Barnets eigen sparekonto er ein sparekonto for barn frå 6 år som barnet sjølv har ansvar for. Sparekontoen vert oppretta i barnets namn, og pengane høyrer til barnet.
Som forelder får du tilgang til å sjå barnets sparekonto i din mobilbank og nettbank, og kan følge med på sparinga og overføre pengar til og frå kontoen.
Første steg mot eigen økonomi
Å få ansvar for eigne pengar kan vere både spanande og lærerikt. For å gi barnet ein trygg og god start, har vi samla dei produkta barnet treng for å kome i gang. Viss barnet ikkje er kunde frå før, fikser vi det samtidig.
Dette får barnet:
Barnet sin eigen sparekonto
Ein eigen sparekonto der barnet eller ungdommen kan setje inn pengar og spare til noko dei ønsker seg.
Brukskonto med bankkort
Ein brukskonto med bankkort, som barnet eller ungdommen kan bruke i butikk og minibank.
Har barnet nokon av produkta frå før, får de berre dei produkta barnet manglar.
Ta i bruk heile Spink-universet!
Å lære om pengar blir enklare når barnet får prøve sjølv. Med eigen brukskonto, bankkort, sparekonto og Spink-appen får barnet ein trygg og morosam måte å lære om pengar i praksis.
Slik kjem de i gang:
Bestill bankprodukt til barnet
Først må du som forelder bestille bankprodukt til barnet i din nettbank eller mobilbank.
Last ned og aktiver Spink mobilbank
Deretter kan de laste ned appen Spink på barnets mobil. Ein av foreldra må aktivere appen med BankID.
Klar til bruk!
No kan barnet utforske appen, følge med på eigne pengar og sette opp sparemål.
For å gi barna eit godt grunnlag for god økonomi seinare i livet, er det lurt å lære dei om pengar og sparing frå ein tidleg alder. Sparing er ikkje alltid like lett, og når du er liten har du kanskje ikkje så stor forståing for kva ting kostar, eller at du må spare for å kjøpe deg ting.
Viss barnet ditt er yngre enn 6 år, kan du framleis spare til barnet. Som forelder kan du opprette ein sparekonto i barnet sitt namn allerede frå det er nyfødd, eller velje å spare til barnet i ditt eige namn. Uansett kva du veljer, gir det barnet ein god økonomisk start.
Viss sparekontoen står i namnet til ungdommen, vil ungdommen få tilgang til kontoen når hen fyller 18 år. Dette betyr at ungdommen får full kontroll over pengane sine og kan bruke dei som hen vil.
Samtidig mistar du som forelder tilgangen til denne kontoen. Du vil ikkje lenger sjå kontoen i nettbanken din med mindre ungdommen vel å gi deg tilgang til dette.
Har du spart til ungdommen på ein sparekonto i ditt namn, kan du sjølv bestemme når du overfører pengane til ungdommen.
Når du sparer til barn, er det viktig å vurdere om pengane skal sparast i ditt namn eller i namnet til barnet. Her ser du fordeler og ulemper med begge alternativa.
Spare til barnet i ditt namn
Fordelar
Du eig kontoen og disponerer pengane, også etter at barnet blir 18 år. Det er du som bestemmer når pengane skal overførast til barnet.
Det er lett å følge med på og endre sparinga.
Sparing i ditt namn avgrensar ikkje barnet sin monglegheit til å få stipend frå Lånekassen.
Du unngår at Statsforvaltaren tek over forvaltninga av pengane viss sparebeløpet overstig 2 G (1 G = 124.028 kroner).
Ulemper
Pengane blir ein del av buet ditt ved skilsmisse, konkurs eller død.
Kreditorar kan krevje pengane viss du får økonomiske problem.
Viss du vil at gåvepengar skal haldast utanfor, må dette spesifiserast i eit testament.
Viss barnet får pengegåver, må givar stole på at du gir pengane vidare til barnet som lova.
Spare til barnet i namnet til barnet
Fordelar
Kontoen og pengane tilhøyrer barnet.
Pengane blir ikkje ein del av buet viss foreldra skilst eller døyr.
Når barnet fyller 17 år, vil pengane ikkje lenger vere ein del av den skattepliktige inntekta til foreldra og formue.
Ulemper
Når barnet fyller 18 år, får dei full kontroll over pengane og bestemmer sjølv kva dei skal brukast til. Du risikerer at pengane blir brukte opp i kvardagen i staden for å bli spart til bustad eller andre viktige ting.
Viss formuen til barnet er over 2 G (1 G = 124.028 kroner), kan Statsforvaltaren overta forvaltninga av pengane. Dette kan unngåast ved å skrive eit gåvebrev eller testament som seier at barnet, saman med foreldra, skal rå over pengane. Send ein kopi til Statsforvaltaren.
Inntekt og formue kan påverke kor mykje lån som kan bli til stipend når barnet tar høgare utdanning. Viss nettoformuen overstig 534.225 kroner (2026, summen justerast årlig) vil Lånekassen redusere stipenddelen.
Barn kan få BankID frå dei er 12 år. Det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne.
Når dei vaksne har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar. Då kan barnet kome innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort og få BankID.
Ungdom over 15 år kan komme innom eit av våre kontor for å bestille BankID sjølv, om at dei alt er kunde.
Du kan enkelt legge til barnet sin eigen sparekonto. Då kan barnet lage eigne sparemål og sjølv overføre pengar frå kortkonto til sparekontoen.
Foreldre har innsyn og disposisjonsrett, og kan følge med på sparinga i sin eigen mobil- og nettbank. Sidan barnet disponerer kontoen, anbefaler vi at den ikkje blir nytta til pengegåver som foreldre eller gjevar ikkje ønsker at barnet sjølv skal kunne disponere.
Mobilbank kan du få frå du fyller 13 år dersom du har BankID. Er du 12-14 år må BankID bestillast av foreldre eller føresette. Dersom du er 15 år eller eldre kan du komme innom eit av bankkontora våre for å få BankID. Hugs å ta med gyldig pass eller norsk nasjonalt ID-kort.
Spink er vår mobilbank for barn. Har barnet ditt bankkort hos oss, kan de som foreldre laste ned og aktivere Spink på barnets mobiltelefon – eller på deira eiga.
Viss poden er eldre enn 12 år kan han eller ho få BankID for ungdom, og kan då bruke vanleg mobilbank. Er barnet mellom 12 og 15 år er det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne. Når dei vaksne har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar. Då kan barnet kome innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort og få BankID.
Ungdom over 15 år kan kome innom eit av våre kontor for å bestille BankID sjølv, forutsatt at dei alt er kunde.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}