FOND FORKLART
Slik blir du ein god sparar
Kvifor sparer du? Og korleis skal du nå målet ditt? Ein spareplan hjelper deg å oppnå det du vil med sparinga di.
FOND FORKLART
Kvifor sparer du? Og korleis skal du nå målet ditt? Ein spareplan hjelper deg å oppnå det du vil med sparinga di.
Spareplanen din viser korleis du kan nå målet ditt, gir deg ein klar retning og hjelper deg å halde deg på sporet.
Tidshorisonten er viktig – jo lenger du sparer, desto betre resultat kan du oppnå. Pengane dine kan vekse over tid, og du kan nå dine økonomiske mål.
Hugs, eit mål utan ein plan er berre eit ønske.
Dersom du startar å spare når du er 20 år, kan du fordele sparinga over 30 år for å nå målet ditt. Sparar du 1000 kroner per månad i 30 år, kan det bli til 1 million kroner når du er 50!
Viss du derimot startar å spare når du er 40 år, har du kun 10 år på å spare for å nå ein million. Då må du spare over 6000 kroner per månad for å nå målet.
| Antall år du sparer |
Månadleg sparebeløp |
Verdi på sparinga di* |
| 30 år | 900 kroner | Ca 1 million kroner |
| 20 år | 2050 kroner | Ca 1 million kroner |
| 10 år | 6000 kroner | Ca 1 million kroner |
* Utrekninga baserar seg på 6,50 % årleg gjennomsnittleg avkastning, i tråd med norsk bransjestandard. Berekna utvikling er før skatt, kostnader og prisstigning.
Sjå kor mykje sparinga kan gi, eller kor mykje du må spare kvar månad for å nå eit bestemt sparemål.
Start med å få oversikt over økonomien din – inntekt, kostnadar og gjeld. Lag eit budsjett for å sjå kva som er igjen etter utgiftene. Etter at alt er betalt, kan du spare det som er igjen.
NB: Hugs å ha ein buffer før du begynner å spare i fond.
Definer kva du sparer til og kva du ønsker å oppnå!
Om målet er å sikre ein trygg kvardag som pensjonist, må du finne beløpet du treng og når du skal bruke pengane – kanskje 1 million kroner om 15 år? Dette gir deg betre innsikt i kor mykje du bør spare, kva risiko du kan ta og tidsramma for sparinga.
Skal du få pengane dine til å vekse må du ta litt risiko. Ønsker du 500.000 kroner til hytte om 10 år, har du tid til å la pengane vekse, og aksjefond kan vere eit godt val. Viss du derimot treng pengane om 2-3 år, bør du velje fond med lågare risiko, for eksempel rentefond eller kombinasjonsfond.
Du må sjølv avgjere kva risiko du er komfortabel med. Ikke berre i gode tider, men også når det er uroleg i marknaden.
Neste steg er å velje kva fond du skal spare i. Her har du ei oversikt over dei vanlegaste typane fond og kva dei kan gjere for deg:
Hugs at fonda du vel bør spreie pengane på tvers av bransjar, land og regionar for å spreie risikoen.
Når du har valt fond anbefaler vi at du set opp ein spareavtale. Då set du sparinga di på autopilot og sparinga går av seg sjølv. Med ein spareavtale kjøper du fond både når marknaden er dyr og når det er billeg. Hugs at tida er din venn når du sparer i fond.
Ver merksam på endringar i livet ditt, då dei kan påverke korleis du bør spare. Livshendingar som skilsmisse, jobbtap eller arv kan kreve justeringar i spareplanen. Endringar i inntekt eller avkasting kan også gjere at du må tilpasse måla dine. Det er viktig å stoppe opp og vurdere situasjonen og justere planen etter behov.
Du bestemmer sjølv kor mange fond du vil spare i, men det kan vere lurt å spreie risikoen gjennom å spare i fond på tvers av geografi og bransjar. Då blir du mindre utsett om aksjemarknaden eller bransjen i eit land skulle falle. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Våre fremste fagfolk tilrår at du har ei hovudvekt av sparinga i globale aksjefond, og noko i fond som investerar her heime i Norge. Det kan du gjere ved å velje ein av våre tre fondspakkar, som hjelper deg raskt i gang med sparinga. Du kan òg velje eit fond som investerer i fleire fond – slik som fonda du finn i den smarte fondsløysinga Alt-i-eitt.
Skal du spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit midlertidig fall i aksjemarknaden. Faktisk kan det vere ein fordel – no kan du kjøpe billege aksjar, som kan stige i verdi når marknaden går oppover igjen. Ein gyllen regel for aksjeinvesteringar er å kjøpe når det er billeg og selje når det er dyrt. Pengar tent!
Har du derimot dårleg tid, eller er avhengig av å kunne ta ut pengane dine på kort varsel, vil det same fallet i aksjemarknaden kunne slå uheldig ut. Du sel deg ut på eit dårleg tidspunkt, fordi du ikkje har tid til å vente på den neste positive utviklinga i marknaden. I verste fall kan du tape pengar.
Is i magen lønner seg, og på sikt har marknaden historisk alltid gått oppover.
Sjå også
Sparing i fond:
Kort om kjøp og sal av aksjar
Kva er forventa avkastning på fond?
Ja, det kan du! Det er ingen bindingstid på sparing i fond. Du kan selje fondsandelar når du sjølv ønsker det.
Hugs på at overføring eller sal av fond kan gi skattemessige konsekvensar.
Når du sparer på konto får du renter på beløpet du har på kontoen. I fond kallast dette for avkasting.
Forventa avkasting seier noko om kor mykje du får tilbake for investeringane dine, og er basert på avanserte reknestykke og historiske data.
Storleiken på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkasting for det fondet. Eit aksjefond med 100 % aksjar har ein forventa høgare avkasting enn eit rentefond, men inneber altså ein viss risiko.
God tid er nøkkelen til trygg sparing i fond. Jo lenger tidshorisont du har, jo høgare andel aksjar kan du ha utan at risikoen aukar. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer.
Sjå også
Kva er fond?
Kan eg tape pengar på å spare i fond?
Kva er aksjefond og rentefond?
Kva er indeksfond?
Kort om avkastning
Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
For deg som handlar fond og verdipapir