Mastercard Elite
Som Private Banking-kunde blir du tilbode dei mest eksklusive kredittkorta vårt, som har ei rekke unike fordelar.
Som Private Banking-kunde blir du tilbode dei mest eksklusive kredittkorta vårt, som har ei rekke unike fordelar.
Prisdøme ved utsett betaling: Effektiv rente inntil 31,6 %. Låner du 100.000 over 12 månadar, kostar det 13.749, og du betaler totalt 113.749 kroner.
Våre Concierge Service-rådgjevarar er berre ein telefon eller ein e-post unna. Dei fiksar det du treng til reisa, enten det er å kjøpe billettar eller booke hotellrom, eller du rett og slett ønsker tips til gode restaurantar eller opplevingar dit du skal.
Telefonen er open 8–21 på kvardagar og 9–17 på laurdagar.
Som Private Banking-kunde med SpareBank 1 Mastercard Elite har du ubegrensa tilgang til over 1.800 lounger på flyplassar over heile verda, inkludert OSL Lounge på Gardermoen og Business Lounge på Sola og Flesland.
For å få tilgong må du opprette ein brukar hos LoungeKey og legge inn Elite-kortet i appen. Då bruker du berre kortet eller ein QR-kode i appen for å sleppe inn i loungen.
Omgå køane med Fast Track på 47 flyplassar i Europa. Gå raskare gjennom sikkerheitskontrollen, og få meir tid til å shoppe eller slappe av på flyplassen før avgang.
Med Mastercard Elite får du tilgang til Fast Track mellom anna i London, Brüssel, Barcelona, Roma og Nice.
Fast Track bestille du enkelt hos Mastercard Travel Pass, kor du veljer
flyplass, antal passasjerar og ønska tidspunkt.
Utvida reise- og avbestillingsforsikring: Når minst halvparten av reisekostnadane er betalt med kortet er du automatisk forsikra! Forsikringa dekker også tapt bagasje. Med Elite får du forbetra dekning med høgare forsikringssummar.
Reiseperiode 90 dagar. Inkludert dekning av eigenandel ved skade på leigebil inntil 100.000 kr. Ingen aldersavgrensingar på avbestilling, reisesjuke og heimtransport.
Kjøpsforsikring: Få tilbake pengane viss vara blir heilt eller delvis skada eller går tapt.
Gjeld ved ulykkesskade eller tjuveri. Dekker varer, gjenstandar og kunst betalt med kredittkortet.
ID-tjuveriforsikring: Viss nokon misbrukar identiteten din til å skaffe seg lån, kredittar e.l., får du hjelp med oppryddingsarbeidet og får dekka juridisk bistand inntil 1 million kroner.
ID-tjuveriforsikringa er ikkje inkludert i kortet. Forsikringa kostar 25 kr i månaden, og aktiverast enkelt i mobil- eller nettbanken. Ingen bindingstid.
Med Mastercard Elite får du ekstra god rabatt på leigebil frå Avis.
Meld deg inn i AVIS Preferred og legg inn ditt SpareBank 1 1 Mastercard Elite som betalingskort, og bruk portalen nedanfor når du bestiller leigebil.
Prisdøme ved utsett betaling: Effektiv rente inntil 31,6 %. Låner du 100.000 over 12 månader, kostar det 13.749, og du betaler totalt 113.749 kroner. Produktet blir levert av Kredittbanken ASA.
*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.
Mastercard Elite er det eksklusive metallkortet vårt.
Kontakt din Private Banking-rådgjevar for å søke om kortet.
Minst halvparten av transportkostnaden til reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar.
Du kan òg ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Ved akutt sjukdom eller ulykkesskade kontakte Tryg Alarm på +47 24 24 07 41 eller trygalarm@tryg.no. Tryg Alarm har eigne legar og kontakt med sjukehus og legekontor over heile verda.
Gjeld ved ulykkesskade eller tjuveri. Dekker varer, gjenstandar og kunst betalt med kredittkortet.
Du kan òg ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Eksklusive tilbod på konsertar og arrangement:
I utvalde periodar får du eksklusive spesialtilbod på konsertar og arrangement.
Gjennom Mastercard Priceless får du også tilgang til Mastercard Presale-billettar og Mastercard Preferred-billettar til ei rekke konsertar og opplevingar i både inn- og utland.
Stadig fleire føretrekk å betale i butikken med mobiltelefonen. Alle våre kort kan brukast til mobilbetaling på både iPhone og Android – i Norge og utlandet.
Vel di digitale lommebok og kom i gang:
Kredittkortet ditt har same kode som dei vanlege bankkorta dine hos oss. Har du LOfavør Mastercard, er PIN-koden den du valde då du bestilte kortet.
Viss du ikkje hugsar koden, finn du han under menypunktet Kort i mobilbanken din eller nettbank. Vel det aktuelle kortet, klikk på Val og deretter Vis PIN-kode.
Ja. Vel Overføre, og vel deretter kredittkortet ditt som stad du skal overføre frå.
Pengane blir tilgjengeleg på valt konto med ein gong du har overført.
Merk at tenesta kostar 25 kr + 1 % av beløpet.
Om det kostar noko som helst, avheng av om du tar ut pengane i Norge eller utlandet, og om du tar ut i lokal valuta eller ikkje:
Kontantuttak i utlandet som blir belasta i norske kroner blir prisa som kontantuttak i Norge, og kostar med andre ord 40 kr + 1 % av beløpet. Ta derfor alltid ut i lokal valuta, så slepp du gebyr frå oss.
Har du betalt meir enn halvparten av reisekostnadene med kredittkortet, kan du nytte reiseforsikringa i kortet viss eit uhell skulle oppstå. Her finn du kontaktinformasjon:
Akutt sjukdom eller ulykke
Mindre hendingar
NB: Har du heilårs reiseforsikring hos oss? Meld skade på heilårs reiseforsikring her.
Viss du har mista eller blitt fråstole kredittkortet ditt, må du sperre kortet så raskt som mogleg for å begrense mulegheita for svindel. Etter 48 timar vil vi automatisk sende deg eit nytt kort i posten. Dersom du før dette finn igjen kortet, og du er sikker på at ingen andre har hatt tilgang til det i mellomtida, kan du oppheve sperra på same stad som du sperra kortet.
Viss kredittkortet ditt berre er øydelagt og ikkje fungerer lenger, kan du kontakte oss på 57 82 97 00 for å erstatte kortet med eit nytt. Du kan også velje å sperre kortet for å få tilsendt eit nytt, men merk at du då vil få nytt kortnummer.
Det kostar deg ingenting å få erstatta ditt gamle kredittkort.