Tips og råd
Tips og råd
Gode tips til utleige av bustad
Vurderer du å leige ut eit hus eller ei leilegheit? Synest du det verkar stress å halde styr på leigetakarar, kontraktar og forsikringar? Her får du nokre nyttige tips på vegen.
Tips og råd
Vurderer du å leige ut eit hus eller ei leilegheit? Synest du det verkar stress å halde styr på leigetakarar, kontraktar og forsikringar? Her får du nokre nyttige tips på vegen.
Det kan lønne seg å sjekke kva referansar leigetakaren har frå tidlegare stader han eller ho har leigd.
Viss det skulle oppstå konfliktar er leigetakar beskytta av oppseiingsvern, og kan ikkje kastast ut utan vidare.
Det er lurt at utleigar og leigetakar går gjennom bustaden saman både ved innflytting og utflytting. Dokumenter gjerne eventuelle manglar med bilde. Då slepp de å vere usamde om når skaden oppstod ved utflytting.
Viss du bruker standarddokument aukar du sjansen for at du slepp trøbbel undervegs. Forbrukarrådet har gode standardar for husleigekontrakt. Dei har òg skjema og nyttige rettleiingar, både for deg som skal leige ut og for leigetakar.
Om du må betale skatt av leigeinntektene avheng mellom anna av kva slags bustad du leiger ut og kor stor del av bustaden som er utleidd. Viss du leiger ut deler av bustaden du sjølv bur i, er inntekta som regel skattefri.
Vêr klar over at hovudreglane i skattereglane er at alle inntekter frå utleige er skattepliktig, så her er det viktig at du sjekkar unntaka.
Når du leiger ut bustad må du forholde deg til Husleigelova. Den kan derfor vere lurt å ha lese gjennom og gjere seg kjend med.
Innbuforsikringa di dekker berre deg, ektefellen din/partnar/sambuar og andre faste medlemmer av husstanden. Den dekker ikkje leigetakarar.
Har du husforsikring hos oss vil du få ei utleigeforsikring knytt til husforsikringa når du melder frå at bustaden din er heilt eller delvis utleidd. Då er du dekt mot skade, ubetalt husleige og omkostningar til utkasting.
Utleigar og leigetakar må opprette ein depositumkonto saman. Dette er ein sperra konto der leigebuar set inn pengar for å dekke eventuelle skader eller manglande husleige.
Det er du som utleigar som oppretter depositumkonto i mobilbanken eller nettbanken din.
Avtale om depositum må inngåast samtidig med inngåinga av sjølve leigeavtalen.
Prøv bustadlånskalkulatoren for å sjå kor mykje du kan låne til bustad. Du kan søke lån på nett, eller snakke med ein av dei dyktige rådgievarane våre.