Førebyggje vasskadar

I 2022 vart det meldt inn ca. 70.000 vasskadar i bustader og hytter, ifølge Finans Norge. Med auka ekstremvêr, aukar også talet på vasskadar. Førebygging blir difor stadig viktigare. Nedanfor fortel vi deg kva du kan gjere for å unngå vasskadar, og kva du skal gjere viss du mistenker eller oppdagar ein vasslekkasje. 

 



Sørg for at regnvatn og overvatn blir leia vekk frå huset

 


Kvifor er dette viktig?

Overvatn og takvatn, som samlar seg rundt grunnmuren til bustaden, kan føre til fuktskadar og fuktinntrenging i kjellar og bygningsstruktur. Gammal eller dårleg drenering, eller skade på ytterveggen og grunnmur, kan òg føre til at regnvatn trengjer inn i huset og gjer skade. Her er ei oversikt over tiltak du kan gjere for å redusere potensielle vasskadar.

Korleis gjer du det?

  1. Sjekk takrenner med jamne mellomrom og sørg for at nedløpa leiar vatnet vekk frå bustaden og ikkje inn mot grunnmuren. Bruk forlengingar om nødvendig, for å sikre effektiv avrenning.
  2. Kople bøyelege drensrøyr til nedløpa og legg røyra ut på plenen eller i blomsterbed nokre meter vekk frå bustaden viss du har det.
  3. Sørg for at kvistar, lauv, sand, grus og is-proppar ikkje sperrar for vatn i avløp.
  4. Sjekk dreneringa ved å sjå etter teikn på om vatn kjem inn i kjellaren, eller om det er fukt i kjellaren.
  5. Ta kontakt med fagfolk dersom
    a) du er usikker på om det er fukt i bustaden. De kan gå inn med kamera for å sjå i røyra i dreneringssystemet
    b) du må installere dreneringssystem
    c) dreneringa er gammal og du er usikker på om den toler ekstremêr

  6. Sjekk at helninga ikkje leiar inn mot huset. Gjer den det, bør du flytte jordmassar og lage dreneringsgrøfter, eller eventuelt starte eit større arbeid for å leie vatn vekk frå bustaden. Dette bør du få hjelp av fagfolk til.
  7. Inspiser grunnmuren jamleg for eventuelle sprekkar, hol eller lekkasjar som kan tillate fuktighet å trenge inn.
  8. Vel drenerande material  som  for eksempel grus på gardsplassen slik at vatnet treng ned i bakken.
  9. Sjekk at det ikkje samlar seg vatn langs husveggen, viss det er tilfelle, ta kontakt med fagfolk og følg råda til Direktoratet for Byggkvalitet for å sikre ein miljøvenleg og effektiv oppussing.
     


Hald området rundt grunnmuren ryddig

 


Kvifor er dette viktig ?

Ein ryddig grunnmur reduserer risikoen for at vatn, fukt og jordansamlingar samlar seg rundt grunnmuren og forårsakar skadar.

Korleis gjer du det?

  1. Trim eller fjern busker, tre o.l. som veks nær grunnmuren. Hugs at røter og fukt frå vegetasjonen kan påverke grunnmuren.
  2. Ikkje etabler blomsterbed eller ha plantar tett opp mot grunnmuren.
  3. Ha tilstrekkeleg avstand mellom grunnmuren og gjenstandar som kan samle fukt.


Forseink vatnet ved ekstremnedbør ved hjelp av blant anna grøne tak og andre naturbaserte løysingar

Kvifor er dette viktig?

Når vi forseinkar vatnet ved ekstremnedbør, bidreg det til å redusere risikoen for flaum. Det er fordi vatnet blir spreidd over tid, slik at det ikkje samlar seg for raskt og overbelastar  avløpssystema. Ein måte å forsinke vatnet på er å plante tre og busker som sug inn vatn.

Korleis gjer du det?

  1. Utform terrenget slik at det finst naturlege stader for oppsamling av vatn og som bidreg til å bremse hastigheita til vatnet.
  2. Lag ein «regnvatnhage», det vil seie ein hage med plantar, busker, tre og gjerne ein tank/tønne som fangar opp regnvatnet.
  3. Etabler grøne tak dersom det passar for bustaden din og bumiljøet.
  4. Lag infiltrasjonsbasseng, legg røyr eller grav dreneringsgrøfter for å forseinke og handtere overvatnet på staden.

Les meir om fem overvatnstiltak du kan gjere sjølv på klimaoslo.no

Eigenandel

Viss eigedommen har installert skadeførebyggende løysingar for å forseinka eller redusere mengda av overvatn i samband med ekstremnedbør, slepp du eigenandel ved overvasskadar. Tiltak som gjer at du slepp eigenandel er tilpassa løysingar for oppsamling av vatn i tankar og magasin, infiltrasjonsgrøfter og -dammar eller tak med beplanting (grøne tak).



Vedlikehald og reins rister, sluk og takrenner

Kvifor er dette viktig?

Velfungerande takrenner og rister reduserrr risikoen for store skadar på hus og røyr. Særlig om hausten kan lauv, barnåler og gjørme samle seg i rister, sluk og takrenner og danne ein propp som tetter igjen nedløpsrøyret. God reingjering minkar risikoen for oversvømmingar og vasskadar.


Om vinteren kan vatnet fryse og lage sprekkar i røyret. Reingjorde avløpssystem bidrar til å førebyggje vassansamlingar rundt bygninga som kan påverke fundamentet, husveggar og grunnmuren over tid.

Denne oppgåva er viktigast på hausten, men kan gjerne gjerast kvart halvår

Korleis gjer du det?

  1. Sjekk regelmessig rister, sluk og takrenner for å sjå om det er blokkeringar eller skadar.
  2. Fjern lauv, barnåler og anna som har hamna i takrenna eller i nedløpet. Du kan bruke ein plastflaske til å gjere dette, ved å klippe av nederste del av flaska.
  3. Start med å «skuffe» der vatnet renn ned i avløpet og jobb deg bortover takrenna, vekk frå nedløpet. På denne måten unngår du å dytte lauv og skitt ned i avløpet.
  4. Skyll rister og takrenner grundig med vatn for å fjerne restar og sjekk at vatnet drenerer fritt.
  5. Vurder å engasjere fagfolk for grundig reingjering av takrenner, spesielt viss det er vanskeleg tilgjengelege område eller behov for spesialutstyr.

Legg inn lauvfangar i takrenna så lauvet ikkje fell ned i takrenna og tettar for regnvatn



Vel riktig underlag/dekke som sørger for at vatnet blir drenert

Kvifor er dette viktig?

Såkalla drenerande underlag/dekker som til dømes grus, tillet vatnet å trenge gjennom, reduserer overflatevatn og forhindrar potensielle flaumproblem. Det er svært viktig at vi reduserer mengda overflatevatn for å unngå store flaum- og vasskadar.

Korleis gjer du det?

  1. Dersom det allereie er eit vasstett dekke, fjern dette og erstatt det med eit drenerande underlag/dekke, til dømes grus. 
  2. Vurder terrengets naturlege helning for å sikre effektiv drenering. Om nødvendig, juster terrengprofilen for å leie vatnet vekk frå bustaden.
  3. Fjern rusk og lauv frå overflata jamnleg, då også dette påverkar dreninga.

Asfalt rundt huset?

Viss du har asfalt rundt huset kan du vurdera å byte til gjennomtrengelege flater som belegningsstein, grus eller singel for å la regnvatn renne vekk frå huset og ned i grunnen.

Kva lurer andre på?

I vedlikehaldsmodus?

Gå tilbake til vedlikehaldskalendaren for å sjå oversikta over kva som bør gjerast kvar sesong.

Vedlikehaldsansvar

Du er sjølv ansvarleg for å halde ved like heimen din og melde inn skadar med ein gong du oppdagar skade. Vi anbefaler å jamleg gjere vedlikehald, så du har god kontroll på feil, manglar og slitasjar som kan oppstå.

På denne måten reduserer du skadeomfanget og kan unngå større konsekvensar som fukt-, vatn- og brannskadar kan føre til. Viss det plutselege oppstår skadar , sjølv om du er flink til å gjere vedlikehaldsarbeid, kan forsikringa dekke skadane.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }