Tips og råd
Båtlån
Funne draumebåten? Søk lån hos oss, og gjer deg klar til å nyte båtlivet.
Funne draumebåten? Søk lån hos oss, og gjer deg klar til å nyte båtlivet.
Vi gir lån utan skipspant til båtar under 7 meter. Båtar over 7 meter kan registrerast i Norsk Ordinært Skibsregister (NOR), medan båtar over 15 meter må registrerast i NOR. Skal du kjøpe båt over 7 meter, må han registrerast i NOR for at vi skal kunne finansiere den.
Prisdøme:
Prisdøme: Effektiv rente 10,45 %, 350.000 kr over 7 år, kostnad 137.838 kr, totalt 487.838 kr
Prisdøme:
Prisdøme: Effektiv rente 8,06 %, 500.000 kr over 10 år, kostnad 222.286 kr, totalt 722.286 kr
Produktselskap: SpareBank 1 Finans Midt-Norge.
Gjennom fordelsprogrammet LOfavør får du ekstra god rente på båtlån hos oss.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytta medlemsfordelane dine best mogleg.
Vil du vere klar til å kjøpe når draumebåten dukkar opp?
Skaff deg eit finansieringsbevis, så veit du kor mykje du har å rutte med.
Eit båtlån blir redusert i takt med at båten blir mindre verd. Aukar du huslånet for å kjøpe båt, er det smart å betale inn litt ekstra kvar månad.
Kvifor? Huslånet er kanskje på 20 eller 30 år. Det er lenge å betale på ein båt.
Har seljar gjeld på båten, kallast dette heftelsar. Med eit båtlån blir gjelda gjort opp, og seljaren får det som blir igjen.
Aukar du bustadlånet for å kjøpe båt, må du sjølv passe på at seljar betaler det han skuldar.
Viss du vil ta opp båtlån, får du svar på timen.
Vil du auke bustadlånet for å kjøpe båtlån, kan det også gå raskt, men det kan ta noko lengre tid dersom nokon har kausjonert for lånet, eller du har fleire eigedommar som sikkerheit for bustadlånet.
Har du ledig sikkerheit i bustaden din, kan det gi deg betre rente enn om berre båten er sikkerheit for lånet.
Kva som lønner seg, kjem an på kor mykje du skal låne, og kor stor båten er.
Det er mykje å tenke på når du skal kjøpe båt. Lån, forsikring, båtkontrakt, båtplass, vinterlagring og meir. Vi har samla nokre tips og råd som kan vere greitt å ha med seg for deg som skal kjøpe båt.
Ting skjer. Ikkje minst på sjøen. Heldigvis kan du forsikre deg både mot uhell og ubudne gjestar. Samlar du forsikringane dine hos oss, kan du få inntil 20 % rabatt.
I tillegg får du full oversikt over både lån og forsikring i mobil- og nettbanken.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For båtar under 7 meter og som ikkje er sikra med skipspant er eigenkapitalkravet minst 20 prosent. For båtar over 7 meter som blir sikra med skipspant vil eigenkapitalkravet bli vurdert individuelt.
Det er ikkje noko grense for alder på båten når du skal skal ta opp eit båtlån.
Det er verd å merke seg at jo eldre båten er, desto viktigare er det at både tilstand og omsetteligheit kan dokumenterast. Du kan òg forvente at kravet til eigenkapital vil vere større jo eldre båten er.
Sjå også
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å låne til båt?
Ja, det kan du! Men du må signere lånedokumenta før du tar med deg båten. Sjølve overtakinga blir ein nærare avtale mellom deg og seljar.
Vi kan sende deg lånedokument for signering før du har sett på båten. Sjølv om du signerer låneavtalen med oss, er du ikkje knytt til handelen før vi har fått signert kjøpekontrakt og/eller salsmelding. Det betyr at du kan ha alt klart før du reiser for å sjå på båten. Dersom han fell i smak kan de skrive kjøpekontrakt, fylle ut salsmelding, og sende inn til oss. Du vil få ein eigen link på e-post der du kan laste opp kjøpekontrakten, eller du kan sende den som vedlegg på e-post. E-postadressa får du tilsendt på sms.
Merk at:
Hugs båtforsikring før du flyttar båten, så er du dekt ved eventuelle transportskadar.
Finansieringsbeviset er gyldig i 60 dagar. Etter 60 dagar kan du be om å få finansieringsbeviset fornya. Då gjer vi ei ny kredittvurdering før ei eventuell fornying.
Minikasko er vår billegaste båtforsikring. Den dekker meir enn ansvar, brann, tjuveri, redning, vrakfjerning og lausøyre i båten.
Kasko
Dersom du ønsker å vere dekka for skadar på eigen båt som følgje av til dømes samanstøyt, kantring, grunnstøting og senking må du velje kasko båtforsikring.
Toppkasko
Ønsker du i tillegg dekning for skadar på segl og motor, feriegaranti, tilhøyrande jolle og skade på opplagsutstyr må du velje toppkasko.
Billegare båtforsikring?
Ønsker du å gjere båtforsikringa billegare, er det fleire ting som gjer at prisen på kaskoforsikringane blir lågare:
Pris som følgjer sesongen
Hvis du skal vintrelagre båten, kan det vere kjekt å vite at vi har noko som heiter sesongvariert pris. Avsluttar du forsikringen utanom hovudforfall, avregnast prisen for det tidsrommet forsikringen har vore i kraft. Det betyr i praksis at prisen er langt billegare i vintermånadane enn i sommarmånadane. Les meir om sesongvariert pris.