Fordelar og ulemper med aksjesparekonto
Aksjesparekonto blir beskriven som ein skattegåve du ikkje bør gå glipp av. Kva er fordelane og ulempene med denne kontoen?
Aksjesparekonto blir beskriven som ein skattegåve du ikkje bør gå glipp av. Kva er fordelane og ulempene med denne kontoen?
Sondre Kverneng Nordnes
Spareekspert
SpareBank 1 Forvaltning
Sondre har jobba i SpareBank 1 i elleve år, og har som mål å gjere sparing og investering forståeleg og interessant - slik at endå fleire kan få sparepengane sine til å vekse.

Sparing, Investering, Digitale løysingar
Ein aksjesparekonto er ein konto for deg som vil spare i aksjar, aksjefond og eigenkapitalbevis.
Ein aksjesparekonto består i praksis av tre delar:
Aksjesparekonto gir deg fridom til å kjøpe, selje og byte fond og aksjar utan å betale skatt undervegs. Det betyr at du kan spare som du vil, og plassere pengane på nytt utan å måtte betale skatt. Du betalar først skatt når gevinsten takast ut av kontoen.
Sjå også:
Kva kan eg ha i ein aksjesparekonto hos SpareBank 1 Sogn og Fjordane?
Ja, du får skattefordelar med aksjesparekonto.
Du kan kjøpe, selje og byte aksjar og fond i aksjesparekontoen utan at du må skatte av eventuell gevinst. Du betaler først skatt når gevinsten blir tatt ut av kontoen.
Nokre selskap betalar utbytte til deg som eig aksjar eller eigenkapitalbevis. Utbytte frå aksjar og eigenkapitalbevis skattleggast på lik linje med andre gevinstar. Når utbyttet vert utbetalt, førast det automatisk inn på bankkontoen i din aksjesparekonto. Du må betale skatt på utbyttet du har motteke, men du kan utsetje skatten til du sjølv vel å ta ut meir enn det skattefrie beløpet frå aksjesparekontoen.
Du kan flytte heile eller delar av ein aksjesparekonto til oss i mobil- eller nettbanken.
Vi tar ingen kostnad for å flytte aksjesparekontoen til oss, men nokre aktørar tar eit gebyr når du vel å flytte aksjesparekontoen ut.
Tips: Du må også flytte spareavtalen!
Har du aksjar, eigenkapitalbevis og aksjefond utanfor ein aksjesparekonto som du vil flytte inn i ein aksjesparekonto, må du selje det du har i dag. Når pengane frå salet er kome på konto, kan du kjøpe aksjefond eller aksjar på nytt i aksjesparekontoen.
Hugs at sal av fond og aksjar medfører skattemessig realisering (gevinst eller tap).
For å ta ut pengar frå aksjesparekontoen, må pengane vere på bankkontoen knytt til aksjesparekontoen din.
Har du pengar i dag i aksjefond eller aksjar, må du fyrst selje dei aksjefondene eller aksjane du ønskjer å selje. Det tar inntil seks verkedagar frå salget til pengane blir utbetalt til bankkontoen knytt til aksjesparekontoen.
Bankkontoen finn du i visninga for aksjesparekontoen din i mobilbanken og nettbanken. Her kan du ta ut og setje inn pengar med umiddelbar verknad. Husk at du må betale skatt når du tar ut eit beløp større enn det du har kjøpt aksjefond og aksjar for.
Sjå også
Kva er aksjesparekonto?
For å selje fond i aksjesparekonto, må du gå inn på aksjesparekontoen din i nettbanken eller mobilbanken
Slik går du fram for å selje fond:
Når du sel eit fond på aksjesparekonto, hamnar pengane på bankkontoen knytt til aksjesparekontoen. Grunnen til at det er slik, er at du skal ha moglegheit til å reinvestere pengane dine utan at det går utover det skattemessig frie uttaket ditt.
Etter at du har seld fond, vil det gå inntil seks arbeidsdagar før pengar er tilgjengeleg på kontoen.
Kontoen finn du i visinga for aksjesparekontoen din. Herfrå kan du ta ut og sette inn pengar med umiddelbar verkning.
Aksjesparing med skattefordel.
Få hjelp til å komme i gang.
Kjøp og sel aksjar.
Kort om avkasting
Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
Sida inneheld marknadsføring
Innhaldet er laga som marknadsføring og er verken meint som investeringsråd eller tilrådingar.
Avtalar og retningslinjer
Her finn du informasjon du bør kjenne til før du får investeringsråd eller bruker våre investeringstenester.
Berekraftsmerking av fond
Ønsker du å vite meir om korleis vi merkar fonda?