For deg over 62 år:
Pensjonist?
Skal du snart gå av med pensjon eller ønsker du å ta ut pensjon medan du fortsatt er i jobb?
Råd for deg som snart er pensjonist
Kor mykje du kjem til å få i pensjon avheng av mange forhold gjennom livet. Val av arbeidsgjevar, antal jobbskift, løn, pensjonsalder, antal barn, år i deltid og permisjonar påverkar kor mykje du vil få i pensjon.
Veit du kor god pensjonsordning du har gjennom arbeidsgjevar?
Det er store forskjellar på kor mykje arbeidsgjevarar sparer i pensjon for sine tilsette. Arbeidsgjevar er pliktig til å spare minst 2 % av di årlege løn inntil 12 G (1 G = 124.028). Sparer arbeidsgjevaren din 2 %, har du ei minimumsordning. I dei beste ordningane kan arbeidsgjevar spare 7 % av løna inntil 12 G, pluss inntil 18,1 % ekstra for tilsette med løn over 7,1 G. Beløpet vert ikkje trekt frå løna og vert først utbetalt når du pensjonerer deg.
Les meir om pensjon frå arbeidsgjevar
Jobbar du i offentleg sektor?
Er du fødd etter 1962, blir pensjonen din berekna etter kor mange år du har jobba i offentleg verksemd før 2020, og kor mange år du jobbar i det offentlege etter 2020. Pensjon som blir tent opp etter 2020 er bestemt av løna år for år ved at det byggast opp ei pensjonsbehaldning på same måte som folketrygda sin alderspensjon. Pensjonsbehaldninga utgjer 5,7 % av samla løn inntil 12 G per år og nyttar same reglar som folketrygda for å berekne kor stor pensjonen blir på uttakstidspunktet.
I tillegg til ordinær offentleg tenestepensjon kan du ha rett til offentleg AFP eller Særalderspensjon.
Dei fleste arbeidsgjevarar sparar til pensjon gjennom ordninga som kallast innskotspensjon. Då har du også eigen pensjonskonto. Det gjer det enklare for deg å få oversikt over pensjonen din.
Du får automatisk eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din sparer til pensjon, men du kan sjølv velje å flytte pensjonen din til ein annan leverandør.
Jobbar du i offentleg sektor eller har hybrid- eller ytelsespensjon, gjeld ikkje eigen pensjonskonto for deg.
Du må tenke over kva slags liv du ønsker å leve når du blir pensjonist. Dei fleste ønskjer eit aktivt liv, men mange vil oppleve at samla pensjon blir lågare enn dei hadde sett for seg. Dersom du ønsker god økonomi og fridom som pensjonist er det mykje å hente på å spare sjølv.
Når du sparer i IPS eller pensjonssparekonto, plasserast pengane dine i fond. Du går gjennom ein sparerettleiar der du blir stilt spørsmål om risikovilja di, spareperiode og berekraftspreferansar. Basert på spørsmåla dine, anbefaler vi deg ein spareprofil. Du vel sjølv om du ønsker å følge denne anbefalinga.
Etter at du har oppretta sparinga, står du også fritt til å endre din spareprofil. Dette kan du enkelt gjere sjølv i mobilbanken eller nettbanken.
Pensjonskapitalbevis er eit "bevis" på pensjonspengar du har opparbeidd deg i tidlegare jobbar du har hatt. Beviset blir oppretta kvar gong du sluttar i ei bedrift som har innskotsbasert pensjonsordning og blir samla automatisk på eigen pensjonskonto.
Om eigen pensjonskonto ikkje gjeld for deg og du framleis har fleire pensjonskapitalbevis, kan du samle dei hos oss. Då får du lågare gebyr, betre oversikt og det vert meir i pensjon til deg.
Drøymer du om å gå av tidleg med pensjon? Reise, gå i fjellet og ta igjen alt du ikkje har hatt tid til medan du har vore i jobb?
Avtalefesta pensjon (AFP) er ei pensjonsordning for deg som er tilsett i privat sektor med avtalefesta pensjon i tariffavtalen. AFP-pensjonen vert utbetalt i tillegg til alderspensjon frå folketrygda og er livsvarig. Tar du ut AFP før 67 år, vil pensjonen vere høgare før 67 år enn etter. Set deg inn i fordelar og ulemper med tidleg uttak før du bestemmer deg for kva som er riktig pensjonsalder for deg.
Er det smartast å spare i bustad, bank eller fond? Det kjem an på kor gammal du er, kor stort lån du har, om du har fleire lån og planane dine for framtida. Det viktigaste målet med sparing på lang sikt er å ha råd til å leve det livet du ønsker som pensjonist.
Pensjonsalder
Pensjonsalderen i Noreg er 67 år. Har du nok pensjonsopptening, kan du også ta ut pensjon frå 62 år. Valet du tar påverkar kor mykje du får utbetalt resten av livet.
Når bør eg ta ut pensjon?
Nokre er fast bestemt på å gå av med pensjon ved 62 år, nokre ønsker seg ein gradvis nedtrapping på tampen av arbeidslivet, og nokre kan slett ikkje tenkje seg å pensjonere seg før dei blir bedd om det. Hva som er best for deg må du sjølv vurdere.
- Kombinasjonen full lønn og full pensjon gir ein økonomisk fridom.
- Løysinga kan passe for deg som ønsker å bruke meir pengar medan helsa framleis er god. Tidleg uttak gir større moglegheit for reiser og hygge som ung pensjonist og gir deg betre moglegheit til å sjølv prioritere mellom forbruk og sparing til sein alderdom.
- Tidleg uttak kan sjåast på som ei forsikring for familien ved tidleg død. Familien arvar den pensjonen som er teke ut, og som ikkje er brukt.
- Har du framleis gjeld med høg rente som 62-åring, kan det vere ein fordel med tidleg uttak, slik at du kan betale ned mest mogleg av gjelda.
- Du har større behov for pensjonspengane seinare. Dette er veldig viktig å hugse på viss du har låg pensjonsopptening.
- Det er større avkastning ved å la pengane stå, i staden for å ha dei sjølv. Pensjonsbehaldinga regulerast i takt med grunnbeløpet fram til uttaket startar, altså i takt med samfunnet sin gjennomsnittlege lønnsvekst. Dette er langt over den avkastninga nokon annan risikofri sparing kan tilby.
- Om du ikkje har livsarvingar er det ikkje same behov for tidleg uttak for å sikre arvingane. Då er det isolert sett ein fordel å utsette uttaket.
- Du betaler ikkje formuesskatt på pensjon som du ikkje har teke ut. Kombinasjonen av lønn og pensjon gir høgare skatt i form av auka trinnskatt (toppskatt), ettersom pensjon og lønn vert lagt saman når trinnskatten vert berekna.
Skatt på pensjon
Ein dag skal løna di erstattast med pensjon. Men kva skjer med skatten din når du går av med pensjon? Kor mykje må du betale i skatt på pensjonsutbetalingane dine?
I kva rekkefølge skal eg ta ut pensjonen?
Kva rekkjefølge du bør ta ut pensjonen din er avhengig av kva pensjonsprodukt du har, når du ønsker å gå av med pensjon og kor mykje du føler at du treng som pensjonist. Råda her må derfor sjåast på som generelle og rettleiande.
Har du ein avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor kan det lønne seg å ta ut den først ettersom dette er ein livsvarig utbetalingsavtale.
Eit av vilkåra for å starte uttak på avtalefesta pensjon (AFP) er at du må starte uttak på alderspensjonen frå folketrygda med minst 20 %. Du har moglegheit til å stoppe eller endre denne etter ein månad utan at det påverkar utbetalinga av di avtalefestet pensjon (AFP).
Etter å ha starta avtalefesta pensjon (AFP) vil vi anbefale å starte uttak på alderspensjon din frå folketrygda. Denne blir betalt ut av NAV. Dette er ofte den største delen av pensjonen og er eit resultat av kor mange år du har vore i arbeid og kor høg inntekt du har hatt.
Sluttar du i jobben eller byter arbeidsgjevar blir ytelsespensjonen din gjort om til ei fripolise - desse produkta stammar derfor frå same type pensjonsordning.
Etter avtalefesta pensjon (AFP) og alderspensjon frå folketrygda, kan det vere fornuftig å starte utbetaling på fripoliser og ytelsespensjon. Årsaka er at dine etterlatne ikkje arvar pengane frå ei ytelsesordning. Om du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på desse produkta tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
Pensjonsbevis er ein hybridpensjon frå ein tidlegare arbeidsgjevar. Etterlatne vil heller ikkje arve pengane frå ei hybridordning. Om du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på desse produkta på same måte som ein ytelsespensjon tilfalle forsikringskollektivet. Hybridpensjon er ei ny ordning som gjer at det stort sett er avgrensa med opptening. Dette kan tale for å vente med uttaket.
Pensjonskapitalbevis er ein opptent innskotspensjon frå ein tidlegare arbeidsgjevar og er, saman med eiga sparing, avtala du bør vente lengst med å ta ut.
Årsaka til dette er at dersom du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på avtalen gå til dine arvtakarar. I tillegg har desse avtalane som regel ikkje livsvarig utbetaling, det kan derfor vere ein fordel å vente med desse.
Arv eller dødsfall
Kva som skjer med pensjonen din etter dødsfall er avhengig av kva pensjonsavtale du har.
Kva lurer andre på?
Pensjon er pengane du skal leve av når du sluttar å jobbe. Di pensjonsutbetaling kjem frå tre stader:
- Frå folketrygda (NAV)
- Frå arbeidsgjevar: Det jobben din har spart for deg
- Eiga sparing
De fleste kan forvente å få rundt halvparten av dagens lønn i samla pensjon frå folketrygda og arbeidsgjevar. Med andre ord; skal du leve som du gjer i dag, må du spare sjølv.
Bruk pensjonskalkulatoren og sjå kor mykje du får i pensjon:
Kor mykje pensjonen din aukar, kjem an på om du allereie får pensjon utbetalt, eller om du framleis tenar opp pensjon.
Pensjon under utbetaling
Når pensjonen din først er under utbetaling, er det avgrensa kor mykje du kan påverke auken sjølv. I staden er auken avhengig av kva type pensjon du har:
- Folketrygd, AFP og offentleg tenestepensjon: Aukar i takt med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten i samfunnet. Det betyr gjerne ein auke på rundt 3-5 % per år, men dette kan variere.
- Eigen pensjonskonto og privat sparing i fond: Følge utviklinga i fonda du sparer i. Det betyr at verdien kan gå både opp og ned. Over tid kan forsiktige fondsval ofte gi rundt 3–5 % årleg, men med store variasjonar. Med forsiktige fondsval meiner vi at aksjeandelen trappast gradvis ned i pensjonssparinga. Les meir om nedtrapping og våre spareprofilar her.
- Fripoliser og garanterte pensjonsavtalar: Aukar som regel lite, fordi pensjonen berre blir justert når avkastninga er høgre enn det som alt er garantert. I praksis betyr det ofte rundt 0-1 % auke i året.
Pensjon under opptening
I denne fasen har du mange moglegheiter til å påverke pensjonen din. Du kan for eksempel auke pensjonen din ved å
- arbeide lenger eller vente med å ta ut pensjon
- arbeide meir heiltid framfor deltid
- velje arbeidsgjever med god pensjonsordning
- starta sparing tidleg og dra nytte av rente på rente over tid
- velje langsiktige fond og tilpasse risikoen
- få med deg opptening frå foreldrepensjon og militærteneste
- samle pensjonen for betre oversikt og kontroll
Vil du sjå kva dette betyr for deg? Bruk pensjonskalkulatoren på Nav.no eller få oversikt i Min pensjon.
Å pensjonere seg kan bety ulike ting. For nokon betyr det å slutte heilt i jobb, medan andre meiner å starte uttak av pensjon.
I dagens pensjonssystem er det mogleg å
- ta ut alderspensjon og jobbe vidare
- ta ut gradert pensjon, for eksempel 20, 50 eller 80 prosent
- vente med uttak sjølv om du har slutta å jobbe
Det betyr at tidspunktet for når du sluttar å jobbe, og når du startar uttak av pensjon, ikkje nødvendigvis er det same.
I Norge kan dei fleste ta ut pensjon frå 67 år, og nokre kan ta ut pensjon frå 62 år.
Sjå også:
Kva består pensjonen min av?
Kor mykje er full pensjon?
I kva rekkefølge bør eg ta ut pensjonen min?
Pensjonsalderen i Noreg er 67 år. Har du nok pensjonsopptening, kan du òg ta ut pensjon frå 62 år.
For å ta ut pensjon før 67 år må du ha tjent opp nok pensjon til at den samla utbetalinga når et fastsett minstenivå. Dette kravet er der for å sikre at du har ein trygg inntekt òg seinare i livet. Men hugs at ein tidleg start av pensjonsutbetalinga som regel vil gje mindre utbetalt i årleg pensjon.
Sjå også
Når kan eg pensjonere meg?
Pensjon frå arbeidsgjevar?
Pensjonsutbetaling
Pensjon frå folketrygda, offentleg tenestepensjon og obligatorisk tenestepensjon frå private verksemder blir skatta som pensjonsinntekt. Den er tilnærma lik den du betaler som lønnsmottakar, men med lågare trygdeavgifter. Det er den samla inntekta di som avgjer kva du vil måtte betale i skatt på pensjon.
For å finne ut kor mykje skatt du skal betale på pensjonen din, må du sjå på tre ting: alminneleg inntekt, trygdeavgift og frådrag.
- Alminneleg inntekt er den totale inntekta di etter frådrag. Skatten på alminneleg inntekt er 22 % for dei fleste. Bur du i Troms eller Finnmark er skatten 18,5 %.
- Trygdeavgift er ei avgift som alle pensjonistar må betale. For pensjonsinntekt er trygdeavgifta 5,1 %.
- Minstefrådrag er eit frådrag som reduserer den skattepliktige inntekta di. For pensjonsinntekt er minstefrådraget 40 % av inntekta, men det kan ikkje vere meir enn 86.250 kroner.
Du kan lese meir om skattereglar for pensjonistar hos Skatteetaten.
Sjå også
Skatt på pensjon
Ikkje pensjonist heilt enda?
Vel alderen din nedanfor og få tips og råd om smart pensjonssparing.
Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema, enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.
Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Her finn du informasjon og kan starte utbetaling.
Samanlikn prisar
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no