Veterinærforsikringane dekker utgifter hos veterinæren viss hunden din blir sjuk eller skada. Du kan òg legge til ekstra dekningar, som valpeforsikring, tap av bruksverdi og livsforsikring. Livsforsikring kan òg kjøpast separat viss du berre ønsker denne.
Viss du alt har hundeforsikring hos oss, kan du kontakte oss for å gjere endringar.
Forsikringa gjeld for hendingar som skjer i tida du har forsikring, i heile verda.
Forsikringa dekker ikkje sjukdom eller skade som hunden din hadde før du kjøpte forsikring, eller sjukdom som oppstår i karensperioden når forsikringa er kjøpt ny.
Kor lenge varer forsikringa?
Veterinærforsikringa varer heile livet til hunden.
Livsforsikringa (død, tap og tjuveri) opphøyrer ved første hovudforfall det året hunden fyller 8, 10 eller 12 år. Les meir om varigheit på livsforsikringa.
Dekningar
Sjukdommar og skader
Dekkes av Veterinærforsikring topp
Dekkes av Veterinærforsikring standard
Du kan velje mellom fire forskjellige forsikringssummar; 30-, 40-, 50- eller 75.000 kr. Forsikringssummen går til å dekke veterinærutgiftene og reseptbelagte medisinar. Summen gjeld per år.
Sjå kva sjukdommar og skader som blir dekt av forsikringa
Reseptbelagte medisinar
Dekkes av Veterinærforsikring topp
Dekkes av Veterinærforsikring standard
Fri bruk av online veterinær
Dekkes av Veterinærforsikring topp
Dekkes av Veterinærforsikring standard
Fri bruk av Firstvet (videosamtalar med veterinær) viss det skulle skje noko med hunden din.
Utgreiing, behandling og medisinar til atopi/allergi
Dekkes av Veterinærforsikring topp
Dekkes av Veterinærforsikring standard
Standard
Blir dekt med inntil 15.000 kroner, i løpet av hunden sitt liv.
Topp
Blir dekt inntil valt forsikringssum, per år.
MR- og CT-undersøkingar
Dekkes av Veterinærforsikring topp
Dekkes av Veterinærforsikring standard
Standard
Blir dekt med inntil 15.000 kroner, per år.
Topp
Blir dekt inntil valt forsikringssum, per år.
Tannskade ved ulykke
Dekkes av Veterinærforsikring topp
Dekkes av Veterinærforsikring standard
Tannsjukdomar, melketenner og bittfeil
Dekkes av Veterinærforsikring topp
Dekkes ikke av Veterinærforsikring standard
Dekker behandling av utvalde tannsjukdommar, trekking av melketenner og bittfeil.
Du kan velje fast eigenandel når du kjøper veterinærforsikring til hunden din. Jo høgare eigenandelen du vel jo billigare blir forsikringa:
1.300 kr
2.000 kr
3.500 kr
I tillegg betaler du 20 % av resterande veterinærutgifter. Vi kan foreta direkteoppgjer med klinikkar og veterinærkontor i Norge.
Eigenandelsperiode Ved skade eller sjukdom er det ein eigenandelsperiode på 135 dagar, rekna frå første veterinærutgift. I denne perioden trekker vi berre éin fast eigenandel, uansett kor mange skadar eller sjukdomar som oppstår. Du må alltid betale 20 % av resterande veterinærutgifter.
Aldersfrådrag
For livsforsikringa gjer ein aldersfrådrag på 20 % av utbetalingssummen per år ved første hovedforfall etter hunden fyller 5, 7 eller 9 år, avhengig av hunderase.
Norsk Familieøkonomi testar og samanliknar norske hundeforsikringar, og i siste test fekk hundeforsikring vår terningkast 5. Det blir blant anna trekt fram at vi har testen si lengste varigheit på livsforsikring, ubegrensa antal videokonsultasjonar med veterinær og ei veterinærforsikring som dekker alle viktige punkt.
Stolen/bortkomen hund må meldast til politiet og etterlysast ved annonsering. Vi utbetalar erstatning for bortkomen hund tidlegast 3 månader etter at hendinga er meldt til oss, politiet, og etterlyst ved annonsering.
Vi kan foreta direkteoppgjer med klinikkar og veterinærar i Norge.
Hundeforsikringa dekker ikkje sjukdom eller skade som hunden alt hadde eller som oppstår dei første dagane (kalt karenstid) etter at forsikringa er kjøpt.
20 første dagar: dekker ingen sjukdommar, men dekker skadar som følge av ulykke
60 første dagar: dekker ikkje allergi-, hud- og øyreproblem.
Karenstida gjeld ikkje når forsikringa (tilsvarande dekning) blir flytta frå eit anna forsikringsselskap.
Kor lenge varer forsikringa?
Veterinærforsikringa varer heile livet til hunden.
Livsforsikringa (død, tap og tjuveri) har aldersfrådrag der det blir trekt 20 % av utbetalingssummen per år ved første hovudforfall det året hunden fyller 5, 7 eller 9 år. Dekninga opphøyrer ved første hovudforfall det året hunden fyller 8, 10 eller 12 år.
Hunderase
Aldersfrådrag
Opphøyrsalder
Berner sennenhund, Grand Danois, Irsk Ulvehund, Leonberger,
Newfoundlandshund, Pyrenéerhund, Napolitansk Mastiff og St. Bernhardshund
frå 5 år
8 år
Bichon Havanais, Border Terrier, Cairn Terrier, Chihuahua,
Chinese Crested, Dvergschnauzer, Finsk Lapphund, Finsk Spets, Foxterrier,
Islandsk Fårehund, Jack Russel Terrier, Lhasa Apso, Toypuddel, Dvergpuddel,
Mellompuddel, Kleiner og Grosser Münsterländer, Norrbottenspets, Norsk Buhund,
Papillon, Phalène, Schnauzer, Shih Tzu, Softcoated Wheaten Terrier,
Tibetansk Spaniel, Tibetansk Terrier, Västgötaspets, Welsh Springer Spaniel,
West Highland White Terrier og Whippet
frå 9 år
12 år
Blandingshund og øvrige rasar
frå 7 år
10 år
Online veterinær
Med hundeforsikringa vår får du fri bruk av videosamtalar. Dyktige veterinærar hjelper deg og hunden din viss det skulle skje noko eller du oppdagar noko rart. Tenesta heiter FirstVet og er inkludert i alle våre dyreforsikringar og LOfavør dyreforsikringar.
Viss hunden din gjer skade på andre personar, dyr, eigedom eller eigedelar og du får eit erstatningskrav, kan du vere dekka av ansvarsdekninga i innbuforsikringa di.
Om hunden din for eksempel har øydelagt sofaen din medan den var åleine heime er du dessverre ikkje dekt av verken hundeforsikring eller innbuforsikring.
Hundeforsikring dekker sjukdommar og ulykker som oppstår i tida du er forsikra. Sjukdom og skade som oppstod før du kjøpte forsikring er ikkje dekka. Dersom hunden din ikkje er forsikra frå før er ikkje sjukdom dei 20 første dagane dekt, kun ulykke. Denne perioden kallast karenstid.
Du er dekt for veterinærutgifter innanfor forsikringssummen, minus eigenandel. Du kan sjølv velje både forsikringssum og eigenandel etter dine behov, når du kjøper forsikringa.
Entropion/ektropion er ikkje dekt for rasane: Mops, Boxer, Engelsk- og Fransk Bulldog, eller blandingsrasar der desse inngår.
Cherry eye
Dekkes av Er dekt
Feilstilte augehår
Dekkes av Er dekt
Hofteleddsdysplasi (HD)
Dekkes av Er dekt
Er berre dekt viss både:
hunden har vore samanhengande forsikra med dekning for veterinærutgifter i Fremtind eller eit anna forsikringsselskap frå før hunden fylte 4 månadar.
begge foreldra er røntgenfotografert og avlest i samsvar med NKK’s retningslinjer, med resultat A eller B.
Albueleddsdysplasi (AD)
Dekkes av Er dekt
Er berre dekt viss både:
hunden har vore samanhengande forsikra med dekning for veterinærutgifter i Fremtind eller eit anna forsikringsselskap frå før hunden fylte 4 månadar.
begge foreldra er røntgenfotografert og avlest i samsvar med NKK’s retningslinjer, med resultat 0.
Short ulna
Dekkes av Er dekt
Er berre dekt viss hunden har vore samanhengande forsikra med dekning for veterinærutgifter i Fremtind eller eit anna forsikringsselskap frå før hunden fylte 4 månadar.
Calvé-legg perthes
Dekkes av Er dekt
Er berre dekt viss hunden har vore samanhengande forsikra med dekning for veterinærutgifter i Fremtind eller eit anna forsikringsselskap frå før hunden fylte 4 månadar.
Osteochondrose (OCD)
Dekkes av Er dekt
Er berre dekt viss hunden har vore samanhengande forsikra med dekning for veterinærutgifter i Fremtind eller eit anna forsikringsselskap frå før hunden fylte 4 månadar.
Patellaluksasjon
Dekkes av Er dekt
Er berre dekt viss hunden har vore samanhengande forsikra med dekning for veterinærutgifter i Fremtind eller eit annat forsikringsselskap frå før hunden fylte 4 månadar.
Keisersnitt/fødselshjelp
Dekkes av Er dekt
Er berre dekt ein gong i løpet av hunden sitt liv, gitt at hunden både:
har fylt 20 månadar på behandlingstidspunktet
har vore uavbrutt forsikra med dekning for veterinærutgifter i minst eitt år på behandlingstidspunktet
Er ikkje dekt for rasane: Engelsk bulldog, Fransk bulldog, Cavalier King Charles Spaniel, Mops, Boston Terrier, Chihuahua og Pomeranian eller blandingsrasar der desse inngår.
Kastrering ved sjukdom og skade
Dekkes av Er dekt
Korsbandsskadar
Dekkes av Er dekt
Prolaps
Dekkes av Er dekt
Livmorbetennelse
Dekkes av Er dekt
Jursvulst
Dekkes av Er dekt
Augesjukdomar
Dekkes av Er dekt
Er ikkje dekt for rasane: Shar pei, Chow chow og blandingsrasar der desse inngår.
Øyresjukdomar
Dekkes av Er dekt
Er ikkje dekt for rasane: Shar pei, Chow chow og blandingsrasar der desse inngår.
Hudsjukdomar
Dekkes av Er dekt
Er ikkje dekt for rasane: Shar pei, Chow chow og blandingsrasar der desse inngår.
Tannbehandling/tanntrekking
Dekkes av Er dekt
Veterinærforsikring standard dekker tannbehandling og trekking av tenner ved:
Ulykke skade tenner
Veterinærforsikringa topp dekker i tillegg:
Karies
Emaljedefekt
Tannresorpsjon
Tilbakehaldne melketenner*
Tanncyster*
Tannstilling-og bittfeil*
*Ved tilbakehaldne melketenner, tanncyster eller tannstilling- og bittfeil, må hunden forsikrast før den er fire månader gammal. Ved behov for å rette på tannstilling- eller bittfeil, må det òg finnast ein veterinærattest som blei skriven då hunden var mellom sju veker og fire månader – som er utan anmerking på tenner/bitt.
Ja, hundeforsikring dekker behandling og trekking av tenner i ein del tilfelle, som for eksempel knekt tann på grunn av leik. Du kan anten ha veterinærforsikring standard eller topp.
Veterinærforsikring standard dekker:
Ulykke med tenner
Veterinærforsikring topp dekker i tillegg:
Karies
Emaljedefekt
Tannresorpsjon
Tilbakehalde melketenner*
Tanncyster*
Tannstilling- og bittfeil*
Hundeforsikring dekker ikkje:
Periodontitt
Gingivitt
Lause tenner
Fjerning av tannstein
Følger av tannstein eller sjukdom
Skader som skuldast dårleg tannhelse
*Ved tilbakehalde melketenner, tanncyster eller tannstilling- og bittfeil, må hunden forsikrast før den er fire månader gammal. Ved behov for å rette på tannstilling- eller bittfeil, må det også finnast ein veterinærattest som vart skriven då hunden var mellom sju veker og fire månader – som er utan anmerking på tenner/bitt.
Oversikta er rettleiande. Sjå fullstendige vilkår for detaljar. Har du alt forsikring må du logge inn og sjå kva som gjeld i din avtale.
For at du skal sjå kva hundeforsikringa kostar, treng vi litt informasjon om hunden din. Prisen på ei hundeforsikring avheng blant anna av følgjande faktorar:
kva slags hunderase du har
kva dekningar du ønsker dekning for veterinærbehandling og/eller livsforsikring
om du ønsker å legge til ekstra dekningar Kvalpeforsikring og tap av bruksverdi
kor mykje veterinærdekning du ønsker (30-, 40-, 50- eller 75.000 kr)
kva eigenandel du vil ha (1.300 kr, 2.000 kr eller 3.500 kr)
om du har fleire forsikringar hos oss og kan få samlerabatt
Du kan bruke vår hundeforsikring-kalkulator for å få rettleiing og sjekke pris. Det tar mindre enn 2 minutt.
Rehabilitering er inkludert i topp hundeforsikring. Denne dekninga inkluderer fysioterapi og kiropraktikk som utfører eller blir rekvirert av veterinær.
Etter kirurgiske inngrep kan det ofte vere behov for etterbehandling og rehabilitering av hunden din. Kontinuerleg oppfølging er viktig for at hunden skal kunne oppnå best mogleg funksjon gitt sine føresetnader. Rehabilitering kan også vere nødvendig for hundar med skader som ikkje kan rettast opp med kirurgi. I slike tilfeller kan rehabilitering og trening gi hunden tilbake funksjonen den mista.
Under fysioterapi og kiropraktikk vil veterinæren bruke teknikkar som kan bidra til å redusere smerte og stivheit, auke bevegelserområdet og forbetre muskelstyrken og balansen. Målet med rehabilitering er å auke hunden sin funksjonsevne og livskvalitet.
Rehabiliteringsprosessen kan variere avhengig av tilstanden til hunden, alder og rehabiliteringsbehov. Det kan ta tid og krev tolmod frå di side for å oppnå ønska resultat. Viss hunden ikkje får rehabilitering, kan det føre til at tilstanden forverrast og kan bli vanskelegare eller umogleg å behandle seinare.
Vi anbefaler toppdekninga (der rehabilitering er inkludert) til deg som ønsker å gi hunden din den beste omsorga, spesielt etter ei kirurgisk prosedyre eller ved ein skade. Med toppdekninga kan du vere trygg på at hunden din vil få den hjelpa den treng for å kunne kome nærast mogleg tilbake til sin normale tilstand.
Tap av bruksverdi er ein tilleggsdekning i hundeforsikringen. Den gir erstatning dersom hunden blir livsvarig skada eller sjuk og ikkje kan utføre oppgåver innanfor bruksområdet som er forsikra.
Tap av bruksverdi kan kjøpast for følgjande typar hund:
Ja, vi tilbyr kvalpeforsikring (avlsforsikring) som en valfri tilleggsdekning i hundeforsikringa vår. Kvalpeforsikring gjelder for kvalpekull, frå kvalpane blir fødd til den dagen dei overleverast kjøpar (maks 3 månader). Kvalpeforsikringa dekker kun veterinærutgifter.
Høgste erstatningssum er 6.000 kroner per kvalp, i tillegg til forsikringssummen på tispa. Forsikringa dekker inntil to kvalpekull i løpet av tispa sitt liv.
Kvalpeforsikring kan kun kjøpast viss:
Hunden er forsikra hos oss frå før.
Tispa er ein avlshund.
Kvalpan(e) ikkje er født (men tispa kan godt vere drektig).
I alle innbuforsikringane våre er det inkludert ein privat ansvarsforsikring (kalla privatansvar). Denne dekninga kan gjelde viss du eller andre i husstanden får eit rettsleg erstatningsansvar for skade (innanfor Norden). Ansvarsforsikring kan for eksempel dekke ansvarsskade viss:
Barnet ditt skader naboen sin bil*.
Du syklar* til jobb, og bulkar borti ein bil.
Det er vind, og trampolina di bles inn i naboen sitt hus.
Hunden din angrip ein annan hund i parken.
Du lastar inn i bilen frå ei handlevogn, men slepp den og den triller inn i ein annan bil.
Du køyrer inn i eit butikkvindauge med ein elektriske rullestol.
Du køyrer ein liten båt* og skrapar opp ein annan båt.
Har det skjedd ein ansvarsskade? Ansvarsforsikringa dekker mykje, men den dekker ikkje alt. Det betyr blant anna at viss du ikkje er juridisk erstatningsansvarleg etter ein skade, så dekkar heller ikkje forsikringa kravet frå den andre parten.
Det er òg nokre andre unntak i ansvarsdekninga. Blant anna er du ikkje dekka for ansvar for skader:
på ting du har leigd eller lånt. Viss du for eksempel skader hytta familien har leigd for ferien.
ovanfor eigen familien eller noko som høyrer til ein i nær familie. For eksempel om barnet ditt syklar og skader svigermor sin bil.
ved bruk av motorkjøretøy (men unntak av nokre mindre kjøretøy).
på noko eller nokon utanfor Norden, men då gjeld ansvarsforsikringa i reiseforsikringa.
*Det skal veldig mykje til før barn under 12 år blir erstatningsansvarlege. Sykkel inkluderer både el-sykkel og vanleg sykkel. Båtar inntil 14 fot og 10 hk.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
Blant Norges beste på skadeoppgjer
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}