Vedlikehald er skadeførebygging i praksis, som igjen bidreg til god utnytting av ressursar som allereie er i bruk. Vedlikehaldskalenderen gir deg stegvis rettleiing og oversikt over kva du treng for både innandørs og utandørs vedlikehald av bustaden din.
Råda våre er utvikla av fagekspertar og er basert på skadestatistikk over hyppige skadar i heimen og oppussingsråda frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).
Vår
NB: Vedlikehaldskalenderen er førebels ein beta-versjon, og vil bli vidareutvikla fortløpande. Gje oss gjerne ei tilbakemelding på kva du meiner kan bli betre.
Inne
- Reinse filter i kjøkkenvifte
- Reinse filter i vasskraner
- Reinse filter i oppvaskmaskin
- Reinse filter i vaskemaskin
- Reinse filter i tørketrommel
- Reinse filter i avtrekksventilar
- Reinse filter i dusjhovud
- Reinse sluk
- Reinse vasslåsar
- Ha ei stor vårreingjering
- Sjekk slangar til oppvaskmaskin og vaskemaskin
- Kartlegge kvar hovudstoppekranen er
- Sjekk trykk i reduksjonsventil
- Sjekk loft for fukt
- Sjekke kjellar for fukt
Last ned vedlikehaldskalender som PDF. Du kan krysse av direkte i lista, printe ut eller sende som vedlegg til familie og vener.
Sommar
NB: Vedlikehaldskalenderen er førebels ein beta-versjon, og vil bli vidareutvikla fortløpande. Gje oss gjerne ei tilbakemelding på kva du synest kan bli betre.
Last ned vedlikehaldskalender som PDF. Du kan krysse av direkte i lista, printe ut eller sende som vedlegg til familie og vener.
Haust
NB: Vedlikehaldskalenderen er førebels ein beta-versjon, og vil bli vidareutvikla fortløpande. Gje oss gjerne ei tilbakemelding på kva du synest kan bli betre.
Inne
- Reinse filter i kjøkkenvifte
- Reinse filter i vasskraner
- Reinse filter i oppvaskmaskin
- Reinse filter i vaskemaskin
- Reinse filter i tørketrommel
- Reinse filter i avtrekksventilar
- Reinse filter i dusjhovud
- Reinse filter i vifteomnar
- Reinse filter i varmepumpe
- Reinse sluk
- Reinse vasslåser
- Reingjer eldstad
- Smør hengslar og låsar
- Sjekk elektriske kontakter og brytarar
- Sjekk slangar til oppvaskmaskin og vaskemaskin
- Sjekk ytterdør og vindauge for trekk.
Last ned vedlikehaldskalender som PDF. Du kan krysse av direkte i lista, printe ut eller sende som vedlegg til familie og vener.
Vinter
NB: Vedlikehaldskalenderen er førebels ein beta-versjon, og vil bli vidareutvikla fortløpande. Gje oss gjerne ei tilbakemelding på kva du meiner kan bli betre.
Last ned vedlikehaldskalender som PDF. Du kan krysse av direkte i lista, printe ut eller sende som vedlegg til familie og vener.
Klimatilpassing
I 2022 vart det meldt inn ca. 70 000 vasskadar i bustader og hytter, ifølge Finans Norge. Med auka ekstremvêr, aukar også talet på vasskadar. Førebygging blir difor stadig viktigare. Nedanfor fortel vi deg kva du kan gjere for å unngå vasskadar, og kva du skal gjere viss du mistenker eller oppdagar ein vasslekkasje.
Oppgåver for å førebyggje vasskadar
- Sørg for at takvatn og overvatn ledast vekk frå huset
- Hald området rundt grunnmuren ryddig
- Forseink vatnet ved ekstremnedbør ved hjelp av mellom anna grøne tak og andre naturbaserte løysingar
- Vedlikehald og reins rister, sluk og takrenner
- Vel riktig underlag/dekke som sørgjer for at vatnet blir drenert
Andre relevante saker
Generelle tips
I 2010 blei det krav til at alle nye bustader og bustader som skal rehabiliterast må ha ein automatisk lekkasjestoppar installert i rom utan sluk. Dette er typiske rom som kjøkken der oppvaskmaskin, kjøleskap og kaffemaskiner er montert inn. Dei same reglane gjeld for fritidsbustad. Om du bur i ein eldre bustad bør du difor vurdere å få montert på ein lekkasjestoppar. Lekkasjestopparen har fuktfølarar, og med ein gong dei oppdagar vatn stenger dei vasstilførselen. Dette reduserer risikoen for vasskadar og skadeomfanget dersom vasskadar oppstår.
Det finst mange automatiske vass-stopparar, men vi anbefalar å velje ein som er FG-godkjent. Hugs å få dokumentasjon på produktet og arbeidet viss du får ein røyrleggar til å montere vass-stopparen for deg.
Dersom du bur i ein eldre bustad anbefaler vi òg å ta ein titt på røyra, då bustader som blei bygd mellom 1950 og 1970 oftast har rør som er utsett for lekkasje og som bør skiftast ut. Ein lekkasjestoppar reduserer risikoen for vasskadar, men løyser ikkje det underliggande problemet.
Ved installasjon av FG-godkjent vass-stoppar slepp du eigenandel på inntil 4.000 kroner, viss vass-stopparen har hindra ein større skade.
I 2010 blei det krav til at alle nye bustader og bustader som skal legge opp ny kurs til komfyren må ha komfyrvakt installert. Dei same reglane gjeld for fritidsbustad. Det betyr at komfyrvakta skal vere installert som ein del av det faste elektriske anlegget. Eldre kjøken bør ettermontere komfyrvakt. Ei komfyrvakt består av ein sensor og ein straumavbrytar. Sensoren overvakar kokeplatene, og viss den oppdagar fare for brann utløyser den ein alarm. Viss ingen reagerer på alarmen, vil sensoren gi beskjed til strømavbryteren om å kutte straumen til komfyren. Straumavbrytaren er plassert i sikringsskapet eller bak komfyren.
Det finst mange komfyrvakter, men vi anbefaler å velje ei som er FG-godkjent. Hugs å få dokumentasjon på produktet og arbeidet viss du får ein elektrikar til å montere komfyrvakta for deg.
Vi anbefaler å installere brannstige på utsida av huset for å ha ein trygg rømningsvei viss uhellet er ute og det oppstår brann. Det finst mange brannstigar, men vi anbefaler å velje ein som er sertifisert og godkjent av Sintef. Når brannstigen er installert bør alle i husstanden prøve å opne og gå ned stigen for å vere kjent med korleis ein gjer det før ei eventuell hending oppstår.
Det kan òg vere lurt å brannøve ein til to gonger i året og sjekke brannsløkkingsapparatet, spesielt før jul, slik at alle har evakuerings- og slukkerutinar friskt i minne.
Husk å få dokumentasjon av fagpersonen som monterer stigen.
Sølv- og skjeggkre trivst i fukt og skitt, og er derfor ofte å finne i rom som bad, kjøkken, gong eller kjellar. Finn du sølvkre kan det vere teikn på at rommet er for fuktig eller at det finst fuktskade. Skjeggkre kan trivast i tørre forhold òg, så dei kan ein finne klatrande på veggar eller kjøkkenbenk.
Sølv- og skjeggkre er ikkje farlege og dei kan ikkje gjere store skader på bygninga. Likevel, det er ubehageleg å ha dei i hus. Innbuforsikring topp dekker bekjempelse av skjeggkre med 150.000 kroner. Sidan skjeggkre ikkje gjer noko skade på bygninga, reknast dei ikkje som skadedyr og er difor ikkje ein del av husforsikringa.
Om ein oppdagar sølv- eller skjeggkre, bør ein finne årsaka til kvifor dei har kome. Det kan vere alt frå dårleg drenering eller ventilasjon til vassansamlingar eller andre forhold som skapar fukt. I tillegg kan insekta kome inn i bustaden via pappøskjer eller sekkar/vesker som har stått i rom med sølv- eller skjeggkre, f.eks. i kontorlokaler eller tollen.
I rom der ein finn sølvkre, tilrår vi å:
- Redusere fuktigheita ved å reingjere avtrekksvifta, lage betre lufterutinar og setje inn ein avfuktar.
- Halde det reint på golvet og sørgje for at det ikkje samlar seg mykje støv i krokar og hjørner – dette er mat for insekta.
- Etter at du har støvsuga, bør du fryse støvsugarposane slik at sølv- og skjeggkrea ikkje kan spreie seg vidare.
- Tette sprekkar ved lister og tersklar slik at insekta ikkje har noko stad å gøyme seg.
- Sett ut limfeller for å kartlegge kor dei oppheld seg mest og redusere bestanden.
For å vere enda betre rusta mot vasskadar anbefaler vi å stenge hovudstoppekrana ved lengre fråvær. Det står i sikkerheitsforskrifta til husforsikringa at det er ein sjølv som er ansvarleg for å sørge for at stoppekrana er tett ved lengre fråvær. For hus vil det seie når alle i husstanden skal vere borte frå huset i meir enn éin månad, og for hytter og fritidshus vil det seie når ein ikkje skal vere tilbake innan ei veke. Hugs å slå på krana igjen når du kjem heim frå ferie eller til hytta. Eit tips kan vere å legge ein påminningslapp i gangen så ein er sikker på at ein hugsar det. (Sikkerheitsforskrifta, jf. forsikringsavtalelova § 4-8).
For å unngå frostskadar på røyr og i våtrom (rom som bad og vaskerom der overflater på vegger og golv jamleg blir utsett for vatn) tilrår vi å alltid ha noko varme på. Det står faktisk i sikkerheitsforskrifta til husforsikringa at ein sjølv har ansvar for at alle rom i bygninga er tilstrekkeleg oppvarma for å unngå frostskader (Sikkerheitsforskrifta, jf. forsikringsavtalelova § 4-8)
Vi har nokre generelle vedlikehaldstips for innreiing:
- Bruk knottar under møblar slik at du ikkje skrapar opp golvet under. Har du kontorstol med hjul kan det vere lurt å legge ei matte under stolen for å hindre oppskraping av golv over tid.
- For å få vekk skraper og sprekkar i golvet og samtidig få ein fin utsjånad på golvet kan du slipe og behandle golvet i staden for å legge eit heilt nytt golv. Å legge nytt golv krev både meir tid og kostnadar, og du kan få eit vel så fint resultat ved å berre forbetre golvet du allereie har. Korleis du går fram for å vedlikehalde golvet ditt avheng om du har tregolv eller parkett. Les meir om sliping av golv på gulvsliperen.no.
- Bruk innvendig dørmatte med gummiunderlag for å sørgje for at vatn og slaps frå sko held seg unna lister og treverk i gangen.
- Viss du skal henge noko opp på veggen kan du vurdere å bruke borrelåsteip for å sleppe å leite etter stender og unngå å lage hol i veggen.