Spink – mobilbank for barn og unge

Spink gir barnet ditt oversikt over eigne pengar og forbruk. Heilt gratis å laste ned og bruke. 

Oversikt

Spink gir barnet oversikt over pengar og forbruk.

Læring

Sett opp eigne sparemål, og lær meir om sparing og pengevanar.

Vennebetaling

Barnet kan få og betale pengar med vennebetaling.


Dette kan barnet gjere i Spink

  • Sjekke saldo og sjå kva pengane har blitt brukt til.
  • Betale til vener og familie som foreldre godkjenner.
  • Få vekes- og månadssummar.
  • Be foreldre om pengar.
  • Spare på eigen konto og lage eigen sparemål.
  • Overføre pengar mellom kortet sin konto og barnet sin eigen sparekonto.

For å bruke Spink må barnet ha eiga bankkort frå SpareBank 1.

Les meir om Bankkort for barn og Bankkort for ungdom.

Last ned Spink på mobilen til barnet

Funksjonane som gjer Spink trygg og enkel

Med Spink får barna kontroll på pengar på ein trygg og morosam måte. Sjå dei mest populære funksjonane her.

Med fast overføring vert vekepengane ein enkel og trygg rutine. Du set opp automatisk overføring til barnet sin konto, og slepp å hugse det kvar vek.

Tenesta kan aktiverast både i mobil- og nettbanken under Mine Barn.

Med vennebetaling i Spink-appen har barnet moglegheit til å betale og få pengar frå venner og familie. Før barnet kan betale til andre, godkjenner ein av foreldra mottakaren. Det vil også vere eit maksbeløp for kor mykje pengar som kan overførast kvar veke. Slik får barnet ein smart og sikker løysing for små betalingar i kvardagen.

Tenesta aktiverast enkelt under Min profil i Spink-appen. 

Med Spink blir sparing enkel og motiverande. Barnet får sin eigen sparekonto og kan lage sparemål som gjer det spennande å sjå pengane vokse. Full oversikt, enkel overføring og masse mestre.

Trykk på sparegris-ikonet i Spink-appen, sett opp målet, så er de i gang med sparinga.

Når passar Spink – og når er tida inne for vanleg mobilbank?

Spink er ein trygg start for barn som skal lære å bruke eigne pengar. Når barnet blir eldre og treng fleire funksjonar, som å betale rekningar eller få oversikt over fleire kontoar, er det naturleg å gå over til vår vanlege mobilbank

Kva lurer andre på om Spink?


Banken for barn



Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }