FOND FORKLART
Fond – det beste valet!
Når du har valt å investere i fond, har du tatt det beste valet for pengane dine når du skal spare langsiktig.
FOND FORKLART
Når du har valt å investere i fond, har du tatt det beste valet for pengane dine når du skal spare langsiktig.
Eit fond er ei samling verdipapir, som for eksempel aksjar i børsnoterte selskap
Du kan sjå på fond som eit spleiselag. Når du sparer i eit fond, kjøper du ein liten del av fondet. Dette betyr at du eig ein liten del av alle investeringane fondet gjer.
Eit fond er investert i mange selskap, ofte innanfor forskjellige bransjar og med ulik geografisk fordeling.
Enkelt forklart, når du sparer i fond, spreier du investeringa di på mange ulike selskap. Kjøper du ei aksje i eit selskap, får du altså ein liten eigardel i dette selskapet.
Blomsterpottene nedanfor representerer ulike aksjar, kvar i si eiga potte. Vel du å investere i fond, får du ein variert bukett sett saman i ei kurv.
Diversifisering er å spreie investeringane dine for å redusere risiko.
Diversifisering betyr å spreie investeringane på tvers av ulike typar fond, bransjar og land for å redusere risiko. Tanken er at om éi investering går dårleg, kan andre investeringar gå bra og balansere ut tapa.
Målet er å ha ein balansert portefølje, som toler forskjellige marknadsforhold og gir ulike svingingar.
Det finst tre hovudtypar fond: aksjefond, rentefond og kombinasjonsfond.
Aksjefond passar for deg med lang sparehorisont, gjerne 10 år eller meir, som ønsker høg avkasting og tåler verdisvingingar. Fondet investerer i mange børsnoterte selskap på tvers av bransjar og geografiske område, som gir brei risikospreiing.
Rentefond er eit tryggare val for kortare sparehorisonter eller for deg som ønsker mindre svingingar. Rentefond investerer i ulike typar obligasjonar. Når du sparar i rentefond, låner du i praksis bort pengane dine og tener på rentene som selskapa betaler.
Kombinasjonsfond er ei blanding mellom aksje- og rentefond, der du basert på din eigen tidshorisont, toleranse for svingingar og avkastingsforventing kan velje den spareprofilen som passar deg best.
Aksjefond kan i hovedsak delast inn i to kategoriar – aktivt forvalta fond og indeksfond.
Fond kan vere aktivt eller passivt forvalta.
Ja, det kan du! Det er ingen bindingstid på sparing i fond. Du kan selje fondsandelar når du sjølv ønsker det.
Hugs på at overføring eller sal av fond kan gi skattemessige konsekvensar.
Når du har kjøpt eller selt fond, ser du dette med ein gang i ordrehistorikken for behaldninga di på fondsinformasjonen i nettbanken og mobilbanken. Der ligg salet eller kjøpet som ei eiga linje med status, til dømes under registrering eller til behandling. Når kjøpet er gått gjennom, vil du sjå fondsnamnet og marknadsverdi under behaldninga i visninga mine fond.
Frå du sel dine fondsandelar tar det fire til seks virkedagar før du har pengane på konto.
Når du sparer på konto får du renter på beløpet du har på kontoen. I fond kallast dette for avkasting.
Forventa avkasting seier noko om kor mykje du får tilbake for investeringane dine, og er basert på avanserte reknestykke og historiske data.
Storleiken på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkasting for det fondet. Eit aksjefond med 100 % aksjar har ein forventa høgare avkasting enn eit rentefond, men inneber altså ein viss risiko.
God tid er nøkkelen til trygg sparing i fond. Jo lenger tidshorisont du har, jo høgare andel aksjar kan du ha utan at risikoen aukar. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer.
Sjå også
Kva er fond?
Kan eg tape pengar på å spare i fond?
Kva er aksjefond og rentefond?
Kva er indeksfond?
Det er ei viss risiko knytt til å spare i fond, som betyr at du kan tape pengar. Når du sparar i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkastning enn ved andre spareformer.
Risiko
Risikoen i eit fond seier noko om kor mykje du kan forvente at fondet svingar i verdi. Fond med høgare risiko vil svinge meir over tid, men kan også gje høgare forventa avkastning.
Det betyr at dersom du ønsker at sparepengane dine skal vekse mykje i verdi, må du tole periodar med store verdisvingningar, sjølv om dette kan gje negativ verdi i periodar. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Kor lenge du skal spare, påverkar kor stor risiko du bør ta for sparepengane dine. Skal du spare lenge kan du tole å ta høgare risiko, fordi du gir sparinga di betre tid til å ta igjen periodar med verdifall. Har du derimot ein kort sparehorisont, bør du velje fond med lågare risiko.
Aksjeandelen bestemmer
Aksjar kan gje høg avkastning, men inneber altså ei viss risiko. Størrelsen på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkastning. Å eige aksjar i fond gir lågare risiko enn å eige aksjar i berre eitt selskap. Fordi eit fond kjøper bitar av mange forskjellege selskap blir risikoen meir spreidd. Viss eit selskap gjer det dårleg treng du ikkje merke noko til det, fordi det kan gå bra med alle dei andre.
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
Skal du spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit midlertidig fall i aksjemarknaden. Faktisk kan det vere ein fordel – no kan du kjøpe billege aksjar, som kan stige i verdi når marknaden går oppover igjen. Ein gyllen regel for aksjeinvesteringar er å kjøpe når det er billeg og selje når det er dyrt. Pengar tent!
Har du derimot dårleg tid, eller er avhengig av å kunne ta ut pengane dine på kort varsel, vil det same fallet i aksjemarknaden kunne slå uheldig ut. Du sel deg ut på eit dårleg tidspunkt, fordi du ikkje har tid til å vente på den neste positive utviklinga i marknaden. I verste fall kan du tape pengar.
Is i magen lønner seg, og på sikt har marknaden historisk alltid gått oppover.
Sjå også
Sparing i fond:
Kort om kjøp og sal av aksjar
Kva er forventa avkastning på fond?
Kort om avkastning
Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
For deg som handlar fond og verdipapir