Dekker reiseforsikring streik?

Nei, reiseforsikringa dekker ikkje kostnader til overnatting-, avbestilling, transport, forsinkelsar, unytta opphald, arrangement eller andre utgifter knytta til streik. Normalt er det flyselskapa som gir kompensasjon i desse tilfella.

Streik flyselskapet
Dersom det er streik i flyselskapet ditt, kan flygingar enten bli innstilte eller forsinka. Ved streik har du ein del rettar og krav som du kan rette mot flyselskapet. Viss flyginga di står i fare for å bli ramma av streik, er det viktig at du ikkje avbestiller reisa sjølv. Avbestiller du sjølv har du ikkje krav på refusjon, noko du har om du ventar til flyet blir innstilt.

Vi anbefaler deg å ta kontakt med flyselskapet, så vil dei hjelpe deg:
 

Er flyet ditt innstilt, har du krav på:

  • mat og overnatting viss du treng det
  • å få pengane tilbake eller endre reiserute
     

Er flyet ditt forsinka, har du krav på: 

  • Meir enn 2 timar: mat og overnatting dersom du treng det
  • Meir enn 5 timar: få tilbake pengar for reisa dersom forsinkinga gjer at du ikkje får reist

 

Har du bestilt hotell eller feriebustad du ikkje får nytta, og som ikkje kan refunderast bør du ta kontakt med utleigar for å undersøke om det er mogleg å få tilbake heile eller delar av beløpet

 

Har du betalt reisa med kredittkort?

Dersom reisa er betalt med kredittkort, og flyselskapet verken sørgjer for at du får fullført reisa eller refunderar billettpengene, kan du reklamere på kredittkort-transaksjonen.

Du må då kunne dokumentere at du har forsøkt å få kompensasjon frå flyselskapet først.

 

Streik på flyplassen
Er det streik på sjølve flyplassen, er reglane litt annleis. Sjå Forbrukarrådet for meir informasjon. 
 

Sjå også:

Dekker reiseforsikring konkurs?
Dekker reiseforsikring kansellert fly?
Dekker reiseforsikring forsinka transport?
Kva er SmartDelay+?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }