Nettopp fått det første kredittkortet ditt?
Med ditt nye Mastercard Ung får du større økonomisk fleksibilitet i kvardagen, men med det følger også eit større ansvar.
Med ditt nye Mastercard Ung får du større økonomisk fleksibilitet i kvardagen, men med det følger også eit større ansvar.
Eit vanleg bankkort kan du bruke så lenge det er pengar på konto. Når du bruker bankkortet i butikken, blir pengane trekt automatisk frå bankkontoen din. Dei forsvinn altså umiddelbart, og du betaler med ein gong.
Kredittkortet er ikkje kobla til nokon konto, men gir deg tilgang til ein ekstra sum du kan velje å låne. Når du bruker kredittkortet, låner du pengar frå banken, og det kan du gjere inntil den såkalla kredittgrensa på kortet er nådd. Når du har betalt ned alt eller deler av lånesummen, kan du igjen låne opptil grensa.
I motsetning til bankkort, der pengane forsvinn frå kontoen med ein gong, blir kredittkort betalt på etterskot.
Éin gong i månaden får du ei rekning på det du har brukt på Mastercardet. Betaler du heile kredittkortrekninga innan forfallsdatoen, kostar det deg ikkje noko ekstra å bruke kredittkortet. Du kan altså låne rentefritt i inntil 45 dagar.
Vel du å utsetje betalinga og berre betale det månadlege minstebeløpet, blir det likevel lagt til renter på resten av lånet som går fram til alle pengane er betalte tilbake.
Ver klar over at dette er lån med høg rente (sjå prisdøme nedanfor). Å la vere å betale ned heile kredittkortrekninga i tide kan derfor bli kostbart.
Merk at du ikkje kan velje å utsetje betalinga av heile det uteståande beløpet, du må uansett betale eit minstebeløp.
Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.
Eit vanleg bankkort kan du bruke så lenge det er pengar på konto. Kredittkortet er ikkje kopla til noko konto, men gir deg tilgang til ein ekstra sum du kan låne. Når du trekker kortet, låner du pengar, og det kan du gjere inntil grensa er nådd. Når du har betalt ned alt eller deler av summen, kan du igjen låne opptil grensa.
Betalar du ned alt du har lånt innan forfallsdato, kostar det deg ingenting. Viss du vel å utsetje å betale heile eller delar av kredittkortrekninga, blir det lagt til renter på lånet til summen er betalt ned.
Priseksempel ved utsett betaling:
Eit reservert beløp er pengar som skal belastast kortet ditt, men som ikkje er trekt endå.
Når du brukar kortet ditt, blir ikkje pengane trekt med ein gong. Først sjekkar vi om det er dekning, og dersom det er det, blir beløpet reservert. Kor mykje du har disponibelt blir redusert med tilsvarande beløp, sjølv om saldoen framleis er uendra. Først når transaksjonen blir bokført neste virkedag, blir saldo oppdatert.
Når du får rekninga på ditt Mastercard Ung må du betale minst 5 prosent av det du skuldar, og uansett minimum 300 kroner.
Viss du til dømes skuldar 10.000 kroner, må du betale minst 500 kroner. Skuldar du 1.000 kroner, må du altså framleis betale minstebeløpet på 300 kroner.
Hugs at viss du ikkje betalar heile rekninga, må du betale renter på resten av beløpet.
Vi anbefaler at du i alle fall betalar minstebeløpet på rekninga, så slepp du å få purregebyr.
Viss du ikkje kan betale minstebeløpet, ta kontakt, så finn vi ei løysing saman.