Tips og råd

Lær barna om pengar i butikken

Ta med barna i butikken. Det er eitt av fem råd forbrukarøkonom Magne Gundersen har til korleis barn kan lære litt om økonomi.

Magne Gundersen

Forbrukarøkonom

SpareBank 1

Magne har vore forbrukarøkonom i SpareBank 1 sidan 2007, og brenn for å gi gode og enkle råd til folk flest. Han har brei bakgrunn som økonom og journalist, og har vore programleiar i «Luksusfellen» sidan oppstarten.

Forbrukarøkonomi, Media, Journalistikk

magne.gundersen@sparebank1.no

Snakk om kva ting kostar

Ein handletur kan vere ein fin anledning til å lære barna litt om økonomi. I butikken møter de val heile tida, og det gir mange moglegheiter til å snakke om pengar på ein enkel og naturleg måte. Sjekk prisane saman, samanlikn varer og snakk om forskjellen på stykkpris, literpris og kilopris. Slik får barna ei betre forståing av kva ting faktisk kostar.

Før de går i butikken kan de lage ei handleliste saman. La barna vere med på å finne varene og sjå kva dei kostar. Når de samanliknar produkt, får de òg snakka om korleis ein kan få mest mogleg ut av pengane. Ost er eit godt eksempel. Den finst i mange variantar og pakningsstorleikar, og prisen kan variere mykje.

– Mat på tube eller ferdig skiva ost er enkelt, men som regel dyrare enn ein større pakke. Så lenge de et opp maten, vil det som oftast vere meir lønsamt å kjøpe større pakkar, sidan kiloprisen gjerne er lågare, seier Magne Gundersen.

Når ein må prioritere

Barn har godt av å lære at pengar ikkje strekk til alt. Butikken er ein fin stad å snakke om val og prioriteringar i kvardagen. Kanskje må dykk velje mellom fleire alternativ, eller vurdere om det er verdt å betale litt ekstra for ei vare. Slike samtalar hjelper barna med å forstå at økonomi handlar om meir enn berre pris.

– Butikken gir dykk ein anledning til å snakke om pris og prioriteringar. Brukar du pengane fornuftig i det daglege har du meir igjen til sparing, ferie, oppussing eller anna gøy, avsluttar Gundersen.

5 tips frå Magne om korleis lære barn om personleg økonomi:

  1. Snakk om kva ting kostar. La barna får vite kva ting kostar, som mat, klede, straum, lån, ferie og så vidare. Ta med barna i butikken og forklar dei kilopris, literpris og stykkpris og vis dei kva som blir billegast. Gå gjennom budsjettet til familien og forklar kvar pengane kjem frå og kva de vel å bruke pengar og ikkje bruke pengar på.
  2. Snakk om trygg kortbruk. Når barnet får det første bankkortet sitt, er det eit fint høve til å snakke om kortbruk og pengar. La barna bli trygge på korleis dei brukar og tar vare på bankkortet. 
  3. Gi faste lommepengar. Og ikkje fyll på med meir pengar viss barnet bruker opp alle pengane før neste utbetaling. Då lærer dei å disponere pengar fornuftig og at det får konsekvensar om dei brukar opp alt med ein gong.
  4. Knyt pengane opp mot oppgåver. Ein fin måte å gjere det på er å gi barnet nokre faste, konkrete oppgåver som dei får lommepengar for. Gjer dei ikkje oppgåvene sine, får dei mindre lommepengar. Men dei kan òg få meir, viss dei gjer ein ekstra innsasts. Då lærer dei at det ikkje berre er å be om meir pengar heile tida.
  5. Lær barnet å spare. Å spare er kanskje den viktigaste økonomivanen du kan gi barna. La barnet spare til noko konkret, som ein fin genser, ski, eller lommepengar til ein ferietur. Barnet kan spare heile summen sjølv eller ein eigenandel der foreldra betaler resten. Gå føre med eit godt døme og forklar barnet kva familien sparer til.

Sjå fleire tips og råd

Når bør barnet få bankkort?

Ingen barn er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar.

Lær barnet om pengar

Tips til korleis du kan gjere økonomi enkelt og forståeleg.

Lær barnet å spare

Hjelp barnet med å setje sparemål og oppleve gleda av å sjå pengane vokse.

God læring i lommepengar

Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføre lommepengar?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }