Innbuforsikring ved leige
Er du leigetakar må du ha di eiga innbuforsikring (leigebuarforsikring). Utleigar si forsikring dekker kun bygningen du leiger, men ikkje tinga dine.
Er du leigetakar må du ha di eiga innbuforsikring (leigebuarforsikring). Utleigar si forsikring dekker kun bygningen du leiger, men ikkje tinga dine.
Bedrift? Sjå lausøyreforsikring
Ei innbuforsikring følger den som eig forsikringa, samt familie og barn inntil 20 år. Ein leigetakar vert ikkje rekna som eit fast medlem av ein husstand og er ikkje dekt av utleigar sin innbuforsikring.
Er du under 20 år er du dekt av foreldra dine si innbuforsikring, med mindre du har meldt flytting i Folkeregisteret.
Enten du er student og bur på hybel, leiger leilegheit eller kjøper din første bustad, bør du ha ei innbuforsikring som sikrar tinga dine. Er du under 34 år får du innbu- og reiseforsikring i ein pakke.
Hugs at viss du er medlem av eit LO-forbund har du allereie
Norges beste innbuforsikring i medlemskapet ditt.
Innbuforsikringa di dekker berre deg, din ektefelle/sambuar og andre faste medlemmar av husstanden, med deira innbu. Den dekker ikkje leigetakarar pg tinga deira.
Viss du leiger ut ein møblert del av bustaden din, er desse møblane (innbuet) dekt for brann, vasskade, innbrot og dei fleste andre skadar. Innbuforsikringa di dekker derimot ikkje uhellskadar eller hærverk utført av leigetakar.
Husforsikring
Har du husforsikring hos oss vil du få ei utleigeforsikring knytt til husforsikringa når du melder frå at bustaden din er heilt eller delvis utleigd. Då er du dekt mot skade, ubetalt husleige og omkostningar til utkasting.
Leiger du ut mange bustader eller driv med utleige som næring? Sjå næringsbyggforsikring.
Her kan du laste ned fullstendige vilkår som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Har du innbuforsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Har du hatt uhell eller skade på tinga dine?
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar