Reklamasjon kort og konto
Har du oppdaga ukjente transaksjonar på kortet ditt? Er det trekt pengar frå kontoen din utan at du har godkjent det? Då kan du be om å få pengane tilbake med ein reklamasjon.
Har du oppdaga ukjente transaksjonar på kortet ditt? Er det trekt pengar frå kontoen din utan at du har godkjent det? Då kan du be om å få pengane tilbake med ein reklamasjon.
Ein reklamasjon er ei formell klage der du ber om å få refundert pengane for eit kjøp på grunn av feil eller manglar ved vara eller tenesta du har betalt for.
Vanlegvis reklamerer du hos leverandøren – altså den du har handla frå – men betalte du med kredittkort eller bankkort, kan du også rette kravet mot banken som har utstedt kortet.
Du kan også reklamere på overføringar av pengar frå kontoen din som du verken har utført eller samtykt til.
Det er grovt sett to ulike tilfelle der du kan ha rett til å be om pengane tilbake (eller som det formelt heiter: å ha berettiga krav på refusjon):
For ukjente korttransaksjonar må du reklamere så snart du oppdagar transaksjonane. Også i saker der du er i ein tvist med seljar står saka di sterkare om du reklamere innan rimeleg tid.
I dei fleste tilfelle vil vi be om dokumentasjon på at du først har forsøkt å løyse saka med seljaren.
Spar deg sjølv for bry – sjekk først om det har noko hensikt for deg å reklamere:
Kan du sjekke av for alle punkta? Då er det berre å sende inn ein reklamasjon.
Merk at kortet ditt automatisk blir sperra når du reklamerer på
NB: For ukjende transaksjonar kan det kome til ein eigenandel på 450 kroner. Dette blir i så fall fråtrekkt beløpet som blir betalt inn på kontoen.
Les om to som blei svindla og fekk hjelp frå banken med reklamasjon:
Ja, du kan reklamere enten du har brukt bankkort eller kredittkort, men for bankkort er bilde litt meir komplekst:
For reklamasjon på kjøp med bankkort er ikkje vi som bank pålagde å dekke tapet dersom vi ikkje vinn fram via Visa i ei eventuell tvistesak. Merk òg at for at banken i det heile tatt skal kunne ta reklamasjonen på ein bankkort-transaksjon vidare til Visa, må du ha brukt Visa-delen av kortet då du betalte, og ikkje BankAxept-delen – som er vanlegast for dei fleste kjøp i butikk i Noreg. Dette er fordi BankAxept ikkje har ein reklamasjonsløysing slik Visa og Mastercard har.
Heller ikkje for kjøp med kredittkort er vi nødvendigvis pålagde å dekke tapet, men her kjem finansavtalelova § 2-7 deg til unnsetning: Forenkla seier lova at du som forbrukar kan stille dei same krava til leverandøren av kredittkortet som du kan til seljaren. Slik er det ikkje med bankkort. Derfor kan ein seie at du er endå betre beskytta med kredittkort enn med bankkort.
Normalt vil du i løpet av eit par dagar få skriftleg tilbakemelding frå oss, som regel som ei melding i nettbanken. Du kan då bli bedt om å sende inn ytterlegare informasjon eller dokumentasjon. For at saka skal bli behandla så raskt som mogleg, er det viktig at du held eit auge med meldingar du får frå oss i nettbanken og svarer opp så snart du kan.
For enkelte typar reklamasjonssaker kan vi forskotere behandlinga og betale tilbake pengane til kontoen din før saksbehandlinga er ferdig: Sjølve prosessen med å kreve pengar refundert frå selgaren (brukarstaden) via Mastercard eller Visa kan ta tid. For å unngå at det økonomiske ansvaret blir liggande på deg i mellomtida, kan vi då refundere beløpet så snart vi ser at vi har fått all nødvendig informasjon eller dokumentasjon frå deg – sjølv om prosessen mot brukarstaden teknisk sett ikkje er fullført.
Merk at vi seinare kan kreve tilbake desse pengane og belaste kontoen din for det same beløpet. Du får i så fall beskjed om dette. Dette kan inntreffe for eksempel viss du likevel mottar vara i posten, eller viss selgaren vel å refundere beløpet direkte til deg.
Tvilsomme nettbutikker kan operere med lokketilbud – for eksempel ein prøveperiode eller ei kraftig nedsett tilbudsvare – der du som kunde betalar eit lite beløp og samstundes uvitande samtykker til eit abonnement.
Dersom selgaren ikkje tydeleggjorde vilkåra for oppretting av abonnement då du betalte, kan du reklamere på dei automatiske trekka som har kome i etterkant.
Dersom ein festival eller eit anna arrangement går konkurs, kan du reklamere via banken, forutsatt at du betalte billettane med kredittkort eller bankkort.
Hugs å legge ved dokumentasjon både på sjølve konkursen og at du har forsøkt å krevje tilbake pengane frå arrangør eller bobestyrar.
Merk at reklamasjonen kun gjeld billettpengene, og ikkje for eksempel utgifter knytt til reise og overnatting.
Er det ei pakkereise der turoperatøren har lagt opp til å nytte eit flyselskap som no er konkurs, må du ta kontakt med turoperatøren som ordnar med ny transport eller refunderer pengane. Dersom det er sjølve turoperatøren som er konkurs, melder du kravet til reisegarantifondet. Får du avslag hos reisegarantifondet, eller dei bruker meir enn 30 dagar på å behandle saka, kan du reklamere hos oss.
Er det ein enkeltreise, og du har betalt med kredittkort eller bankkort, kan du sende inn ein reklamasjon til oss.