Sjå for deg aksjesparekontoen som eit velv der du kan samle verdifulle eigendomar, byte dei ut fritt, og la dei vekse utan at skatten aktiverast før du opnar bankkvelvet og tek ut gevinstane.
Kva er ein aksjesparekonto?
Aksjesparekontoen gjer det enkelt å investere i aksjar og fond, og er ein konto for deg som vil spare i:
fond med minimum 80 % aksjeandel
aksjar
eigenkapitalbevis
Rentes rente
Rentes rente-effekten oppstår når du får renter, ikkje berre på beløpet du starta sparinga med, men også på rentene som kvart år blir lagt til det opphavlege sparebeløpet ditt.
Fordelar med aksjesparekonto
Aksjesparekontoen er skattegunstig, noko som gir deg skattemessige fordelar. Du betaler ikkje skatt på gevinst frå sal eller byte av aksjar og aksjefond så lenge pengane er på aksjesparekontoen. Dette gir deg ein utsett skattefordel, som betyr at du kan reinvestere gevinsten din utan å skatte undervegs. Skatt blir først utløyst når du tek ut meir pengar enn du har sett inn.
Rentes rente
Rentes rente-effekten oppstår når du får renter, ikkje berre på beløpet du starta sparinga med, men også på rentene som kvart år blir lagt til det opphavlege sparebeløpet ditt.
Aksjesparekonto gir deg fridom til å kjøpe, selge og bytte verdipapir uten å betale skatt undervegs.
Slik fungerer det
Aksjesparekontoen er som eit bankkvelv:
Aksjesparekontoen er som ditt personlege bankkvelv fylt av aksjar og aksjefond. Så lenge aksjane og fonda dine befinner seg inne i bankkvelvet (på aksjesparekontoen) kan dei vekse i verdi utan at du må betale skatt. Det er først når du tek ut pengar frå kontoen du kan måtte skatte av gevinst.
Innskotet – og skattefritt uttak:
Når du set inn pengar på aksjesparekonto, får du moglegheit til å ta ut pengane du har sett inn, skattefritt. Innskotet er difor grunnlaget for kor mykje du kan ta ut skattefritt seinare.
Verdistiging:
Over tid kan aksjane og fonda du har oppbevart på aksjesparekontoen auke i verdi. Denne auka i verdi (gevinsten) må beskattast, men ikkje før du har teke ut meir enn innskotet ditt.
Kjøp, selje eller byte utan å måtte skatte:
Du kan fritt kjøpe, selje eller byte ut det du oppbevarar på aksjesparekontoen din, for eksempel selje nokre aksjar for å kjøpe nye fond. Så lenge du ikkje tek ut pengar frå aksjesparekontoen, er det ingen som bryr seg om skatten.
Når du ønsker å ta ut pengar:
Tar du ut mindre enn, eller det same som innskotet ditt, utløyser det ingen skatt. Tar du ut meir enn det, må du betale skatt på gevinsten du tar ut.
Børsnoterte aksjefond (ETF-ar) med ein aksjeandel på minst 80 %
Desse verdipapira må vere notert i eller heimehøyrande innanfor EU/EØS-området.
Aksjar og fond som er registrert utanfor EU/EØS, kan ikkje plasserast i ein aksjesparekonto. Dette treng du imidlertid ikkje bekymre deg for – verdipapir som ikkje er tillatt, er automatisk utelatt frå vår sjølvbetente aksjesparekontoløysing i nett- og mobilbanken.
Du kan kjøpe, selje og byte aksjar og fond i aksjesparekontoen utan at du må skatte av eventuell gevinst. Du betaler først skatt når gevinsten blir tatt ut av kontoen.
Nokre selskap betalar utbytte til deg som eig aksjar eller eigenkapitalbevis. Utbytte frå aksjar og eigenkapitalbevis skattleggast på lik linje med andre gevinstar. Når utbyttet vert utbetalt, førast det automatisk inn på bankkontoen i din aksjesparekonto. Du må betale skatt på utbyttet du har motteke, men du kan utsetje skatten til du sjølv vel å ta ut meir enn det skattefrie beløpet frå aksjesparekontoen.
Har du aksjar, eigenkapitalbevis og aksjefond utanfor ein aksjesparekonto som du vil flytte inn i ein aksjesparekonto, må du selje det du har i dag. Når pengane frå salet er kome på konto, kan du kjøpe aksjefond eller aksjar på nytt i aksjesparekontoen.
For å ta ut pengar frå aksjesparekontoen, må pengane vere på bankkontoen knytt til aksjesparekontoen din.
Har du pengar i dag i aksjefond eller aksjar, må du fyrst selje dei aksjefondene eller aksjane du ønskjer å selje. Det tar inntil seks verkedagar frå salget til pengane blir utbetalt til bankkontoen knytt til aksjesparekontoen.
For å selje fond i aksjesparekonto, må du gå inn på aksjesparekontoen din i nettbanken eller mobilbanken
Slik går du fram for å selje fond:
Vel fondet du ønskjer å selje.
Vel "Selg fond" og fyll ut salsskjema.
Når du sel eit fond på aksjesparekonto, hamnar pengane på bankkontoen knytt til aksjesparekontoen. Grunnen til at det er slik, er at du skal ha moglegheit til å reinvestere pengane dine utan at det går utover det skattemessig frie uttaket ditt.
Etter at du har seld fond, vil det gå inntil seks arbeidsdagar før pengar er tilgjengeleg på kontoen.
Nei, det må du ikkje. Når du oppnår gevinst, slepp du å skatte av den så lenge den blir ståande på aksjesparekontoen din. Det betyr at du kan investere dei på nytt utan å måtte skatte først. Spar skatt – du betaler først skatt når du tar gevinsten ut frå kontoen.
Du må betale skatt når du tek ut eit beløp større enn det du har kjøpt aksjefond og aksjar for. I nettbanken og mobilbanken har du full oversikt over aksjesparekontoen, og kva du kan ta ut skattefritt.
Når du sel aksjar eller aksjefond, kan det få betydning for skatten din. Har du selt aksjar eller aksjefond med gevinst, må du betale skatt av gevinsten. Sel du med tap, får du frådrag. Dette vil du sjå i skattemeldinga di neste år.
Skjermingsfrådrag er eit årleg frådrag som gjer at du slepp å betale skatt på ein liten del av gevinsten. Det gjeld for aksjar, aksjefond og aksjedelen av kombinasjonsfond med over 20 % aksjeandel.
Slik fungerer skjermingsfrådrag på ein aksjesparekonto:
Kvar år du eig aksjar og aksjefond over nyttår, opparbeidar du deg eit skjermingsfrådrag. Frådraget blir rekna ut ifrå ein prosentsats (skjermingsrenta) som blir fastsett av Skattedirektoratet éin gong i året.
Frådraget blir lagt som eit «skattefritt uttak» på kontoen, og du kan til kvar tid sjå beløpet du kan ta ut skattefritt i nett- og mobilbanken. Når du tek ut pengar frå kontoen, betalar du berre skatt på den delen som overstig innskudda dine og opparbeida skjermingsfrådrag.
Skjermingsfrådraget gir ikkje ekstra frådrag dersom du har tapt pengar på aksjefond eller aksjar.
Døme på uttak på aksjesparekonto:
Du kjøper aksjar/aksjefond for 10.000 kroner på aksjesparekontoen din, og eig desse over nyttår.
Skjermingsrenta for året blir fastsett til for eksempel 3,5 %, som tilsvarar 350 kroner.
Desse 350 kronene legg seg i "skattefritt uttak" på kontoen.
Den dagen du tek ut pengane med gevinst, vert dei 350 kronene trekt før skatten blir berekna. Du betalar då berre skatt på den delen av gevinsten som er over innskote beløp og skjermingsfrådraget – altså over 10.350 kroner.
Aksjesparekonto skil seg frå aksjar/aksjefond ved at skjermingsfrådraget frå dei enkelte aksjane/fonda, blir fordelt på heile kontoen. Skjermingsgrunnlaget blir sett til lågaste innskotssaldo i løpet av året, i tillegg til eventuell ubenytta skjerming frå tidlegare år.
Skjermingsfrådraget blir nytta først når du flyttar pengar ut av kontoen.
Ein aksjesparekonto kan kun gi i gåve i si heilheit. Dersom du ønsker å dele aksjesparekontoen på fleire barn, eller kun ønsker å skille ut delar av kontoen, må du først opprette ny(e) aksjesparekonto(er) i ditt eige namn, før du kan flytte kontoen. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg med å overføre aksjesparekontoen (gåva) korrekt.
Det er ei viss risiko knytt til å spare i fond, som betyr at du kan tape pengar. Når du sparar i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkastning enn ved andre spareformer.
Risiko
Risikoen i eit fond seier noko om kor mykje du kan forvente at fondet svingar i verdi. Fond med høgare risiko vil svinge meir over tid, men kan også gje høgare forventa avkastning.
Det betyr at dersom du ønsker at sparepengane dine skal vekse mykje i verdi, må du tole periodar med store verdisvingningar, sjølv om dette kan gje negativ verdi i periodar. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Kor lenge du skal spare, påverkar kor stor risiko du bør ta for sparepengane dine. Skal du spare lenge kan du tole å ta høgare risiko, fordi du gir sparinga di betre tid til å ta igjen periodar med verdifall. Har du derimot ein kort sparehorisont, bør du velje fond med lågare risiko.
Aksjeandelen bestemmer
Aksjar kan gje høg avkastning, men inneber altså ei viss risiko. Størrelsen på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkastning. Å eige aksjar i fond gir lågare risiko enn å eige aksjar i berre eitt selskap. Fordi eit fond kjøper bitar av mange forskjellege selskap blir risikoen meir spreidd. Viss eit selskap gjer det dårleg treng du ikkje merke noko til det, fordi det kan gå bra med alle dei andre.
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
Skal du spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit midlertidig fall i aksjemarknaden. Faktisk kan det vere ein fordel – no kan du kjøpe billege aksjar, som kan stige i verdi når marknaden går oppover igjen. Ein gyllen regel for aksjeinvesteringar er å kjøpe når det er billeg og selje når det er dyrt. Pengar tent!
Har du derimot dårleg tid, eller er avhengig av å kunne ta ut pengane dine på kort varsel, vil det same fallet i aksjemarknaden kunne slå uheldig ut. Du sel deg ut på eit dårleg tidspunkt, fordi du ikkje har tid til å vente på den neste positive utviklinga i marknaden. I verste fall kan du tape pengar.
Is i magen lønner seg, og på sikt har marknaden historisk alltid gått oppover.
Kort om avkastning Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}