mor som klemmer sonen sin ved kjøkkenbordet

TIPS OG RÅD

Kva om eg blir ufør?

Livet går ikkje alltid som planlagt. Uføre kan snu kvardagen på hovudet – også økonomisk. Sjå råd som kan gjere deg betre rusta for ei krevjande situasjon når inntekta fell.

Kva skjer med inntekta mi hvis eg blir ufør?

Handtere ein ny livssituasjon

Å handtere livet som ufør kan vere ei utfordrande reise, prega av både fysiske og kjenslemessige hindringar. Spesielt kjennast det for mange som om dei må forsvare eit livsval. Det er likevel viktig å hugse at å bli ufør ikkje er eit val nokon tek. Det er heller ikkje eit teikn på manglande ambisjonar eller mangel på vilje til å jobbe. Å bli ufør er resultatet av noko som er heilt utanfor eigen kontroll. 

Når du står framfor utfordringa med å handtere den nye livssituasjonen, er det viktig å fokusere på dei andre ambisjonane du har i livet. Sjølv om din helsemessige situasjon kan avgrense moglegheitene, betyr det ikkje at du må gje opp å ha mål og draumar. 

Tilpass innsatsen din til den fysiske og mentale kapasiteten du har. Finn ut kva som betyr noko for deg, og fokuser energien din på desse områda. Å vere ein god forelder, partnar eller ven, lære nye ferdigheiter, fullføre hobbyprosjekt eller engasjere deg i frivillig arbeid representerer ofte meiningsfulle ambisjonar.

Hvis eg blir ufør...

Kva skjer med økonomien min?

Viss du blir ufør, vil inntekta di bli redusert med minimum ein tredel. Samstundes forblir dei fleste utgiftene dei same – for eksempel bustadlånet. Det kan gjere kvardagen økonomisk krevjande. Mange opplever at dei må stokke korta litt for å få endane til å møtast, og kutte ned på ting som tidlegare var ein viktig del av livet. Det er ikkje alltid lett å vite kva du skal gjere, men det kan vere nyttig å stille seg nokre spørsmål:

  • Må vi flytte til ein rimelegare bustad?
  • Har vi råd til feriar og fritidsaktivitetar for barna?
  • Må vi selje bilen – eller kanskje hytta?

Har du derimot ein uføretrygdingsforsikring, kan den gjere ein tøff situasjon lettare. Då vil du motta anten ei månadleg utbetaling (eller ein engongssum) som hjelper med å dekke faste utgifter, og gir deg meir rom til å fokusere på det som verkeleg betyr noko – deg sjølv og familien.

dame sklir på bananskall og eit liv som ufør ventar

Kva forsikringar dekker uføre?

Du kan ha fleire uføreforsikringar og då kan det vere greitt å vite at det kan kome fleire utbetalingar ved uføre. Det er faktisk mange som har fleire uføretrygdingsforsikringar utan at dei er klar over det. Ei uføreforsikring kan ha fleire opphav. I tillegg til individuelle uføreforsikringar som uførepensjon og uførekapital, kan du ha uføreforsikring gjennom andre personforsikringar og personalforsikringar:

Barneforsikring
Viss foreldra dine har kjøpt barneforsikring på deg, vil du mest sannsynleg ha ei uføredekning. Det gjeld også etter du fyller 26 år og barneforsikringa vert gjort om til ei fortsettelsesforsikring. 

Gruppelivsforsikring
Dersom arbeidsplassen din har gruppelivsforsikring kan den også vere utvida med uføreforsikring.

Yrkesskadeforsikring
Alle bedrifter med tilsette er lovpålagt å ha yrkesskadeforsikring på sine tilsette. Yrkesskadeforsikringa kan utvidast med forsikringar som fritidsulykke og annan sjukdom. Dersom du skulle bli ufør på grunn av ein yrkesskade, kan du ha rett på utbetalingar.

LOfavør gruppeforsikring
Mange forbund tilbyr kollektive forsikringar til medlemmene sine. Har du LOfavør gruppeforsikring gjennom forbundet ditt, kan du få utbetaling ved uførleik, dødsfall, ulykke og kritisk sjukdom.

Uførepensjon gjennom jobben
Alle bedrifter er pålagde og spare til pensjon (OTP) for sine tilsette. Mange bedrifter har då også valt å legge til uførepensjon til sine tilsette i same avtale.

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }