LOfavør Kredittkort
Med LOfavørs eige Mastercard har du som er medlem av eit LO-forbund eit kredittkort som gje tryggleik året rundt – på jobben, heime, på reise og ved netthandel.
Med LOfavørs eige Mastercard har du som er medlem av eit LO-forbund eit kredittkort som gje tryggleik året rundt – på jobben, heime, på reise og ved netthandel.
Priseksempel: Effektiv rente 20,5 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.316, og du betaler totalt 16.316 kroner.
Bruker du kredittkort, får du ei tryggare reise. Stikkord her er inkludert reiseforsikring og auka beskyttelse mot svindel.
Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 20,5 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.316, og du betaler totalt 16.316 kroner. Produktet blir levert av Kredittbanken ASA
*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
For å få kredittkortet må du vere medlem i eit LO-forbund, over 18 år og ha norsk fødselsnummer. Du kan ikkje ha betalingsmerknadar.
Minst halvparten av transportkostnaden til reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar. Inntil fire personar – familie eller andre medreisende – er forsikra.
Du er dekt av eigenandelsforsikringa på leigebil når du har betalt heile leigeforholdet med kredittkortet.
Du kan òg ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Ved akutt sjukdom eller ulykkesskade kontakt Tryg Alarm på +47 24 24 07 41 eller trygalarm@tryg.no. Tryg Alarm har eigne legar og kontakt med sjukehus og legekontor over heile verda.
Billettforsikringa dekker billettkostnaden viss medlemmen blir forhindra frå å reise. Dette gjeld billettar til konsertar, sportsarrangement eller opplevingsparkar.
Billettforsikringa dekker inntil 5 billettar og gjeld i heile verda.
Du kan òg ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Kredittbanken ASA (kortutstedar) er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla med grunnlag i avtaleforholdet med korthaldar.
Ei nærare skildring av kortutstedar og behandlinga til banken av personopplysningar finn du underpersonvern.
Du kan kontakte personvernombudet i Kredittbanken på personvern@kredittbanken.no om du har spørsmål rundt personvern og bruk av personopplysningane dine.
Stadig fleire føretrekk å betale i butikken med mobiltelefonen. Alle våre kort kan brukast til mobilbetaling på både iPhone og Android – i Norge og utlandet.
Vel di digitale lommebok og kom i gang:
Med mobilbanken har du full oversikt og kontroll over ditt LOfavør Kredittkort kvar enn du er i verda. Du kan:
Fordelsprogrammet LOfavør gir deg ekstra gode vilkår på mellom anna lån, forsikring og eigedomsmekling. Er du mellom 18 og 34 år, får du ekstra fordelar tilpassa deg.
Om du ikkje hugsar koden på kredittkortet ditt, finn du den under menypunktet Kort i din mobilbank eller nettbank. Vel det aktuelle kortet, klikk på Val og deretter Vis PIN-kode.
Du kan betale inn på kredittkortet når som helst, ikkje berre når du får faktura.
I mobilbanken: Vel kredittkortet ditt i oversiktsbildet. Trykk på knappen Val og deretter Innbetaling til kredittkort.
I nettbanken: Gå til kredittkortet ditt under menypunktet Kort. Klikk på Innbetaling til kredittkort.
Forsikringa gjeld billetter til konsertar, sportsarrangement og opplevingsparkar som du har betalt med LOfavør Kredittkort. Med billettforsikring kan vi dekke billettkostnaden viss du blir forhindra frå å dra.
Billettforsikringa kan dekke inntil 5 billettar og gjeld i heile verda.
Viss du har mista eller blitt fråstole kredittkortet ditt, må du sperre kortet så raskt som mogleg for å begrense mulegheita for svindel. Etter 48 timar vil vi automatisk sende deg eit nytt kort i posten. Dersom du før dette finn igjen kortet, og du er sikker på at ingen andre har hatt tilgang til det i mellomtida, kan du oppheve sperra på same stad som du sperra kortet.
Viss kredittkortet ditt berre er øydelagt og ikkje fungerer lenger, kan du kontakte oss på 57 82 97 00 for å erstatte kortet med eit nytt. Du kan også velje å sperre kortet for å få tilsendt eit nytt, men merk at du då vil få nytt kortnummer.
Det kostar deg ingenting å få erstatta ditt gamle kredittkort.
Vi har bytt ut «Mastercard» med «Kredittkort» i namnet på dei fleste kredittkorta våre som eit første teikn på at vi i løpet av første halvår 2027 byter frå Mastercard til Visa som betalingsnettverk for kredittkorta. Kortet ditt fungerer akkurat som før, ingenting anna enn produktnamnet er endra.
Du vil få meir informasjon om byttet frå Mastercard til Visa når det nærmar seg.
LOfavør Kredittkort leverast av Kredittbanken. Fakturaen får du òg frå dei. Har du spørsmål om kortet eller fakturaen, kontaktar du SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no