Energimerking av bustad
Energimerking er noko du må ha, både ved sal og utleige av bustad. Merkinga skal gjere det enklare for bustadkjøparar og leigetakarar til å ta miljøvennlege val i bustadjakta.
Energimerking er noko du må ha, både ved sal og utleige av bustad. Merkinga skal gjere det enklare for bustadkjøparar og leigetakarar til å ta miljøvennlege val i bustadjakta.
Energimerking er eit miljøtiltak for å vise kor energieffektiv bustaden er, og kva for nokre energikjelder som er brukt i bygget. Målet er å informere potensielle kjøparar eller leigetakarar om kor store straumutgifter ein vil få ved å bu i bustaden.
Du kan skaffe energimerkinga sjølv, med mindre bustaden er heilt ny. Prosessen går ut på at ein ekspert vurderer og rangerer energieffektiviteten på bustaden. Dette blir gjort ved å vurdere faktorar som til dømes isolasjon, oppvarmingssystem, vindauge og ventilasjon.
Resultatet av vurderinga er ein energiattest. Dette gir eigarar og kjøparar informasjon om energiforbruket og moglegheitene på bustaden for energisparing, noko som er viktig både for miljøet og for å redusere energikostnadar.
Frå 1. juli 2010 blei energimerking obligatorisk for alle bustader og hytter som skal seljast eller leigast ut.
Frå januar 2026 fekk Energimerkeordninga ein omfattande oppdatering. Det nye energimerket består av éin karakter, frå A til G, med tilhøyrande fargekode. Dette skal gjere det enklare å samanlikne bygg.
Bustader må fortsatt energimerkast ved sal eller utleige. Har du til dømes solceller, fjernvarme eller andre energieffektive løysingar, kan dette bidra til ein betre energikarakter enn tidlegare. Eit godt energimerke kan gjere bustaden meir attraktiv i marknaden, og kan gi tilgang til gunstigare grøne lån.
Energikarakteren frå A (best) til G (dårlegast) er karakteren på kor mykje energi som krevst for å halde ein stabil innetemperatur, og kva energikjelde som blir brukt.
I 2010 kom det ei forskrift om energimerking med krav om at alle bustader som skal leigast ut eller seljast må utstyrast med eit energimerke og ein energiattest. Formålet med energimerkeordninga er å stimulere til auka merksemd om energitilstanden i bygningar og moglegheitene for å redusere energibruk i bygningar.
Målet er at dei som eig bustadar med dårleg energikarakter skal motiverast til å gjennomføre tiltak for å redusere samla energibruk. I ein marknad der energiprisane aukar vil slike tiltak bidra til reduserte kostnader for forbrukar.
Energiattesten gir deg innsikt i kor energieffektiv bustaden din er. Dersom du gjennomfører tiltak som løftar energikarakteren til ein A eller B, vil du kvalifisere til grønt bustadlån som i dag ville gi deg dei absolutt beste rentevilkåra vi har. Du kan også søke om miljølån for å utbetre bustaden din med energiretta tiltak.
I tillegg vil du eige ein bustad som gir deg låge energikostnader, og ein bustad som er attraktiv på bustadmarknaden.
På enova.no finn du ei rekke tilrådingar, og du kan søke om støtte til energieffektiviserende tiltak.
Send oss ein lånesøknad om du treng å låne pengar for å gjennomføre energitiltak eller annan oppussing, så ser vi på løysingar saman. Bruk fritekstfeltet på slutten av søknaden til å beskrive kva du ønsker å gjere.
Ved bustadkjøp skal energimerke stå på prospektet/bustadannonsa. Kjøper du av utbyggar eller av entreprenør skal du ha ein ekspert-utstedt energiattest som skal ligge klar ved overtaking.
Det er du som eigar av bustaden som er ansvarleg for rett energimerking. Du kan få nokon andre til å energimerke bustaden, men du er juridisk ansvarleg for å sikre at opplysningane som dannar grunnlaget for energiattesten er nøyaktige.
Bygningar står for ein betydeleg del av klimagassutsleppa. Å redusere energiforbruket i bygg er derfor viktig for å kjempe mot klimakrisa. Gjennom målretta tiltak som ENOVA gir støtte til kan du både spare kostnadar og bidra til å redusere dei globale klimagassutsleppa.
Har du energimerke A eller B, har du ein veldig energieffektiv bustad. Det betyr at du får lågare straumrekningar og ein bustad som er attraktiv på bustadmarknaden.