Nokre gongar er det behov for å gjere endringar på lånet. Det kan vere alt frå små ting som å endre trekkdato eller beløp, eller refinansiere bustadlånet.
Gjere endringar på lånet ditt
Sjå kva endringar du kan gjere på lånet ditt – enten du vil flytte bustadlånet til oss, auke lånet eller redusere dei månadlege kostnadene. Du kan gjere mykje sjølv i mobilbanken eller nettbanken.
Eg vil gjere endringar på lånet
Du kan gjere mange tilpassingar sjølv i mobilbanken og nettbanken, som til dømes endre trekkonto eller forfallsdato på lånet, eller auke di faste månadsinnbetaling.
Skal du pusse opp eller gjere andre investeringar på bustaden din? Då kan det vere fornuftig å auke bustadlånet ditt framfor å ta opp eit anna lån med høgare rente.
Har du fleire lån, kan det lønne seg å slå desse saman til eitt lån. Du får då éi rente og éin nedbetalingsplan, og dei månadlege utgiftene dine kan bli lågare.
Viss du vil flytte lånet ditt frå ein annan bank, må du starte med å sende inn ein lånesøknad. Då får vi nødvendig dokumentasjon og kan kontakte deg for eit tilbod. Takkar du ja, ordnar vi resten.
Klarer du å betale avdrag på lånet som du pleier, er dette best. Får du derimot utfordringar med økonomien kan avdragsutsetting vere eit alternativ i ein avgrensa periode.
I nett- og mobilbanken finn du Min bustad. Dette er eit supert verktøy for alle som eig eigen bustad eller som sparer til ein.
Kva lurer andre på?
Verdien på bustaden din vil endrast over tid, og derfor kan det vere lurt å sjekke verdien jamleg. Spesielt viss du vurderer å selje bustaden din eller refinansiere bustadlånet kan det vere viktig å følge med på. Visste du at du kan få ei rask oversikt over estimert bustadverdi ved å bruke Bustaden min i mobilbanken vår?
Eit verdiestimat er mellom anna basert på tidlegare sal på liknande bustader i området og marknadsutviklinga der du bur. Estimatet tek ikkje omsyn til tilstanden på bustaden, særeigenheiter, oppgraderingar eller e-takst. For eit meir nøyaktig estimat kan du kontakte Eigedomsmeklar 1 for verdivurdering av bustaden din.
I Bustaden min kan du i tillegg til estimert bustadverdi finne:
Informasjon om bustaden din, til dømes eigarform, energimerking og byggjeår
Å refinansiere vil seie å gjere endringar på eksisterande gjeld. Her er tre døme på refinansiering av bustadlån:
Du slår saman lån: Har du fleire lån som til saman utgjer mindre enn 90% av verdien på bustaden din, kan du slå saman desse til eitt lån, med éi rente og éin nedbetalingsplan.
Du får lågare rente: Bustaden din har stige i verdi og/eller du har betalt ned så mykje på lånet at du har lågare belåningsgrad og dermed kan få lågare rente.
Auke lånet ditt i banken
Viss du skal pusse opp eller gjere andre investeringar kan du auke lånet du har på bustaden din i dag.
Avdragsfritak vil seie at du i ein periode ikkje betalar avdrag på lånet, berre renter og omkostningar. Du betalar med andre ord berre for kostnadane med å ha lån, og utset nedbetalinga av sjølve lånet. Avdragsfritak kan vere til god hjelp viss du har møtt økonomiske utfordringar som t.d. permisjon, oppseiing eller liknande.
Ver merksam på at når den avdragsfrie perioden er over, aukar summen på dei månadlege innbetalingane. Du kan søke om å få avdragsfritak på både bustadlån, billån og kredittkort.
Prisdøme:
Viss du får 3 års avdragsfritak på eit bustadlån med 15 års løpetid igjen, betalar du mindre per månad dei neste 3 åra sidan du slepp å betala avdrag. Når den avdragsfrie perioden er er over, blir dei månadlege kostnadene høgare enn dei var opphavleg, fordi du no skal betale ned lånet på 12 år i staden for 15. Viss lånet var på 2 millionar kroner med ei rente på 2,65 %, aukar den totale kostnaden med 70 000 kroner.
Som ein hovudregel får du berre innvilga avdragsfritak dersom du har mindre enn 60 prosent belåning. Det vil seie at lånet utgjer maks 60 prosent av bustadverdien.
Du kan enkelt endre kontoen som lånet blir trekt frå i mobilbanken eller nettbanken. Vel lånet du vil endre trekkonto på under "Mine lån" og trykk på "Endre trekkonto". Her kan du endre kontonummer.
Har du flexilån (rammelån) får du ikkje gjort endringa sjølv. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg.
Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ei renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
Du blir vant til ekstra utgifter – og held forbruket lågare.
Du får spart deg opp ein buffer og har pengar i reserve til auka renteutgifter.
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Har du betalt ned mykje på bustaden, gir flexilån, eller rammelån som det òg kallast, ei låneramme du kan bruke som du vil. Pengane disponerer du sjølv i mobil- eller nettbank, og du vel sjølv når og kor mykje du vil betale ned på lånet.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}