Vel konto du skal betale til eller lag ny mottakar.
Skriv inn beløpet du skal betale. Valutaen er førehandsvalt med bakgrunn i landet du skal betale til. Viss du skal betale eit beløp i NOK som skal overførast til annan valuta, vel du NOK, deretter valutaen som overføringa skal skje i. Vi anbefaler deg å velje valutaen i mottakarlandet viss denne står på lista. Viss ikkje er det lurt å velje EUR til land i Europa og USD til resten av verda. Då blir betalinga billegast og raskast.
Omkostninger blir delt mellom avsendar og mottakar. Vi anbefaler deg å dele omkostningene. Det er den billegaste løysinga for deg og den som skal få pengane. Dersom omkostningene for betalinga ikkje skal bli delt, men bli dekt heilt av avsendar eller mottakar, vel du dette under "Tilvalg".
Bur mottakaren i Norden?
Då kan du vippse!
Skal du sende pengar til Sverige, Danmark og Finland, kan du bruke Vipps!
Å bruke Vipps innad i Norden er like enkelt og raskt som vippsing innanlands: Skriv inn mobilnummeret (hugs landskoden, +46 til Sverige, +45 til Danmark og +358 til Finland), vel person og skriv inn beløp. Du kan òg vippse bedrifter i Norden viss dei har Vippsnummer.
Ting å vere obs på
For å vippse pengar til utlandet, må mottakaren ha valt eit «mottakarkort» i Vipps-appen. (Mottakarkortet ditt er det kortet dei vil pengane skal inn på.)
Å vippse til personar i utlandet kostar deg 4 % av summen som blir vippsa.
Det er beløpsgrensar for utanlandsvippsing: Du kan motta maks 50 000 kroner i løpet av 7 dagar, og maks 250 000 kroner i løpet av 365 dagar.
I Danmark og Finland heiter ikkje tenesta Vipps, men MobilePay.
Betaling i Euro mellom bankar i land som er medlem av EU/EØS. Kostnadar må vere delt mellom avsendar og mottakar. Det må brukast IBAN og SWIFT/BIC ved betaling. 20 kr.
Andre overføringar til konto under NOK 2 000 i annan valuta 50 kr
Andre overføringar til konto over NOK 2 000 i annan valuta 100 kr
Prisane gjeld ved betaling i nettbank for ordinære betalingsoverføringar utan tilleggstenester (sjå alle prisar), og der betaler berre dekker eigne omkostninger.
Bankkode blir brukt i nokre land som ikkje har IBAN. Koden er ulik frå land til land, og bør brukast saman med BIC (SWIFT). Her ser du kva land det gjeld og kva bankkode du skal bruke:
USA har bankkode: FW + 9 tal (kallast Routingnumber, ABA eller Fedwire)
Canada har bankkode: CC + 9 tal (kallast Clearing code)
Sør-Afrika har bankkode: ZA + 6 tal
Australia har bankkode: AU + 6 tal
New Zealand har bankkode: NZ + 6 tal
Hong Kong har bankkode: HK + 3 tal
Prisen for å betale til utlandet kjem an på land, valuta, tid og liknande. Nedanfor finn du pris på dei vanlegaste betalingane. Resten av prisane finn du i prislista.
Når du betaler til utlandet, har du val om å dele kostnadane, at mottakar betaler eller at du som avsendar betaler alle kostnadane. I dei fleste tilfelle anbefaler vi å dele kostnadane, då det blir den rimelegaste løysinga. Merk at mottakars bank kan ta eigne gebyr for overføringa.
Betaling i Euro til EU/EØS: 20 kroner Betaling i annan valuta i og utanfor EU/EØS: 50 kroner
Høgrisikoland vil sei at det er høgare risiko ved å sende og motta betalingar til/frå enkelte land, som gjer at banken er plikta til å utføre forsterka kundetiltak. Banken vil då kontakte dei kundane for å innhente oppdatert informasjon og dokumentasjon på betaling. Du kan lese meir om kvifor eit land er definert som høgrisikoland på knowyourcountry.com
Når du legg inn ei overføring til utlandet, kjem det opp forslag til valuta. Viss du vel å overføre i norske kroner (NOK), må du i tillegg velje kva valuta mottakar skal få pengane i.
Vi anbefaler deg å velje valutaen i mottakarlandet viss denne står på lista. Viss ikkje er det lurt å velje EUR til land i Europa og amerikanske dollar (USD) til resten av verda. Då blir betalinga billegast og raskast. Vær imidlertid merksam på at mottakarkonto kan vere i ein annan valuta enn mottakarlandet sin valuta.
Skal du betale ein faktura, må du betale i valutaen oppgitt på fakturaen dersom den er tilgjengeleg i nettbanken. Dersom det ikkje er mogleg å betale i valutaen som står på fakturaen, bør du avklare med betalingsmottakaren kva av dei tilgjengelege valutasortane du kan betale med.
Betalinga kan då komme i retur, og ofte vil du få mindre pengar enn du sendte på grunn av kursforandringar og kostnadar ved å returnere pengane. Vi kan dessverre ikkje påverke eller refundere dette tapet.
Dei mest vanlege årsakene til at betalinga kjem i retur:
Feil i namn eller adresse til mottakar
Overførsel til feil eller avslutta kontonummer
Ikkje samsvar mellom namn på mottakar og eigar av konto
Feil SWIFT/BIC
Betalinga er gjort i ein valuta mottakar ikkje kan ta imot
Kursar kan du finne i vår valutakalkulator. Kursane er berre rettleiande. Betalinga blir veksla etter den vekslingskursen (marknadskursen) som gjeld på det tidspunktet betalinga blir behandla i betalingssystemet vårt.
Hovudregelen er at det må vere lett for mottakar å identifisere betalingar. Her er det difor lurt å legge inn melding på engelsk om kva betalinga gjeld. Ta med fakturanummer, kundenummer eller liknande.
NB: Skriv du på andre språk enn engelsk, kan du risikere at betalinga stoppar opp og blir forsinka dersom utanlandsk bank ønsker nærare forklaring på meldinga som er lagt inn.
IBAN er ei forkorting for International Bank Account Number, og er det internasjonale kontonummeret ditt som du må bruke når du skal få betalingar frå utlandet eller betale til utlandet.
IBAN finn du enkelt i nettbanken eller mobilbanken med å velje kontoen du ønsker IBAN-nummeret til, og trykker på "Kontoinnstillingar" i nettbanken, eller tannhjulsymbolet øvst i mobilbanken. Du kan også finne IBAN ved å skrive inn kontonummeret ditt her.
Sjekk først at du har skrive riktig. Det skal ikkje vere noko mellomrom. Du kan også sjekke om ditt IBAN stemmer og at du har fått riktig BIC/SWIFT frå mottakar.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}