Det er mange fordelar med å gjennomføre energitiltak i heimen:
Du sparar pengar: Ein meir energieffektiv heim gir deg lågare straumrekning.
Det er bra for miljøet: Det at du ikkje brukar meir straum enn nødvendig er godt nytt for miljøet.
Du kan få betre rente på bustadlånet: Bustadar med energimerke A eller B gir ekstra god rente med grønt bustadlån hos oss.
Det kan auke verdien på bustaden: Oppdrageringar og oppussing vil som regel alltid vere eit godt tiltak for å auke verdien på bustaden.
Vi veit at ikkje alle har pengar til å gjere grøne investeringar – derfor vil vi hjelpe folk litt på vegen. Miljølån gir gunstig rente på energibesparande tiltak. Det kallar vi vinn-vinn.
Støtteordningar
Hos Enova kan du få råd om energibesparande tiltak og søke om støtte til å sette dei ut i livet. Mange kommunar tilbyr òg slike støtteordningar.
Ta ein telefon eller sjekk nettsida til heimkommunen din, så kan det hende du får endå meir igjen for den energibesparande investeringa du no gjer i bustaden din.
Er du medlem i eit LO-forbund?
LOfavør Miljølån
LOfavør rente frå 5,29 % (5,61 % eff.)
Vanleg rente frå 5,49 % (5,82 % eff.)
Viss vi krev takst, får du rabatt om du bruker e-takst hos EiendomsMegler 1.
Energimerking er eit miljøtiltak som skal auke medvitet rundt energieffektivisering. Målet er at fleire bustadeigarar skal gjennomføre tiltak for å få meir energivennlige bustader.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
Kva lurer andre på?
Viss du lurer på kva energiklasse huset ditt har, er det fleire måtar å finne ut det på:
Har huset allereie energimerking, og du har bustadlån hos oss, finn du energiklassen under Min Bustad i mobilbanken og nettbanken.
Er ikkje bustaden energimerka endå kan du enkelt gjere dette sjølv på nettsidene til Enova. Her vil du bli guida gjennom prosessen, og når du er ferdig får bustaden ein energiattest.
Verdien på bustaden din vil endrast over tid, og derfor kan det vere lurt å sjekke verdien jamleg. Spesielt viss du vurderer å selje bustaden din eller refinansiere bustadlånet kan det vere viktig å følge med på. Visste du at du kan få ei rask oversikt over estimert bustadverdi ved å bruke Bustaden min i mobilbanken vår?
Eit verdiestimat er mellom anna basert på tidlegare sal på liknande bustader i området og marknadsutviklinga der du bur. Estimatet tek ikkje omsyn til tilstanden på bustaden, særeigenheiter, oppgraderingar eller e-takst. For eit meir nøyaktig estimat kan du kontakte Eigedomsmeklar 1 for verdivurdering av bustaden din.
I Bustaden min kan du i tillegg til estimert bustadverdi finne:
Informasjon om bustaden din, til dømes eigarform, energimerking og byggjeår
Viss du skal stå som byggherre sjølv gjennom heile prosessen, altså at det er du som betalar røyrleggar, elektrikar, tømrar og liknande direkte, bør du ha eit byggelån. Grunnen til det er at då vil du ha behov for å kunne betale rekningar løpande etterkvart som dei forfell. Eit byggelån har noko høgare rente. Det kjem av at det er knytt høgare risiko til slike byggeprosjekter.
Dersom du bruker ein totalentreprenør eller kjøper ein ferdig prosjektert bustad, kan du velje eit vanleg bustadlån. Det føreset at du forheld deg til eitt selskap gjennom heile prosessen byggeprosessen.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}