Tips og råd

God læring i lommepengar

Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføre lommepengar eller vekelønn? Då kan dei sjølv erfare korleis det er å tene, bruke og spare.

Snakk med barna om kva oppgåver dei skal få lønn for

Lommepengar er kanskje ikkje enkelt. Kor mykje og kor ofte skal de gi, skal det knytast opp mot oppgåver i heimen, og skal de overføre til kortet til barnet eller gi kontantar? Det er berre nokre av spørsmåla du som forelder må ta stilling til. Forbrukerøkonom Magne Gundersen i SpareBank 1 meiner at korleis de som familie ønsker å gi lommepengar er opp til kvar enkelt.

– Skal du lære barna verdien av pengar må du snakke med dei om at det ligg ein innsats bak kvar krone. Alle bør delta i oppgåvene i heimen, men nokre litt større oppgåver kan ein bli samde om at dei kan få betalt for. Det er viktig at barna blir følgt opp så dei veit kva det blir gitt lommepengar for og kva dei kan brukast til.  

Lære å spare, bruke, tene og dele

Mange foreldre snakker sjeldan, eller aldri med barna sine om forbruk og sparing. Dette har ei dokumentert betyding for korleis dei klarer seg økonomisk når dei skal stå på eigne bein som unge vaksne. Når lommepengar blir innført bør dei også få lov til å disponere desse pengane sjølv.

Eit tips er å la dei minste barna få kjøpe nokon av leikane sine sjølv. Etterkvart når barna blir eldre kan dei kjøpe og betale for litt større ting, dei kan til dømes kjøpe kleda sine sjølv. De foreldre kan gi ein sum pengar som skal gå til klede. Viss dei ønsker å kjøpe noko dyrt vil dei erfare at dei får mindre pengar til andre ting som kino, spel og anna gøy. Det vil også gi de eit fint høve til å snakke om sparing.

Når barna begynner å disponere eigne pengar er det viktig at de foreldre følger opp og er interesserte, meiner Gundersen.

– Ver nysgjerrig og vis interesse for barnet sin økonomi og sparing. Saman kan de sjekke saldo før og etter dei har handla for då ser dei heilt konkret kor mykje dei har brukt og kor mykje dei har igjen. Då lærer dei korleis det er å ha og bruke pengar, seier Gundersen.

Magne Gundersen

Forbrukarøkonom

SpareBank 1

Magne har vore forbrukarøkonom i SpareBank 1 sidan 2007, og brenn for å gi gode og enkle råd til folk flest. Han har brei bakgrunn som økonom og journalist, og har vore programleiar i «Luksusfellen» sidan oppstarten.

Forbrukarøkonomi, Media, Journalistikk

magne.gundersen@sparebank1.no

Ting å tenke på når de skal innføre lommepengar

  • Kva oppgåver er det sjølvsagt at barna bidrar med utan å få betalt, og kva oppgåver blir det gitt lommepengar for?
  • Kor ofte skal barna få lommepengar? Er barnet lite kan det kanskje få ein liten sum ein gong i veka, deretter annakvar veke og så kvar månad for dei eldre barna.
  • Kva dag kjem lommepengane?
  • Kva med lommepengeforhandlingar? Kor mykje synest barna sjølv at dei treng og kvifor?

Fast overføring av vekepengar

Eit smart tips for ein enklare kvardagsøkonomi og privatøkonomi er å sette opp fast overføring av vekepengar til barn. Då slepp du å hugse på det kvar veke. 

Sjå fleire tips og råd

Når bør barnet få bankkort?

Ingen barn er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar.

Lære barnet å spare

Hjelpe barnet med å setje sparemål og oppleve gleda av å sjå pengane vekse.

Snakk med barna om pengar

Tips til korleis du kan gjere økonomi enkelt og forståeleg.

Ta med barna i butikken

Det er mykje å lære barna om pengar i butikken.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }