Tips og råd

Når bør barnet få bankkort?

Ingen barn og ingen foreldre er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar på når barnet ditt bør få eige bankkort. Når du skal vege for og imot, kan vi hjelpe deg med gode råd.

Jente betaler med bankkort for barn

Ein digital generasjon

Barn som veks opp i dag, møter digitale pengar lenge før dei får eige ansvar for dei. Dei ser at vi handlar på nett, betaler med kort og sjeldan bruker kontantar. Det gjer at verdien av pengar kan bli meir abstrakt, og difor er det ekstra viktig at dei får lære korleis pengar fungerer i praksis.

Ved å la barnet få prøve seg, kan du gi det ein trygg inngang til digitale betalingsvanar. Dykk kan saman snakke om kva ting kostar, korleis saldoen vert påverka av kjøp, og kva som er lurt å spare til. På den måten får barnet erfaring – medan du framleis har moglegheit til å følgje med og veilede undervegs.  

Spink, mobilbanken for barn, kan barnet enkelt sjå kor mykje pengar det har, og følgje med på kva pengane går til. For mange barn gjer dette det lettare å forstå samanhengen mellom det å bruke pengar og kor mykje som står att. 

Les også: Tenk deg om før du lånar bort bankkortet ditt til barna


Når er barnet klart?

Det finst ingen fasit, barn utviklar seg ulikt. Mange foreldre veljer å starte når barnet får ukelønn, handlar sjølv i nærbutikken eller byrjar å ferdes meir åleine. Ein tommelfingerregel er at dersom ein meiner at barnet er gammalt nok til å gå rundt med kontantar, så er det sannsynlegvis også gammalt nok til å ha eige bankkort.

Hos oss kan barn få sitt første bankkort frå dei fyller 6 år, og kortet fungerer innanfor trygge rammer med eigen kode, beløpsgrenser og bruk kun når det er pengar på  konto. Slik kan barnet øve seg på å bruke pengar i små, trygge steg – medan du framleis har god oversikt og kan veilede undervegs.

Magne Gundersen

Forbrukarøkonom

SpareBank 1

Magne har vore forbrukarøkonom i SpareBank 1 sidan 2007, og brenn for å gi gode og enkle råd til folk flest. Han har brei bakgrunn som økonom og journalist, og har vore programleiar i «Luksusfellen» sidan oppstarten.

Forbrukarøkonomi, Media, Journalistikk

magne.gundersen@sparebank1.no

Bankkort handlar ikkje berre om saldo og transaksjonar, men om å lære seg å beskytte personleg informasjon, slik som kort og kode, samtidig som ein tar ansvar for eigne kjøp.

Ta kortpraten

Når barna skal begynne å bruke kort er det viktig at dei forstår pengebruk og kortsikkerheit. Her er tre ting barna bør vite før dei begynner å bruke bankkort:

Kva gjer eg viss eg mistar kortet mitt?

Gi beskjed til foreldre så fort som mogleg slik at dei kan seie ifrå til banken.

Kan eg ha PIN-koden på ein huskelapp?

Nei det bør du ikkje, lær koden din utanat.

Kan eg vise PIN-koden min til andre?

Nei. Koden er hemmeleg. Ikkje fortel koden til nokon andre!

Andre sider for deg

Lær barnet å spare

Hjelp barnet med å setje sparemål og oppleve gleda av å sjå pengane vekse.

Ta med barna i butikken

Det er mykje å lære barna om pengar i butikken.

God læring i lommepengar

Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføre lommepengar?

Snakk med barna om pengar

Tips til korleis du kan gjere økonomi enkelt og forståeleg.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }