførepensjon.
Sjå også:
Kva forsikringar kan eg ha gjennom jobben?
Kva forsikring er lovpålagt arbeidsgjevar?
Special Drawing Rights (SDR) («Spesielle trekkrettar» på norsk) er eit internasjonalt betalingsmiddel oppretta av Det internasjonale pengefondet (IMF) i 1969. Ein SDR er ein rett til å byte til utanlandske valutaer.
Kursen på éin SDR (special drawing rights) bereknast ut frå verdien på fem utvalde valutar: amerikansk dollar, euro, kinesisk yuan, japansk yen og britiske pund. SDR-kursen svingar og ligg vanlegvis på rundt 10-11 kroner, men per dags dato (Februar 2025) er den på ca 15 kroner.
Erstatninga bereknast slik:
Transport | Kurs på SDR per kilo |
Norge, alle typar transport | 17,00 SDR |
Landeveg, internasjonalt | 8,33 SDR |
Luft | 17,00 SDR |
Jernbane | 17,00 SDR |
Sjø | 2,00 SDR |