båt på veg ut i fjorden ein sommarkveld

KUNDEFORDEL

Redningsselskapet

Har du forsikringar hos oss får du gode rabattar hos Redningsselskapet (RS) og ved registreringar i Småbåtregisteret.

Bruk rabattkoden «Fremtind25» ved medlemskap og når du handlar i nettbutikken. Bruk koden «FREMTIND» ved registrering/omregistrering i Småbåtregisteret.

Gratis registrering og omregistrering i Småbåtregisteret.
25 % rabatt for nye RS medlemskap – første året.
15 % rabatt på alt i RS nettbutikken

Om Redningsselskapet

Redningsselskapet har redda liv og verdiar til sjøs sidan 1891. Dei er ein landsdekkande, humanitær foreining som er eigd av medlemmene og har som mål å gjere sjøen trygg for alle. 

Redningsselskapet blir hovudsakleg finansiert gjennom medlemskap, gåver, operasjonelle inntekter, tippemidlar og noko offentleg støtte. Statsstøtta har dei siste åra berre lege på 15%. 

Du kan bli medlem anten du har båt eller ikkje – og støtte Redningsselskapet med å redde liv og skape tryggleik på sjøen.

Sjøvettreglane

Sjøvett, båtvett og sjømannskap – ulike ord som blir knytt til sunn fornuft på vatnet. Her får du ei oversikt over sjøvettreglane, som bidreg til ein trygg og triveleg båttur.

  1. Tenk tryggleik
    Kunnskap og planlegging reduserer risikoen og aukar trivselen.
  2. Ta med nødvendig utstyr
    Utstyret må haldast i orden og vere lett tilgjengeleg.
  3. Respekter vêr og farvatn
    Båten må berre nyttast under eigna forhold.
  4. Følg sjøvegsreglane
    Føresegnene om vikeplikt, fart og lanterneføring må overhaldast.
  5. Bruk redningsvest eller flyteplagg
    Det er påbode å ha på seg flyteutstyr om bord i fritidsbåtar under 8 meter. Fritidsbåtar frå og med 8 meter skal ha eigna flyteutstyr til alle om bord.
  6. Ver utkvilt og edru
    Promillegrensa er på 0,8 når du fører båt under 15 meter, medan for større båtar er promillegrensa på 0,2
  7. Vis omsyn
    Tryggleik, miljø og trivsel er eit felles ansvar.

Om Småbåtregisteret

Småbåtregisteret er Norges største båtregister med over 400.000 registrerte fartøy. Småbåtregisteret er drive av Redningsselskapet, og overskotet frå registeret går til Redningsselskapets arbeid med å styrke beredskap og sjøtryggleik langs kysten.

Ved funn av drivande båtar blir det i mange tilfelle sett i gang større leiteaksjonar. Skulle nokon faktisk ha falle over bord, vil ein båt med registreringsnummer hjelpe redningseiningar å raskt kome i kontakt med pårørande og få viktig informasjon til bruk i søket. Viss båten har slite seg kan båteigar sjølv forhindre ein storstilt og ressurskrevjande redningsaksjon.

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }