Katteforsikring har 2 hovuddekningar. Ein for veterinærutgifter og ein for død/tap/tjuveri. Vel du lågare forsikringssum og høgare eigenandel betyr det billegare katteforsikring.
Forsikringa gjeld for hendingar som skjer i tida du har forsikring, i heile verda.
Forsikringa dekker ikkje sjukdom eller skade som katten din hadde før du kjøpte forsikring, eller sjukdom som oppstår i karensstida når forsikringa er kjøpt ny.
Kor lenge varer forsikringa?
Veterinærforsikringa varer heile katten sitt liv.
Livsforsikringa (død, tap og tjuveri) opphøyrer ved første hovudforfall etter katten fyller 12 år.
Dekningar
Død eller avliving
Dekkes ikke av Veterinærforsikring
Dekkes av Livsforsikring
Blir dekt berre for rasekatt.
Tap eller tjuveri
Dekkes ikke av Veterinærforsikring
Dekkes av Livsforsikring
Blir berre dekt for rasekatt.
Sjukdommar og skader
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
Du kan velje mellom fire forskjellige forsikringssummar; 30-, 40-, 50- eller 75.000 kr. Forsikringssummen går til å dekke veterinærutgiftene og reseptbelagte medisinar. Summen gjeld per år.
Sjå vilkår for sjukdommar og skader som vert dekka.
Reseptbelagte medisinar
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
Utgreiing, behandling og medisinar til atopi/allergi
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
MR- og CT-undersøkingar
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
Blir dekt med inntil 15.000 kroner per år.
Tannskade ved ulykke
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
Tannsjukdomar, melketenner og bittfeil
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
Dekker behandling av utvalde tannsjukdomar, trekking av melketenner og bittfeil.
Eigenandel og frådrag
Eigenandel
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
Du kan velje fast eigenandel når du kjøper veterinærforsikring til katten din. Jo høgare eigenandel du vel jo billigare blir forsikringa:
1.300 kr
2.000 kr
3.500 kr
I tillegg betaler du 20 % av resterande veterinærutgifter. Vi kan foreta direkteoppgjer med klinikkar og veterinærkontor i Norge.
Eigenandelsperiode
Ved skade eller sjukdom er det ein eigenandelsperiode på 135 dagar, rekna frå første veterinærutgift. I denne perioden trekker vi berre éin fast eigenandel, uansett kor mange skadar eller sjukdomar som oppstår. Du må alltid betale 20 % av resterande veterinærutgifter.
Aldersfrådrag
Dekkes ikke av Veterinærforsikring
Dekkes av Livsforsikring
Ved utbetaling av livsforsikringa reknar vi erstatninga til kva det ville koste å kjøpe ein tilsvarande katt på skadedagen.
Etter at katten har fylt 7 år gjer ein eit aldersfrådrag frå erstatninga, på 20 % per år. Minimum erstatning er 1.500 kroner.
Fleire fordelar og rabattar
Fri bruk av online veterinær
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes ikke av Livsforsikring
Fri bruk av Firstvet (videosamtalar med veterinær) viss det skulle skje noko med katten din.
Samlerabatt
Dekkes av Veterinærforsikring
Dekkes av Livsforsikring
Vi belønner deg som samlar forsikringane hos oss. Du kan få inntil 15 % samlerabatt på skadeforsikringane dine.
Norsk Familieøkonomi samanliknar og testar norske katteforsikringar, og i siste test fekk katteforsikringa vår terningkast 5. Det blir blant anna trekt fram at vi har testen si lengste varigheit på livsforsikring, ubegrensa antal videokonsultasjonar med veterinær og ei veterinærforsikring som dekker alle viktige punkt.
Med katteforsikringa vår får du tilgang på ubegrensa gratis videosamtalar med dyktige veterinærar dersom det skulle skje noko med katten din. Tenesta heiter FirstVet og er inkludert i alle våre dyreforsikringar og LOfavør dyreforsikringar.
I alle innbuforsikringane våre er det inkludert ein privat ansvarsforsikring (kalla privatansvar). Denne dekninga kan gjelde viss du eller andre i husstanden får eit rettsleg erstatningsansvar for skade (innanfor Norden). Ansvarsforsikring kan for eksempel dekke ansvarsskade viss:
Barnet ditt skader naboen sin bil*.
Du syklar* til jobb, og bulkar borti ein bil.
Det er vind, og trampolina di bles inn i naboen sitt hus.
Hunden din angrip ein annan hund i parken.
Du lastar inn i bilen frå ei handlevogn, men slepp den og den triller inn i ein annan bil.
Du køyrer inn i eit butikkvindauge med ein elektriske rullestol.
Du køyrer ein liten båt* og skrapar opp ein annan båt.
Har det skjedd ein ansvarsskade? Ansvarsforsikringa dekker mykje, men den dekker ikkje alt. Det betyr blant anna at viss du ikkje er juridisk erstatningsansvarleg etter ein skade, så dekkar heller ikkje forsikringa kravet frå den andre parten.
Det er òg nokre andre unntak i ansvarsdekninga. Blant anna er du ikkje dekka for ansvar for skader:
på ting du har leigd eller lånt. Viss du for eksempel skader hytta familien har leigd for ferien.
ovanfor eigen familien eller noko som høyrer til ein i nær familie. For eksempel om barnet ditt syklar og skader svigermor sin bil.
ved bruk av motorkjøretøy (men unntak av nokre mindre kjøretøy).
på noko eller nokon utanfor Norden, men då gjeld ansvarsforsikringa i reiseforsikringa.
*Det skal veldig mykje til før barn under 12 år blir erstatningsansvarlege. Sykkel inkluderer både el-sykkel og vanleg sykkel. Båtar inntil 14 fot og 10 hk.
Det er oss i SpareBank 1 Sogn og Fjordane du kontaktar når du har spørsmål om fakturaen din frå Fremtind, eller ønsker å endre noko på betalinga. Her er dei vanlegaste spørsmåla vi får om fakturaen frå Fremtind.
Kva dekker avbestillingsforsikringa? Avbestillingsforsikring er ei dekning du har gjennom heilårs reiseforsikringa di og reiseforsikringa du har gjennom kredittkortet ditt. Avbestillingsforsikringa gir deg pengane tilbake viss du treng å avbestille ei reise på grunn av uforutsette hendingar, som:
Du, reiseledsager, næraste familie eller nøkkelperson i reisefølge blir råka av alvorleg akutt sjukdom, ulykke eller dødsfall.
Brann, innbrot eller vasskade som krev at du må vere til stades.
Avbestilling av reise, hotell og andre reservasjonar Kontakt flyselskapet, hotellet, reisebyrået eller der du har gjort reservasjonen, og avbestill. Ta vare på stadfesting for eventuelle avbestillingsgebyr du må betale. Sjekk om reiseselskapet dekker noko ved avbestilling.
Be om legeerklæring og annan dokumentasjon Skuldast avbestillinga eigen sjukdom, skaff ei legeerklæring som stadfestar dette. Viss det skuldast annan sjukdom i familien, barn eller nøkkelperson i reisefølge, få ein stadfesting på dette. Viss avbestillinga skuldast andre årsaker enn sjukdom, som for eksempel branntilløp, ulykker og skadar, ta vare på alt som forklarar kvifor reisa måtte avbestillast.
Meld ifrå til forsikringsselskapet Få rettleiing og fyll ut skjema hos forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
Mange aktørar prøver å selje deg ekstra avbestillingsbeskyttelse og avbestillingsforsikring når du kjøper ei reise – hugs at du er godt dekka gjennom avbestillingsforsikringa du har inkludert i reiseforsikringa hjå oss.
Ønsker du ei ekstra god dekning anbefaler vi at du kjøper fleksible billettar.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}