Oppdatering av kundeinformasjon

Norske styresmakter har bedt alle norske bankar om å sørge for at kundeinformasjon og legitimasjon er oppdatert.

Oppdatering av kundeinformasjon og legitimasjon

For å hindre at norske bankar brukast som ledd i kvitvasking eller terrorfinansiering er det satt strenge krav til at banken har nødvendig informasjon om alle sine kundar. Dette er for kundane sin eigen sikkerheit. Med oppdatert informasjon er nemleg kundane våre beskytta mot ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet.


Oppdater kundeinformasjonen din

Har du fått beskjed frå oss om at vi manglar tilstrekkeleg informasjon om deg? Med BankID kan du enkelt oppdaterer informasjon din i nettbanken. Du blir då stilt nokre enkle spørsmål som det går raskt å svare på.


Har du fått sperra kundeforholdet ditt?

Manglande oppdatert informasjon

Lova krev at alle bankkundar må vere legitimert i banken sine arkiv. Du har tidlegare fått fleire meldingar frå oss om at vi manglar tilstrekkeleg legitimasjon på deg i våre arkiv. Vi har ikkje registrert å ha gyldig legitimasjon på deg og har difor sperra din konto og/eller ditt kort.

Om du har spørsmål kan du ringe oss på 70070000.

Sperra konto/BankID

Du kan legitimere deg på tre ulike måtar:

Alternativ 1: Møt opp ved eit av kontora til SpareBank 1 Søre Sunnmøre.
Ta med deg gyldig legitimasjon og møt opp personleg på eit av våre bankkontor.

Alternativ 2: Møte opp ved eit anna SpareBank 1-kontor.
Du kan legitimere deg i SpareBank 1-kontor i andre delar av landet. Finn ditt nærmaste SpareBank 1-kontor her. Ta med passet ditt, opplys om at du er kunde i SpareBank 1 Søre Sunnmøre og be om at dei sender ein kopi av passet ditt til legitimasjon@sparebanken.no.

Inaktivt kundeforhold

Om du har eit inaktivt kundeforhold som du ønskjer å avslutte kan du enkelt gjere dette ved å fylle ut dette skjemaet.



Ofte stilte spørsmål

Du har eit kundeforhold i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, men vi manglar dessverre tilstrekkeleg legitimasjon på deg i våre arkiv. Det betyr at du må hjelpe oss med ein viktig ting, nemleg å vise at du er du. Dette skal beskytte deg som kunde mot ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet.

Dette er ein stor dugnad mot kriminalitet. Å innhente gyldig legitimasjon er også eit lovkrav fra myndigheitene. Dette skal beskytte deg som kunde mot ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet. Dette kravet gjer at alle bankar i Noreg er pålagt å be om oppdatert legitimasjon frå dei kundane ein ikkje har dette på.

Du treng ikkje pass for å vere kunde, men vi må ha gyldig legitimasjon. For å få BankID, er det krav om pass. Nødpass er ikkje godkjent.

Vi anbefaler at alle kundar legitimerer seg med pass. Pass (norsk eller utenlandsk) er nødvendig for å utstede BankID. Dersom det ikkje skal utstedast BankID, kan også følgande legitimasjon godkjennast:

  • Norske førarkort
  • Norske bankkort med bilde
  • Nasjonale ID-kort utstedt av et EØS-land
  • Norsk utlendingspass (blått pass)
  • Norsk reisebevis for flyktningar (grønt pass)

Mindreårige som disponerer konto sjølv må legitimerast. Det vil seie at dersom barnet ditt har eige bankkort og/eller SPINK, må vi innhente legitimasjon. Det vil for barn alltid vere pass som er gyldig legitimasjon. Dette er eit nytt krav frå september 2019.

For at bekreftelsen av din identitet skal vere gyldig, må du møte opp personleg. Din identitet kan då kontrollerast opp mot det legitimasjonsdokumentet du viser fram.

Det er det beste. Dersom dette blir vanskeleg å få til, kan du også ta med barna dine sine pass slik at vi kan ta kopi av dei sjølv om barnet ikkje er med. 

Banken har satt ein kort frist for å kome i kontakt med deg slik at vi finn ei ordning for å innhente legitimasjon. Dersom vi ikkje mottek tilstrekkeleg legitimasjon innan fristen, vil vi ta kontakt. I ytterste konsekvens må banken sperre din BankID/nettbank/konto. Dersom du har problem med å overhalde denne fristen, kan vi forlenge den.  

Dersom du må bestille pass eller fornye passet ditt, kan du få ein lenger frist. Bestilling av pass gjer du hos politiet. Sjå politiet.no for meir informasjon.

Utan pass vil vi måtte stenge BankIDen din. Med annan gyldig legitimasjon (førarkort eller bankkort med bilde fra ein annen bank), kan det gi tilgang til vår mobil- og nettbank, der du blant anna får gjennomført betalingar og administrert korta og kontoane dine. Du kan ikkje behalde BankIDen din, og du mistar då moglegheita til enkel og trygg tilgang til ei rekke andre tenester der du må dokumentere at du er deg – frå å sjekke dine resept til innlogging hos NAV. Med BankID treng du ikkje møte opp personleg eller sende dokument i posten. 

Du har tidlegare fått melding frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre om at vi manglar tilstrekkeleg legitimasjon på deg. Sidan vi ikkje kan sjå at du har legitimert deg innan fristen, har vi dessverre måtte sperre din BankID og/eller konto.

For å oppheve sperringa ber vi deg kome innom eit av våre kontor med gyldig legitimasjon. Dette skal beskytte deg som kunde mot ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet

Consort hjelper oss med å kome i kontakt med kundar som vi treng meir informasjon frå eller som må legitimere seg i banken. Consort ringer frå telefonnummer 73204164. Dei vil aldri be deg om personlege opplysningar som personnummer, BankID eller liknande. Er du i tvil, ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 70070000.

Om du har eit inaktivt kundeforhold som du ønskjer å avslutte kan du enkelt gjere dette ved å fylle ut dette skjemaet.

Lova krev at alle bankkundar må vere legitimert i banken sine arkiv. Du har tidlegare fått fleire meldingar frå oss om at vi manglar tilstrekkeleg legitimasjon på deg i våre arkiv. Vi har ikkje registrert å ha gyldig legitimasjon på deg og har difor sperra din konto og/eller ditt kort.

Om du har spørsmål kan du ringe oss på 70070000.

Her kan du lese meir om korleis du kan oppheve sperringa.

Krav til deg som er kunde

Ny privatkunde

Du må opplyse om namn, fødselsnummer eller D-nummer og fast adresse. Du må også vise pass eller ha BankID frå annan bank. I tillegg må du opplyse om:

  • formålet med kundeforholdet 
  • kvifor du ønsker å gjennomføre større transaksjonar
  • kvar pengane kjem i frå eller skal brukast til
  • du eller nokon har eit høgtståande verv eller stilling i utlandet

Ny bedriftskunde

For nye bedriftskundar gjelder det same som for nye privatkundar. I tillegg må du opplyse om: 

  • foretaksnamn, organisasjonsnummer og eigarforhold.
  • det er privatpersonar, som aleine eller saman med nokon i nær familie, har direkte eller indirekte eigarandelar på meir enn 25 prosent, eller om nokon på annan måte kontrollerer verksemda.
  • Representantar for bedrifta eller personar med disposisjonsrett over bedrifta sine midlar, må legitimere seg samt dokumentere sin rett til å opptre på vegne av bedrifta.

Deg som allereie er kunde

Mange av våre kundar blir no kontakta av banken med beskjed om at vi trenger ny legitimasjon eller at vi treng oppdatert informasjon om deg som kunde. Årsaka er at vi dessverre ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon i arkivet vårt. Du må difor vere førebudd på å svare på spørsmål og framlegge gyldig legitimasjon.

Som bank må vi kunne dokumentere overfor styresmaktene at vi gjennomfører nødvendige kundetiltak av alle kundane våre.