Det er mykje å tenke på når du skal kjøpe båt. Lån, forsikring, båtkontrakt, båtplass, vinterlagring osv. Vi har samla nokre tips og råd som kan vere greie å ha med seg når du skal kjøpe ny eller brukt båt.
1. Sjekk båtregistera
Før du kjøper brukt båt kan det vere lurt å sjekke med båtregistera om det er hefte, pant eller anna registrert på båten.
Småbåtregisteret Først bør du sjekke om båten er registrert i småbåtregisteret. Der får du oversikt over eigarforhold og om båten har vore meldt stolen.
Skipsregisteret Fritidsbåtar over 15 meter må vere registrert i skipsregisteret. For fritidsbåtar mellom 7-15 meter er det frivillig å registrere. Sjekk om båten er registrert i Skipsregisteret. I Skipsregisteret kan det vere registrert pant i båten. Dersom båten er registrert, må du hugse å registrere eigarskifte her.
Heftelsar/pant Igjennom kontrakten bør du forsikre deg om at seljar slettar pant herfrå når du har overtatt båten. Det kan også vere lurt å sjekke med Løsøreregisteret i Brønnøysund om det er utlegg eller pant i båten.
2. Sjekk papira som følger båten
Det er fleire papir som bør følge båten. Er desse papira i orden når du kjøper båten, er det også lettare å få selt båten når den dagen kjem.
Skrognummer og CE-merka båt CE-merka båt er eit garantistempel for tryggleik, og gir ein garanti for at båten er produsert i samsvar til strenge krav til helse, miljø og tryggleik. Ein føresetnad for CE-merking er at båten har eit skrognummer (WIN-kode) prega i skroget. Sjekke at båten har eit skrognummer. Dette nummeret gir svar på kven som har produsert båten og når den blei produsert. Skrognummeret skal du finne under fenderlista på akterspegelen på styrbord (høgre) side.
Motornummer og Securmark-nummer Sjekk at motornummeret stemmer med papira som følger båten. Har du både skrognummer, motornummer og Securmarknummer (for båt og motor) kan du kontakte Securmark, så kan dei kvalitetssikre kjøpet for deg.
Samsvarserklæring Samsvarserklæringa er produsenten si erklæring på at alle krav er følgt. Samsvarserklæringa skal følge brukarhandboka som følger med båten.
3. Hent informasjon og prisar
Jo meir informasjon du har om båten jo betre val kan du ta. Det er lurt å lese testar og søke etter informasjon om båten på nettet.
Få hjelp til å vurdere båten før du kjøper Få hjelp av ein fagkyndig person til å gå over båten saman med deg før du kjøper. Ein fagkyndig veit fort kva hen skal sjå etter, og kan avdekke feil og manglar det er umogleg å få auge på sjølv. Avdekkast det feil, kan det spare deg for både tid og pengar.
Samanlikne prisar
Like båtar kan variere mykje i pris. Hugs å ta høgde for ekstrautstyr, slitasje og kor mange timar motoren har gått.
4. Skriv kjøpekontrakt
Når du har bestemt deg for kva båt du har tenkt til å kjøpe er det veldig lurt å skrive kontrakt. Det anbefalast at kontrakta fyllast ut i fellesskap mellom seljar(ar) og kjøpar(ar).
Kjøpekontrakt båt Forbrukerrådet har laga ei oversikteleg og god kontrakt. Du kan velje mellom å:
laste ned kontrakten i PDF, fylle ut felta, printe ut og signere
fylle ut digital kontrakt med digital signering Kvar signatur kostar 20 kr og betalast med Vipps av den som opprettar kontrakten.
Etter utfylling bør kontrakten lesast nøye igjennom av begge partar og signerast. Begge partar bør behalde ein signert kopi kvar.
Dei færraste tener pengar på å eige ein båt, og det er surt å sitte igjen å betale på ein båt i etterkant av at båten er seld igjen. Det finst fleire måtar å finansiere ein båt på.
Båtlån Vi gir båtlån utan skipspant til båtar under 7 meter. Båtar over 7 meter kan registrerast i Skipsregisteret, medan båtar over 15 meter må registrerast i Skipsregisteret. Registrerer du båten din i Skipsregisteret kvalifiserer du til lån med skipspant og du vil også få gunstigare lånevilkår. Båten er sikkerheit for lånet, og må derfor vere kaskoforsikra
Refinansiering eller flexilån Ein annan måte å finansiere båten på er å refinansiere bustadlånet, slik at du bygger båtlånet inn i bustadlånet. Då anbefaler vi å auke innbetalingane i tilsvarande periode som du normalt ville hatt for eit båtlån, elles kan du sitte igjen med å betale meir for båten enn ved eit vanleg båtlån. Ein annan måte å "bake" båtlånet inn i bustadlånet på, er via eit flexilån.
Tips!
Det kan vere smart å betale ned på lånet i takt med verdifallet på båten, slik at du ikkje sit igjen med restgjeld den dagen du skal selje.
6. Forsikring av båten
Ting skjer. Ikkje minst på sjøen. Heldigvis kan du forsikre deg både mot uhell og ubudne gjestar, redning og ferieavbrot. Du kan velje mellom delkasko, kasko og toppkasko. Bruk vår båtforsikring-kalkulator så får du pris på båtforsikringa før du kjøper.
Delkasko dekker ansvar, førar og passasjerulykke, brann, tjuveri og innbrot.
Kasko dekker i tillegg samanstøt, kantring, grunnstøting, synking, brot på mast, feilfylling av drivstoff og ferieavbrot.
Toppkasko dekker i tillegg skade på segl, motor og opplagsutstyr, jolle, samt ny båt ved totalskade.
Søk på nettet eller oppsøk ei hamn eller båtforeining der du kan tenke deg å ha båten din. Populære hamner har ofte lange ventelister, men det kan finnast moglegheiter likevel.
Båtplass Du finn mykje informasjon på nettet, men det er ikkje alltid oppdatert informasjon. Det kan vere lurt å ta direkte kontakt med båtforeininga/-hamna der du ønsker deg båtplass. Sjølv om båtforeininga informerer om full hamn og venteliste, kan det vere medlemmar som har framleige av eigen plass. Sett deg godt inn i hamnereglar, vedtekter, vaktinstruks og anna relevant informasjon. Det kan vere lurt å velje ei hamn som har vaktordning, låsbar grind mot brygga osv.
Registrer båten eller meld eigarskifte Mange båtforeiningar og hamner krev at båten er registrert og forsikra for å få leige/eige båtplass eller legge til i gjestehamn. Hamna eller andre båteigarar kan ha behov for å kome i kontakt med deg som eig båt. Registrerte båtar vil ha synleg registreringsnummer, som gjer det enklare å kome i kontakt med deg. Vi anbefaler å registrere og forsikre båten din. Er båten din allereie registrert må du melde eigarskifte:
Når du vel ei hamn der du kan eige eller leige plass til båten må du finne ut korleis du ønsker å lagre båten gjennom vinteren. Skal du velje utandørs- eller innandørslagring? Er det billigare med opplag der du har hamn eller ein annan stad i nærleiken?
Innandørslagring Innandørslagring er som regel litt dyrare for lommeboka, men det er mange fordelar.
Båten står skjerma for vêr og vind.
Den kan stå mindre tilgjengeleg for tjuveri.
Du slepp å dekke til båten på same måte som når du har båten ståande ute.
Når båten står varmt og tørt får du også større moglegheit til å drive med vedlikehald av båten heile året.
Utandørslagring Ved utandørslagring er det veldig viktig å sikre båten for vêr og vind. Vel ei stødig båtkrybbe og stativ til å ha båten på. Presenningar av dårleg kvalitet må ofte bytast ut kvart år, men dei av god kvalitet vil vare i fleire år. Det er viktig å sikre presenningen godt. Viss presenningen blir ståande og blafre heile vinteren er det større sjanse for at den blir slitt ut.
Alternativet til presenning er krympeplast. Men hugs at både presenning og krympeplast kan revne, tau kan ryke osv. så det er viktig å jamleg sjå til båten over heile vinteren.
9. Vedlikehald og vårpuss
Du får mykje igjen for å vedlikehalde båten. Redningsselskapet har nokre gode råd for vedlikehald før båten vinterlagrast og for vårpussen før du set båten på sjøen igjen:
Med kasko eller toppkasko er båten forsikra når den vert transportert på hengar, men kva med forsikring av sjølve hengaren?
Med forsikring av båthengaren er du dekt for skadar som følge av brann, tjuveri, samanstøyt, utforkøyring, velting og hærverk, samt transport av skada tilhengar til verkstad.
Vi anbefalar at du registrerar båten din uansett størrelse. Viss nokon finn ein tom uregistrert båt flytande på fjorden, må redningsselskapet starte fullt søk etter sakna personar. Det blir fort veldig ressurskrevjande og kostbart. Er båten registrert i småbåtregisteret, er det enkelt å kontakte deg og unngå store leiteaksjonar. Er du kunde hos oss gir vi deg rabatt både på registreringar i småbåtregisteret og medlemskap i redningsselskapet.
Viss du har båtforsikring med toppkasko og båten/vannscooteren er yngre enn 10 år får du dekka:
Skade på båt og motor viss kjølesystemet sluttar å virke.
Plutselege skader på delar som motor, gir, aksling, elektronisk motorstyring og bensinsystem.
I nokre tilfelle må båten/vannscooteren demonterast og undersøkast for å finne ut om vi dekkar skaden. Vi betalar kostnaden for dette viss den er større enn eigenandelen din.
Ja, vi tilbyr forsikring av seglbåt. Seglbåtforsikringa dekker mellom anna:
skade på segl og motor
brot på mast og bom
skade på skrog og kjøl
ny seglbåt ved totalskade
skader under seglbåtregatta
Når du sjekkar pris/kjøper båtforsikring vel du seglbåt på spørsmålet om kva type båt du ønsker å forsikre. Sjekk full oversikt over kva seglbåtforsikringa vår dekker.
For eksempel vil mange mc-eigarar la motorsykkelen stå i garasja i vinterperioden, ein del set båten sin til vinterlagring, og få brukar snøscooteren sin om sommaren. Sidan desse køyretøya vert hyppigare brukt i delar av året, er også risikoen høgare i desse månadene. Prisen på forsikringa varierar derfor med sesong for desse køyretøya, såkalla sesongvariert pris.
Betaler du per månad, betaler du totalprisen for heile året delt på 12 månader. Avsluttar du forsikringa utanom hovudforfall, vil vi avrekne prisen for det tidsrommet du har vore forsikra, som visast i prosent av årsprisen i denne grafen (til dømes båtforsikring):
Sjå eigne tabellar for motorsykkel, moped og snøscooter i forsikringsavtala di.
Lagringsforsikring
Ønsker du å vere forsikra medan båten står i vinteropplag, anbefalar vi å ha forsikring gjennom heile året. Forsikring i vinterperioden er langt billegare enn i høysesongen.
Minikasko er vår billegaste båtforsikring. Den dekker meir enn ansvar, brann, tjuveri, redning, vrakfjerning og lausøyre i båten.
Kasko
Dersom du ønsker å vere dekka for skadar på eigen båt som følgje av til dømes samanstøyt, kantring, grunnstøting og senking må du velje kasko båtforsikring.
Toppkasko
Ønsker du i tillegg dekning for skadar på segl og motor, feriegaranti, tilhøyrande jolle og skade på opplagsutstyr må du velje toppkasko.
Billegare båtforsikring? Ønsker du å gjere båtforsikringa billegare, er det fleire ting som gjer at prisen på kaskoforsikringane blir lågare:
Jo høgare eigenandel du vel, jo billegare båtforsikring
Om ingen under 23 år skal køyre båten
Om du er medlem i redningsselskapet
Om du har fritidsskipparsertifikat eller høgare
Om båten ligg i hamn med organisert vakthald
Om båten er merka med securmark
Om båten har installert FG-godkjent gjenfinningssystem
Pris som følgjer sesongen Hvis du skal vintrelagre båten, kan det vere kjekt å vite at vi har noko som heiter sesongvariert pris. Avsluttar du forsikringen utanom hovudforfall, avregnast prisen for det tidsrommet forsikringen har vore i kraft. Det betyr i praksis at prisen er langt billegare i vintermånadane enn i sommarmånadane. Les meir om sesongvariert pris.
Visste du at ansvarsforsikring på båt er annleis enn på bil? Når du køyrer bil har du eit lovpålagt ansvar for skadar du påfører andre. Det betyr at om ein bil skadar nokon eller noko, spør ein ikkje kven som er skuld i skaden. Bilen er årsak til skaden, og du er dermed ansvarleg. Dette er heilt annleis med båt. Der er båteigar kun erstatningsansvarleg om ein har vore uaktsam eller har direkte skuld i skaden.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}