Legg inn beløp og konto du ønsker å betale fondskjøpet frå. Les vilkåra og bekreft.
Gratulerer!
Du har no kjøpt fond.
Slik sel du fond
1 av 6
Steg 1 Velg konto
Steg 2 Velg fond
Steg 3 Selg fond
Steg 4 Velg beløp
Steg 5 En siste sjekk
Steg 6 Kvittering
Vel konto under Min sparing
Vel kontoen du ønsker å selje frå.
Vel fond
Vel fondet du ønsker å selje.
Sel fond
Vel sel fond, under snarvegar.
Vel sum
Vel beløpet du ønsker å selje for, og dato du skal selje.
Ein siste sjekk
Sjå over og bekreft salet.
Kvittering
Du har no gjort eit fondssal. Pengane kjem på kontoen etter nokre dagar.
Slik byter du fond
1 av 6
Steg 1 Velg konto
Steg 2 Velg fond
Steg 3 Velg bytt fond
Steg 4 Velg beløp
Steg 5 En siste sjekk
Steg 6 Bekreftelse
Vel konto under Min sparing
Vel kontoen du ønsker å byte fond på.
Vel fond
Vel fondet du ønsker å byte frå.
Byt fond
Vel byt fond, under snarvegar.
Vel sum og nytt fond
Vel beløp du ønsker å selje for, og kva fond du ønsker å byte til.
Ein siste sjekk
Sjå over og bekreft.
Gratulerer!
Du har no bytta fond.
Kva lurer andre på?
Skal du spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit midlertidig fall i aksjemarknaden. Faktisk kan det vere ein fordel – no kan du kjøpe billege aksjar, som kan stige i verdi når marknaden går oppover igjen. Ein gyllen regel for aksjeinvesteringar er å kjøpe når det er billeg og selje når det er dyrt. Pengar tent!
Har du derimot dårleg tid, eller er avhengig av å kunne ta ut pengane dine på kort varsel, vil det same fallet i aksjemarknaden kunne slå uheldig ut. Du sel deg ut på eit dårleg tidspunkt, fordi du ikkje har tid til å vente på den neste positive utviklinga i marknaden. I verste fall kan du tape pengar.
Is i magen lønner seg, og på sikt har marknaden historisk alltid gått oppover.
Du kan når som helst selje heile eller delar av fondet ditt i nettbanken eller mobilbanken. Der kan du velje mellom å selje fond som står på ein aksjesparekonto, eller fond frå porteføljekontoen din.
Slik går du fram for å selje fond:
Vel konto, anten aksjesparekonto eller spareportefølja di.
Vel fondet du ønsker å selje.
Vel om du skal selje alt, oppgi eit beløp eller oppgi andelar som du vil selje
Vel salsdato
Sjå over og bekreft
Etter at du har selt fond, vil det gå inntil seks arbeidsdagar før pengar er tilgjengeleg på kontoen. Sal av fond frå ein porteføljekonto medfører skattemessig realisasjon (gevinst eller tap).
Porteføljekonto
Ein porteføljekonto er ein konto der du kan ha alle typar fond, både rente- og kombinasjonsfond og aksjefond.
Når du kjøper og sel eit fond, vil verdien kunne endre seg etter at du har trykt kjøp eller sal. Dette er fordi kursen blir sett til faste tidspunkt. Verdien vil endre seg fram til sluttkurs for dagen er sett.
Nasjonale fond:
Ved kjøp og sal før klokka 09:45 får du dagens sluttkurs.
Ved kjøp og sal etter klokka 09.45 får du morgondagens sluttkurs.
Internasjonale fond:
Ved kjøp og sal før klokka 09:45 får du morgondagens sluttkurs.
Ved kjøp og sal etter klokka 09.45 får du sluttkursen som blir sett om to dagar.
Når du har kjøpt eller selt fond, ser du dette med ein gang i ordrehistorikken for behaldninga di på fondsinformasjonen i nettbanken og mobilbanken. Der ligg salet eller kjøpet som ei eiga linje med status, til dømes under registrering eller til behandling. Når kjøpet er gått gjennom, vil du sjå fondsnamnet og marknadsverdi under behaldninga i visninga mine fond.
Frå du sel dine fondsandelar tar det fire til seks virkedagar før du har pengane på konto.
Ein realisasjon er når du sel aksjar eller fond med gevinst eller tap.
Gevinst ved realisasjon av aksjar eller fond er skattepliktig. På same måte er tap frådragsgodkjent.
Dette gjeld ikkje viss du sel innanfor ein aksjesparekonto. Då kan du kjøpe, selje og byte fond og aksjar, utan å skatte av gevinsten du har oppnådd først.
Du kan velje mellom aksjefond, indeksfond, rentefond eller kombinasjonsfond.
Aksjefond: Eit aksjefondbestår av eigardelar i fleire børsnoterte selskap. Dette betyr at du ved å investere i eit aksjefond indirekte eig aksjar i dei ulike selskapa som fondet har investert i. Bedrifta tener pengar viss den samla verdien av selskapa i fondet stig. Aksjefond passar for deg som ønsker høg avkasting, skal spare i 10 år eller meir, og toler at sparepengane dine svingar ein del.
Aksjefond kan vereindeksfondelleraktivt forvalta fond. Her kan du lese meir om forskjellen på aktivt forvalta fond og fond som følger ein index.
Rentefond: Ved å spare i rentefond lånar du i praksis bort pengane dine til fleire selskap. Du tener pengar på renta som selskapa betalar på lånet. I eit rentefond tener ein ikkje like mykje som i eit aksjefond, men det er ein meir føreseieleg spareform fordi risikoen er låg.
Eit kombinasjonsfond består av både aksjefond og rentefond. Fondet passar for deg som ønsker å tilpasse kor stor risiko du ønsker å ta. Jo høgare aksjeandel kombinasjonsfondet har, jo høgare er forventa verdistigning på sparepengane. Kombinasjonsfond som har meir enn 80 prosent aksjeandel kan du kjøpe innanfor aksjesparekonto, viss ikkje kjøpast det i den ordinære fondsløysinga.
Når du sparer på konto får du renter på beløpet du har på kontoen. I fond kallast dette for avkasting.
Forventa avkasting seier noko om kor mykje du får tilbake for investeringane dine, og er basert på avanserte reknestykke og historiske data.
Storleiken på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkasting for det fondet. Eit aksjefond med 100 % aksjar har ein forventa høgare avkasting enn eit rentefond, men inneber altså ein viss risiko.
God tid er nøkkelen til trygg sparing i fond. Jo lenger tidshorisont du har, jo høgare andel aksjar kan du ha utan at risikoen aukar. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer.
Det er ei viss risiko knytt til å spare i fond, som betyr at du kan tape pengar. Når du sparar i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkastning enn ved andre spareformer.
Risiko
Risikoen i eit fond seier noko om kor mykje du kan forvente at fondet svingar i verdi. Fond med høgare risiko vil svinge meir over tid, men kan også gje høgare forventa avkastning.
Det betyr at dersom du ønsker at sparepengane dine skal vekse mykje i verdi, må du tole periodar med store verdisvingningar, sjølv om dette kan gje negativ verdi i periodar. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Kor lenge du skal spare, påverkar kor stor risiko du bør ta for sparepengane dine. Skal du spare lenge kan du tole å ta høgare risiko, fordi du gir sparinga di betre tid til å ta igjen periodar med verdifall. Har du derimot ein kort sparehorisont, bør du velje fond med lågare risiko.
Aksjeandelen bestemmer
Aksjar kan gje høg avkastning, men inneber altså ei viss risiko. Størrelsen på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkastning. Å eige aksjar i fond gir lågare risiko enn å eige aksjar i berre eitt selskap. Fordi eit fond kjøper bitar av mange forskjellege selskap blir risikoen meir spreidd. Viss eit selskap gjer det dårleg treng du ikkje merke noko til det, fordi det kan gå bra med alle dei andre.
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
Rentes rente oppstår når du får renter, ikkje berre på beløpet du starta sparinga med, men også på rentene som kvart år blir lagt til det opphavlege sparebeløpet ditt.
Dette kallast òg rentes rente-effekten, ettersom du får renter (gevinst) både på sparepengane du har sett inn og på allereie oppnådd gevinst. Når du sparar i fond vil det seie avkastning på avkastninga.
Døme: Viss du sparar i aksjefond, kan beløpet ditt i gjennomsnitt doble seg omtrent kvart tolvte år (før skatt og prisstigning), basert på ei forventa årleg avkastning på 6,25 prosent. Dette skuldast rentes rente-effekten og korleis du kan oppnå avkastning på avkastninga. Les meir om utrekninga og formelen på rentes rente-effekten her.
Kort om avkastning Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
Aksjesparekonto gir deg fridom til å kjøpe, selje og byte fond og aksjar utan å betale skatt undervegs.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}