Tips og råd
Tenk deg om før du låner bort bankkortet ditt til barna
Hugs at å låne bort bankkortet kan auke risikoen for kortsvindel og ID-tyveri.
Tips og råd
Hugs at å låne bort bankkortet kan auke risikoen for kortsvindel og ID-tyveri.
Eitt av dei viktigaste prinsippa for trygg kortbruk er å aldri låne kortet bort til andre. Likevel viser ei undersøking gjennomført av Kantar TNS for SpareBank 1, at fleire enn éin av fem foreldre i Norge låner ut sitt eige bankkort til barna. For dei med barn i ungdomskulealder er talet nesten to av fem.
– Det verkar kanskje lettvint å låne bort sitt eige bankkort til barna når dei skal kjøpe seg noko eller vere borte frå heimen, men dette er noko vi frarådar på det sterkaste. Ved å låne ut kortet gir du barnet tilgang til meir pengar enn det som ofte er nødvendig, samstundes som du har lånt bort eit ID-papir. Du skapar også eit inntrykk av at det å låne bort kort og kode er ok. Det er det ikkje, seier SpareBank 1s sikkerheitssjef Ole Jørgen Eiterå.
Ei undersøking på vegne av Skatteetaten og Norsk Senter for Informasjonssikring (NorSIS) viste at over 100.000 nordmenn har opplevd å få identiteten sin stolen dei siste to åra. Dei fleste opplever at nokon har kjøpt ei vare eller tilsvarande i deira namn på internett.
– Bankkortet ditt er eit ID-papir, og får uvedkommande tak i informasjonen som ligg der kan dei handle, tømme kontoen, ta opp nye lån eller anskaffe eit kredittkort i ditt namn. Sjølv om norske forbrukarar i stor grad er beskytta mot økonomisk tap i svindeltilfelle, er det svært ubehageleg å bli utsatt for identitetstjuveri. Det kan også vere krevjande og ta mykje tid og ressursar å få rydda opp, seier Eiterå.
Med alle turar, idrettsturneringar og arrangement, melder behovet seg for å sende med barna pengar på ein trygg måte. Alternativa er å bruke kontantar eller eit eige bankkort tilpassa barn.
– Fordelen med kort er at du får dekka tapet dersom barnet skulle miste det. Eit bankkort for barn er heller ikkje eit gyldig ID-papir, ettersom det berre har korthaldaren sitt namn og kontonummer på seg. Likevel anbefaler vi alle foreldre å snakke med barna sine om kva som er trygg kortbruk, og trene på dette saman, seier Eiterå.
Kort fortalt – slik kan du unngå kortsvindel
Ingen barn er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar.
Tips til korleis du kan gjere økonomi enkelt og forståeleg.
Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføre lommepengar?