Eigen pensjonskonto – få betre oversikt

Flytter du pensjonen din til SpareBank 1, samlar du alt på ein stad. Då får du betre oversikt og kan ta gode val som kan gi deg meir i pensjon.

Eigen pensjonskonto - full oversikt i mobilbanken
God langsiktig avkastning
Våre kundar er blant dei som har fått mest igjen for pensjonspengane sine.
Pensjonen samla på ein stad
Full oversikt i mobilbanken – du vel korleis pengane sparast.
Tryggleik for framtida
Vi hjelper deg med å ta gode val for pensjonisttilveret.

Kva er eigen pensjonskonto?

Jobbar du i ei privat bedrift med innskotspensjon, får du automatisk din eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din sparar til pensjonen din. Du kan sjølv velje pensjonsleverandør – og kan når som helst flytte kontoen viss du ønsker det.

På eigen pensjonskonto blir pensjon samla frå

  • den arbeidsgjevaren du har i dag
  • tidlegare arbeidsgjevarar – også kalla pensjonskapitalbevis.
  • enkelte private pensjonsprodukt med same skattereglar som innskotpensjon.

Forstå eigen pensjonskonto

Med eigen pensjonskonto samlast pensjonen du har opptent hos noverande og tidlegare arbeidsgjevarar på ein stad. Det gjer det enklare å få oversikt over pensjonen din og følgje med på korleis pensjonssparinga utviklar seg over tid.

Kort sagt: Pensjonen frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar samlast på ein stad 💰

Sjå filmen og få ei enkel forklaring på korleis eigen pensjonskonto fungerer.

Video placeholder image

Vel din pensjonsleverandør

Du kan når som helst flytte din eigen pensjonskonto til ein leverandør du sjølv vel. Når du tar eit aktivt val

  • følger pensjonen deg – òg om du bytter jobb
  • kan du påverke korleis pengane blir investert
  • får du full oversikt i mobilbanken 

Prisar og vilkår

  • Prisen avheng av kva spareprofil du vel, og varierer frå 0,4 - 0,8 %
  • Administrasjon av avtalen kostar 0,1 % av saldo.

Korleis blir pengane plasserte og kva kostar det?

Med eigen pensjonskonto hos oss, kan du sjølv velje korleis du vil at pengane skal plasserast. I tabellen nedanfor ser du kva spareprofilar og forvaltningsformer du kan velje mellom og kva det kostar. 
Les meir om spareprofilane her

  

Spareprofil/forvaltningsformAktivSvanemerkaIndeks
Alderstilpassa:0,48 -0,80 %0,40 %0,40 %
Renter: 0,40 %0,40 %0,40 %
Forsiktig: 0,50 %0,40 %0,40 %
Moderat: 0,60 %0,40 %0,40 %
Offensiv: 0,70 %0,40 %0,40 %
Aksjar: 0,80 %0,40 %0,40 %
Administrasjonsgebyret er 0,1 % av saldo.   

 

 

Vilkår og viktig informasjon om eigen pensjonskonto

Du kan laste ned fullstendig vilkår og viktig informasjon om eigen pensjonskonto under.

Tidlegare opptent pensjon som er slått saman i eigen pensjonskonto, vil ikkje kunne splittast opp igjen.

Vi har ikkje innsyn i spareprofilen du har i di noverande pensjonsavtale. Spareprofilen du vel og kostnader kan difor avvike frå denne. Informasjon om avtalen din finn du på norskpensjon.no.


Er du medlem i eit LO-forbund?

Medlemsfordelar LOfavør Eigen pensjonskonto:

  • Meir pensjon for pengane: Store kollektive avtalar gir deg lågare gebyr og meir til pensjonssparing.
  • Med  bærekraftig sparing settast pensjonen din i bedrifter med høgt fokus på samfunnsansvar, anstendige arbeidsforhold og menneskerettar. 
  • Du får nytt LOfavør Pensjonskapitalbevis med tilsvarande innhald som eigen pensjonskonto.

Kor ser du kva du har på eigen pensjonskonto?

Eigen pensjonskonto opprettast automatisk hos din arbeidsgjevars pensjonsselskap. Dersom jobben din har innskotspensjon hos oss, får du eigen pensjonskonto her i SpareBank 1.

Ikkje kunde i banken? Sjå pensjonen din her


Vi er blant dei beste på avkasting

Pensjon er langsiktig sparing, og vi er stolte av å vere blant selskapa med best avkasting i våre spareprofilar som er aktivt forvalta.

Slik har vi gjort det over tid – samanlikna med referanseindeksen

avkastningsgraf-pensjon-2026

Meir om grafen

Grafen viser samla historisk avkastning frå 01.01.2001 - 30.04.2026 på vår spareprofil SpareBank 1 Aksjar – før omkostningar. Alle omkostningar er betalte av arbeidsgjevar (gjeld aktiv kapital etter innføring av eigen pensjonskonto). 

SpareBank 1 Aksjer består av aksjefond og profilen sin referanseindeks*. 

Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkastning vil blant anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltar sin kompetanse, risiko og omkostningar. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.

* Ein referanseindeks består av éin eller fleire indeksar som veljast ut ifrå ei samansetting av aksjar det er rimeleg å samanlikne med, og gjenspeilar aktuell marknadsavkastning. Profilen sin referanseindeks består av følgjande indeksar: MSCI World (Aksjeindeks utvikla land global): 80 % og OSEBX (Norsk aksjeindeks): 20 %. 

Kva lurer andre på?

Synest du pensjon er vanskeleg?

Blir du forvirra av alle ord og uttrykk om pensjon? Sjå pensjonsordlista vår der vi forklarer ord og uttrykk på ein enkel måte.

Pensjonssparing som arbeider for deg

Når du sparer til pensjon hos oss, investerer vi pengane slik at dei kan vekse over tid. Les meir om korleis vi forvaltar pensjonssparinga og tar hensyn til berekraft i investeringsbeslutningane våre.

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema, enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Her finn du informasjon og kan starte utbetaling.



Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }