Forsikring for deg med leilegheit

Bur du i ei leilegheit er du dekt av ein eigen type husforsikring gjennom bustadselskapet. Men du treng ei eiga innbuforsikring for tinga dine.

Familj vid dator och i köket

Leilegheit

Har du leilegheit (gjeld både andelsleilegheit og sjølveigarleilegheit) så er du forsikra via sameiget/burettslaget. Sameiget/burettslaget har ei eiga bygningsforsikring, ofte kalla bustadbyggforsikring. Det vanlege er å betale for denne gjennom fellesutgiftene.

Får du ein skade på leilegheita di, kan du melde skaden sjølv. 

Har du spørsmål om forsikringa, kan du kontakte styret i burettslaget/sameiget ditt.

Tomannsbustad og rekkehus

Bur du i ein sjølveigar tomannsbustad eller eit rekkehus, kan du forsikre bustaden med ei vanleg husforsikring. Viss du er del av eit sameige eller burettslag, bør du alltid sjekke med styret (evt. salsoppgåva) om bygningen allereie er dekt av ei felles bygningsforsikring.

  • Vertikaldelte tomannsbustader kan forsikrast med husforsikring, individuelt av kvar eigar.
  • Horisontaldelte tomannsbustader må derimot ha ei felles bygningsforsikring. Denne kan enten registrerast som ei husforsikring på éin av eigarane, eller som ei bustadbyggforsikring for heile bygningen.

Kva forsikringar passar for meg? 

Sjå kva andre i same livssituasjon har valt – som kanskje kan passe for deg og dykk.

Ung

Flytta heimefrå? Blitt student?

Etablert

Fått sambuar? Kjøpt eigen bustad?

Familie

Fått barn?

Godt vaksen

Har barna flytta ut? 

flamme indikerer skade

Har du hatt skade på bustaden din?
Få rettleiing og meld skade

Ikkje gløym innbuforsikringa

For å forsikre tinga (innbuet) du har i bustaden din, må du ha ei eiga innbuforsikring. Dette gjeld uansett om du har einebustad, rekkehus, leilegheit eller hytte.

Les meir og sjekk pris på innbuforsikring


Få det tryggare med skadeførebygging

Større skader kan vere til stor påkjenning for dykk som bur i leilegheita. Førebygging av skader lønner seg både for deg, styret i sameiget/burettslaget og ikkje minst for miljøet.

Førebygging av vasskadar

Vass-skadar er dei vanlegaste og mest kostbar skadane for burettslag og sameige. Éin enkel lekkasje kan ramme fleire leiligheiter og påføre deg og andre bebuarar mykje unødvendig bry. Difor er det viktig at du bidrar med å førehindre vass-skadar.

Vass-sjekken er eit nyttig «verktøy» for deg som bustadeigar. Ved å svare på spørsmåla i vass-sjekken og gjere deg forstått med farane, får du betre oversikt over risikoen for å få vass-skadar, samtidig som du gjer burettslaget/sameiget ditt tryggare for alle.

  1. Vet du kor stoppekrana er?
    Det er viktig å vite kor stoppekrana i leiligheita di er, og korleis den vert brukt. Krana stenger alt vatnet inn til leiligheita, og den skal kunne skruast igjen for hand.
  2. Har du montert vass-stoppar?
    Ein vass-stoppar (òg kalla lekkasjestoppar) stoppar automatisk vasstilførselen ved ein lekkasje. Den vil ikkje hindre ein lekkasje, men den vil avgrensa mengda av vatn som renn ut, slik at du unngår store vass-skadar.
  3. Har du sjekka vaskemaskin og oppvaskmaskin?
    Sjekk slangar og koplingar for lekkasjar. Mange lekkasjar startar i det små, så byt ut slangar som er meir enn 20 år gamle.
  4. Har du reinsa vass-låser og sluk?
    Desse bør du rengjere minst to gonger i året. Sjå også på pakningane, og byt dei ut viss dei er blitt morkne eller slitte. Kontakt røyrleggar viss du oppdagar lekkasjar.
  5. Har du sjekka vatn- og avløpsrøyr?
    Inspiser alle synlege røyr for lekkasjar. Sjå etter fukt eller drypp langs røyra.
  6. Har du vassboren varme?
    Kjenn med handa på golvet under radiatorar og varmerøyr om det er vått nokon stad. Særleg på hausten/vinteren er dette viktig, når dette startar opp igjen.
  7. Er varmtvassberedaren i orden?
    Dersom beredaren står i eit rom utan sluk bør du sjå etter lekkasjar. Du bør også montere ein vass-sensor.
  8. Er romma med rør varme nok?
    Sørg for at rom med vatn- og avløpsrøyr held minst 10 grader, for å unngå frostskadar. Hugs at dette også gjeld rom med sprinkleranlegg, og rom med vassboren varme.

Viss du oppdagar noko som ikkje er som det skal, eller har spørsmål, bør du kontakte styreleiar eller vaktmeister for oppfølging.


dør med nøkkel står open

Førebygging av brann

Brann kan oppstå og utvikle seg raskt, og konsekvensane kan bli katastrofale. Gjer du nokre enkle grep og tiltak, så reduserer du sjansen for brann betydeleg. Samtidig sikrar du heimen din og det du er mest glad imot unødvendig risiko.

Røykvarslarar

  • Ha minst éin røykvarslar per etasje, gjerne seriekopla.
  • Bur du i leilegheit bør røykvarslerene vere kopla slik at dei varslar naboane også.
  • Plasser varslarane på kjøkken, stove, utanfor soverom og i tekniske rom.
  • Test varslarane jamleg, og byt batteri på røykvarslarens dag – 1. desember kvart år.
  • Reingjer røykvarslarane for støv og byt dei ut etter ca. 10 år.

Sløkkeutstyr

  • Lokaliser og sjekk sløkkeutstyr som brannsløkkingsapparat og husbrannslange.
  • Snu pulverapparatet minst éin gong i året for å unngå klumping.
  • Sjekk at splinten er på plass, nåla står på grønt, og at apparatet ikkje er skada eller gått ut på dato.

Risikovurdering

  • Kartlegg stader der brann kan oppstå: Kjøkken, stearinlys, elsykkellading eller gammalt sikringsskap.
  • Sørg for lett tilgjengeleg sløkkeutstyr og vurder behovet for brannteppe eller røykvarslar i risikoområde.
  • Unngå å bruke skøyteleidningar til varmeomnar og lad berre el-apparater når du er til stades.

Rømningsvegar

  • Ha fleire rømningsvegar klare og lett tilgjengelege.
  • Sjekk at rømningsvegane fungerer og at dei ikkje er blokkerte, og dessutan at dører og branndører kan opnast frå innsida.
  • Avtal ein oppmøtestad ute for alle i bustaden ved brann.

Brannøving

  • Øv på kva de skal gjere ved ulike brannscenario.
  • Øv på evakuering og bruk av ulikt utstyr.
  • Test brannstigen eller branntauet, og planlegg for å redde kjæledyr.

Fleire tips

  • Installer komfyrvakt for å førebygge kjøkkenbrann.
  • Minimer bruk av skøyteleidningar, spesielt til faste apparat og dei over 1000 W.
  • Gjennomfør el-kontroll kvart 5-10 år.
  • Lad elsyklar og el-sparkesyklar på brannsikkert underlag, vekk frå brennbart materiale.
  • Legg inn eit fast arrangement i kalenderen den 1. desember kvart år. Bruk dagen til å teste og byte batteri i røykvarslarane, snu brannsløkkingsapparata, og dessutan ta ein oppfriskning av brannførebygginga med familien.

Førebygging av mugg- og råteskadar

Inneklimaet bør ha ei luftfukt på mellom 30 og 60 %. Blir den høgare enn det, aukar risikoen for sopp og råte. For å unngå kostbare råteskadar er det fleire førebyggande tiltak du kan gjere – både utandørs og innandørs. Det første og kanskje viktigaste rådet er alltid å ha god ventilasjon i alle rom.

Utandørs
Jamleg vedlikehald er nøkkelen til ein vasstett bustad.

  • Bruk impregnert treverk på område som er spesielt utsette for fukt.
  • Kontroller bustadens ytre (kledning, mur, beslag, taktekking, vindauge og dører) jamleg for vassinntrengning.
  • Hald takrenner og nedløpsrøyr frie for blad, jord og mose.
  • Unngå vegetasjon tett inntil husveggen.
  • Vask fasaden årleg, spesielt før måling.

Bad
Utett eller manglande membran er ofte årsaka til fukt og råte på bad. 

  • Sørg for god ventilasjon – hald avtrekk og ventilar opne og reine.
  • Sjå etter lekkasjar bak vasken og andre våtområder.
  • Luft regelmessig, spesielt i rom med vaskemaskin eller tørketrommel.

Kjøkken
Kjøkkengolv er ekstra utsett ved vasslekkasjar. Når vatn trenger ned i golvlaga, blir det gjerne danna mugg og råte.

  • Sjå etter lekkasjar under kjøkkenbenk og rundt vasken.
  • Installer vass-stoppar på oppvaskmaskin og på vassrøyr i rom utan sluk.

Loft og kaldloft
Loftet blir gjerne kaldare eller varmare enn dei andre romma i huset, avhengig av årstida. Då aukar òg risikoen for kondens.

  • Inspiser loftet regelmessig for fukt og lekkasjar.
  • Sørg for at loftsgolv og loftsluke er tette for å hindre varm luft frå å stige opp.
  • Hald auge med kondens, særleg bak møblar langs yttervegger. 
  • Låg luftfukt og høgare innetemperatur reduserer risikoen.

Balkong og terrasse
Ein ròten balkong kan bli ekstra dyrt viss det er rom under.

  • Sjekk jamleg for slitasje og lekkasjar i tekkinga.
  • Pass på at overgangane mellom rekkverk og terrasse er godt vasstetta.
  • Sørg for tilstrekkeleg gjennomlufting under terrassen.

Kjellar og krypkjellar
Bustader med krypekjellar får oftare fuktskadar enn bustader utan.

  • Sørg for å ha god ventilasjon og at dreneringa rundt huset fungerer som den skal.
  • Bruk avfuktar viss kjellaren er spesielt fuktig.
  • Ikkje bruk krypkjellaren til lagring.
  • Bruk plastdekke på grunnen for å hindre vassdamp.
  • Ha ei inspeksjonsluke for enkel kontroll.

Sjekk ut vedlikehaldskalenderen vår, så veit du kva du bør gjere til ei kvar årstid.

Sit du i styret?

Vi har samla forsikringane eit burettslag/samegie bør ha, i éin og same pakke. Den sikrar både bygningane, bebuarane og styremedlemmane, for mellom anna skadar, ansvar og underslag.

Vi har òg laga ein dugnadsrettleiar basert på skadestatistikk og ekspertråd, som gjer det lettare å prioritere oppgåver og unngå skader på bygningane og fellesareala.

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2023 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 21 andre forsikringsselskap.   

Les om våre best i test-utmerkingar

Kva lurer andre på?


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }