Du kan også forsikre bilen hos oss. Då har du full oversikt over både lån og forsikring i mobil- og nettbank. Samlar du forsikringane dine hos oss kan du få inntil 20 % rabatt.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
Kva lurer andre på?
Eit bilkjøp er som regel ei stor investering, og det er nokre ting du bør tenke gjennom før du tar eit billån.
Eige båtlån eller auke bustadlånet?
Det er mange som vel å auke bustadlånet i staden for å ta opp eit eige billån. Det har både fordelar og ulemper. Eit bustadlån har lågare renter enn eit billån, men du vil misse den ledige sikkerheita i bustaden til andre ting, som til dømes oppussing eller til å hjelpe barna inn på bustadmarknaden.
Eigenkapital
Viss økonomien din er god nok til å betale dei månadlege lånekostnadane er det fullt mogleg å få billån utan eigenkapital. Vi anbefaler likevel å stille med noko eigenkapital dersom du har moglegheit til det, då rentene blir høgare om du låner heile kjøpesummen.
Nedbetalingstid
Du bør ta ei vurdering på kor lang nedbetalingstid du skal ha på billånet. Kor lang den bør vere avheng av verdien av bilen. Hos oss får du inntil 10 års nedbetalingstid på billån, men det er lurt å passe på at prisen på lånet ikkje er høgare enn det bilen er verd.
Hugs: For at seljar skal få pengane sine må du signere lånepapira og sende inn ei salsmelding med omregistrering. Når det er gjort utbetalar vi lånet og sørger for at heftelsar blir innfridd. Deretter sender vi deg ei stadfesting på at pengane er utbetalt. Etter det er det berre å hente den nye bilen din – gratulerer!
Kor mykje du kan få i billån, avheng av fleire forhold i økonomien din. Inntekter og utgifter, om du kjøper åleine eller saman med nokon, og om du har barn kan påverke kor stort lån du kan få. Har du noko eigenkapital i form av enten sparepengar eller innbyttebil, kan du låne meir – ofte til ei lågare rente enn om du må låne heile kjøpesummen.
Prøv vår billånskalkulator for å få ein god indikasjon på kva prisen på billånet blir før du søker.
Det er ikkje noko krav om eigenkapital for å få billån. Viss økonomien din er god nok til å betale dei månadlege lånekostnadane er det fullt mogleg å få billån utan eigenkapital.
Låner du heile kjøpesummen må du betale ei høgare rente enn viss du har noko eigenkapital. Du må også passe på at ikkje bilen tapar seg så mykje i verdi at du har meir igjen på lånet når du skal selje den, enn det du får for bilen.
Derfor anbefaler vi å stille med noko eigenkapital dersom du har moglegheit til det.
Ja, det kan du! Men du må signere lånedokumenta før du tar med deg køyretøyet. Sjølve overtakinga blir ein avtale mellom deg og seljar.
Vi kan sende deg lånedokument for signering før du har sett på køyretøyet. Sjølv om du signerer låneavtalen med oss, er du ikkje knytt til handelen før vi har fått signert kjøpekontrakt og/eller salsmelding. Det betyr at du kan ha alt klart før du reiser for å sjå på køyretøyet. Dersom han fell i smak kan de skrive kjøpekontrakt, fylle ut salsmelding, og sende inn til oss. Du vil få ein eigen link på e-post der du kan laste opp kjøpekontrakten, eller du kan sende den som vedlegg på e-post. E-postadressa får du tilsendt på sms.
Merk at:
Registreringsnummer og kjøpesum må vere riktig før du signerer lånedokumenta.
Du kan ikkje legge ut for køyretøyet sjølv og få tilbakebetalt av oss.
Du får ikkje tilbakebetalt omregistreringsavgifta av oss, den er det du som kjøpar sjølv som betaler.
Skulle det bli endring på kjøpesum eller du finn eit anna objekt, er det viktig at du tar kontakt slik at vi får oppdatert lånedokument med riktig informasjon.
Viss seljar har gjeld på køyretøyet kallast det heftelsar.
Viss det er heftelsar på køyretøyet du vil kjøpe, innhentar vi ei slettestadfesting, og brukar lånesummen din til å slette seljar si gjeld. Det som blir igjen, etter at gjelda er betalt, blir overført til kontoen til seljar.
Vi utbetaler ikkje lånet til seljar før vi er sikre på at pantet som er registrert på seljar, er fjerna.
Skal du betale bilen med eigne pengar eller opplåning på bustadlånet, må du sjølv passe på at heftelsar blir sletta. Hugs at ein heftelse følger bilen, ikkje eigaren. Her er det viktig at du får bekrefta at heftelsen vil bli sletta. Du kan sjekke heftelsar hos Brønnøysundregisteret.
Omregistreringsavgift er avgifta du betaler for at bilen eller køyretøyet skal bli registrert på ny eigar. Det er kjøpar som er ansvarleg for at omregistreringa blir betalt, og den skal betalast når salsmedlinga er godkjent. Omregistreringsavgifta betaler du på Statens Vegvesen.
Akkurat kor mykje du må betale avheng av:
type køyretøy (t.d. om det er personbil, bubil eller motorsykkel)
vekta til køyretøyet
kor gammalt køyretøyet er
Skatteetaten har eit verktøy du kan bruke for å sjekke ut kva det kostar å omregistrere bilen. Prøv omregistreringskalkulatoren.
Hugs at du må ha forsikring og EU-kontroll i orden før du betaler omregistreringsavgifta for å unngå gebyr.
Når avgifta er betalt kan kjøpar skrive ut midlertidig vognkort og bruke sin nye bil. Ordinært vognkort får du i posten i løpet av fire til sju virkedagar. Midlertidig vognkort kan du laste ned på Statens Vegvesen.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}