Lokalbanken for sunnmøringar og fjordingar

Du er viktig for oss. Vi brenn for regionen vår, og at den skal bli ein betre stad å bu og virke. Hos oss får du hjelp med det meste innan bank, rekneskap og eigedomsmekling – anten du er privatkunde eller driv ei bedrift.

Ansatt

Vi står klare for å gi deg råd

Det er mange situasjonar her i livet der ein treng å snakke med nokon. Overraskande mange av desse involverer ein bank. 

Hos oss finn du mange dyktige rådgjevarar som tek seg tid til å hjelpe deg med alt frå lån, sparing og forsikring til det å starte bedrift og bistå i små og store vegval for bedrifta. Vi kjenner lokalsamfunnet godt og har kontor i Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Stryn, Førde og Ålesund.


Kvardagsøkonomi gjort enkelt...

Mobilbanken gir deg full oversikt over økonomien. Med banken i lomma kan du gjere det meste av bankting uansett kvar du er. Kvar blir pengane blir av? Kor mange straumetenester abonnerer eg på? Kor mykje vil eg få i pensjon? Svara får du i mobilbanken.

… og dei vanskelege tinga enklare å takle

Livet byr på utfordringar innimellom. Då er det godt å ha nokon som kan hjelpe deg med å sjå løysingar. For oss er det viktig at du har ein stad å gå viss du treng nokon å prate med. Difor har vi kontor du kan besøke frå Rørvik i nord til Førde i sør.


Derfor deler vi overskotet med lokalsamfunnet

Syns du det er vanskeleg å sjå forskjell på bankane? Produkta og tenestene liknar kanskje, men har du tenkt på kven som eig banken og nyter godt av at banken tener pengar? Meir enn 40 prosent av SpareBank 1 SMN er eigd av lokalsamfunnet – det vil seie deg, meg og alle oss som bur her. Derfor skal også samfunnet ha sin del av banken sitt overskot. Vi kallar det samfunnsutbytte. Pengane skal gjere heimstadane våre til ein betre plass å bu for oss alle.

Video placeholder image

"Har du begynt å tenke på familie? Eller skal borna flytte heimafrå? Har du nettopp begynt å studere, eller skal du pensjonere deg? Uansett kvar du er i livet – vi er med deg på reisa!

Hos oss får du hjelp med å finne dei gode løysingane avhengig av kva som er viktig for deg!"

Andre Skotheim, Banksjef personmarknad i SpareBank 1 SMN