BankID for barn og unge
Barn kan få BankID frå dei er 12 år, men det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnet si vegne.
Ungdom over 15 år kan komme innom oss å bestille BankID sjølv, om dei alt er kunde.
Barn kan få BankID frå dei er 12 år, men det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnet si vegne.
Ungdom over 15 år kan komme innom oss å bestille BankID sjølv, om dei alt er kunde.
BankID er ein enkel og trygg metode for å identifisere og legitimere seg på nett. Det er også noko barn og ungdom kan ha behov for.
Det er nyttig og tidvis også nødvendig for ungdommen å ha ein BankID for å kunne gjere meir sjølv. Døme på situasjonar der det kan vere praktisk å ha BankID er når du skal opprette ein bankkonto, kjøpe kinobillettar og bussbillettar på nett, søke om stipend, logge inn på Helsenorge eller søke på vidaregåande skule.
Dei med foreldreansvar kan bestille BankID for barn og unge mellom 12 og 15 år.
Når dei vaksne har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar. Då kan barnet kome innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort og få BankID.
Ungdom over 15 år kan komme innom eit av våre kontor å bestille BankID sjølv, om dei alt er kunde.
Mange som brukar BankID vil den komande tida bli bedt om å bekrefte identiteten sin i BankID‑appen på mobilen.
Kvifor må dette gjerast?
Det er eit krav frå myndighetene om å kontrollere at du er rett innehavar av din BankID. Ved å skanne (ta bilde av) pass eller nasjonalt ID‑kort i appen, kan vi vere sikre på at BankID er utstedt til rett person.
Det er ingen tidsfrist, og BankID-en din blir ikkje sperra om du ikkje gjer dette umiddelbart. Du held BankID og BankID‑appen som normalt.
Har du utanlandsk pass, ID‑kort eller er under 18 år kan du sjå bort frå meldinga i appen førebels. Det er enno ikkje mogleg å bekrefte identiteten digitalt i desse tilfella. Du vil få meir informasjon når dette blir mogleg.
Kva må eg gjere?
Følg stega som tilrådd i appen. Sørg for at du har gyldig pass eller nasjonalt ID-kort. For å bekrefte identiteten din, må du skanne gyldig pass eller nasjonalt ID-kort i BankID-appen. På den måten kan vi koble saman deg som person og din BankID. Treng du hjelp til å skanne legitimasjonen eller andre steg i prosessen, kan du spør ein du stolar på.
Kan dette vere svindel?
ID‑kontrollen utførast kun inne i BankID‑appen. Du skal aldri bekrefte identiteten din via ein lenke du får i e‑post, SMS eller sosiale medium. Viss du mottek ei melding utanfor appen som ber deg trykke på ei lenke for å bekrefte identiteten din, er det svindel.
Du kan lese meir om ID-kontroll i BankID-appen hos bankid.no
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med oss på 57 82 97 00.
Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får brukt BankID. Dette kan skuldast nettlesaren, BankID-appen, eller at nettbanken er mellombels utilgjengeleg.
Viss du får ei feilmelding som startar med BID, så handlar feilen om BankID.
Du kan nytte same BankID i alle bankar i Norge, og treng ikkje å opprette ein ny om du byter bank eller ønsker å bli kunde hos oss.
Ønsker du BankID hos oss, kan du få det ved å møte fysisk i banken med pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort. Finn bankkontor
Sjå òg:
Utløpt BankID
Har du tasta inn feil BankID-passord for mange gonger, eller BankID er sperra av andre årsaker, må du kontakte oss på 57 82 97 00 for å få opna BankID igjen.
Viss du er over 18 år og har eit norsk fødselsnummer, kan du møte opp i banken med legitimasjon for å få BankID.
Gyldig legitimasjon for å få BankID er pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort. Vi ber om å sjå legitimasjonen din fordi det er eit lovpålagt krav.
Barn kan få BankID frå dei er 12 år. Det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne.
Er du over 18 år og har pass eller ID-kort kan du bestille nytt passord sjølv i BankID-appen.
Slik gjer du:
Du kan også gå inn på denne sida hos bankid.no og skanne QR-koden som deretter opnar BankID-appen for deg.
Dersom du er under 18 år, ikkje har pass/ID-kort, eller har tastet inn feil BankID-passord for mange gonger og fått BankID-en sperra, kan du ringe oss på 57 82 97 00, så hjelp vi deg vidare.
Sjå også:
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no