Pensjon for fiskarar

Skatteetaten endra i mars 2025 si tolking av regelverket. Fiskarar med lottinntekt reknast no som sjølvstendig næringsdrivande i pensjonssamanheng. Det gir deg fleire moglegheiter til å spare til pensjon – og få skattefordel.

Fiskar som tenkjer på pensjonen sin

Kva betyr dette for deg som fiskar?

Tidlegare meinte Skatteetaten at fiskarar med lottinntekt ikkje oppfylte krava for å reknast som sjølvstendig næringsdrivande. Denne tolkinga er no endra. Frå mars 2025 kan fiskarar med lottinntekt inngå pensjonsavtalar for sjølvstendig næringsdrivande og dermed få skattefordel på sparinga.

Som sjølvstendig næringsdrivande har du sjølv ansvar for å spare til pensjon, men du får også fleire moglegheiter og større fleksibilitet i forhold til korleis du kan spare.

Kva inneber skattefordelen?

Når du sparer til pensjon som sjølvstendig næringsdrivande, kan du trekke innskotet frå næringsinntekta før skatt vert berekna. Det betyr at du får redusert skatt på det beløpet du sparer – faktisk kan du få tilbake rundt halvparten av innskotet i form av lågare skatt.

Til dømes: Viss du sparer 50.000 kroner til pensjon, kan du få omtrent 25.000 kroner i skattefordel.

Pengestabel.

Kva type pensjonssparing passar for deg?

Som fiskar er du ofte rekna som sjølvstendig næringsdrivande og då er det ditt ansvar å spare til pensjon utover folketrygda.

Nedanfor ser du fleire alternativ du kan velje mellom ut frå inntekta di og kor mykje du ønskjer å spare.

Fiskarpensjon

Fiskarpensjon er ei sjølvfinansierande pensjonsordning for fiskarar som er registrerte i fiskarmanntalet. Denne pensjonen byrjar utbetaling månaden etter at du fyller 60 år, og held fram til du fyller 67 år. Då tar folketrygda over.

Fiskarpensjon er obligatorisk og blir finansiert gjennom ein personleg medlemspremie og ei avgift berekna av verdien på fangsten din.

For meir informasjon, besøk garantikassen.no.

Obligatorisk tenestepensjon (OTP)

Viss du er tilsett som fiskar, har du krav på tenestepensjon frå reiarlag eller båteigar. Dette kallast obligatorisk tenestepensjon (OTP)

Det er viktig å vere klar over at tenestepensjon for fiskarar, kun bereknast av hyre. Dei fleste må forvente å få berre halvparten av dagens inntekt i samla pensjon frå folketrygda og arbeidsgjevar. Derfor er det lurt å spare sjølv i tillegg.

Folketrygda

Folketrygda i Norge er eit velferdssystem som gir økonomisk støtte og tryggleik til innbyggarane, også fiskarar. Folketrygda utgjer grunnsteinen i alderspensjonssystemet.

Alderspensjon blir utbetalt normalt frå 67 år, men folk fødd i 1964 og seinare, må vente lenger ifølge den nye pensjonsreforma. Likevel er det moglegheiter for å ta ut alderspensjon tidlegare, til dømes frå fylte 62 år, men då med lågare utbetalingar. Alderspensjonen blir tent opp med 18,1 % av lønn opp til 7,1 G (1 G = 124.028 kroner).

Sjå nav.no for kor mykje du kan rekne med å få i alderspensjon frå folketrygda.

Tips til deg i fiskeribransjen

Vi ønsker å gjere kvardagen din enklare slik at du kan fokusere på fisket.

  • Kassekreditt, lån og leasing
  • Korleis få oversikt over økonomien

Tips til deg som driv ENK

Mange fiskarar er organiserte som enkeltpersonføretak. Her finn du det viktigaste du må ha på stell i eit ENK.

  • Kvifor skilje privatøkonomien frå bedrifta?
  • Kva skjer om eg blir sjuk?

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }