Så enkelt er det å byte bank

Byte bank til oss? Det er faktisk enklare enn du trur. Hos oss får du ein bank som er der – for dei små og store tinga i livet.

familie i sofa som ser på pc. foto.

Korleis byte bank?

1. Bli kunde

For å byte bank til oss må du bli kunde først. Klikk på knappen under og følg stega. 

Husk å bestille bankkort og opprette alle kontoar hos oss før du byter bank. 

2. Skaff deg ny BankID

For at du ikkje skal risikere å stå utan BankID anbefaler vi at du skaffar deg ny hos oss med ein gong. 

For å få BankID treng vi å sjå legitimasjon i form av pass eller nasjonalt ID-kort. 

3. Sei ifrå til jobben

Du må hugse å gi det nye kontonummeret til arbeidsgjevaren din og andre som sender deg pengar. 

Hugs også å oppdatere kontonummer hos Nav, Skatteetaten og Lånekassen. 

4. Flytt kontoar til oss

Vi har gjort det enkelt å slå opp med den gamle banken og overføre banktinga dine med nokre knappetrykk.

Tips! Viss du har kontoar med bindingstid bør du vente med å seie opp desse.

Treng du hjelp? Ingen problem! Ta kontakt med oss for å bli guida gjennom prosessen.

Ønsker du å flytte bustadlånet til oss?

For at vi skal kunne gi deg eit lånetilbod kan du sende oss ein uforpliktande lånesøknad. Då tek ein av rådgjevarane våre kontakt med deg og gir deg eit konkret tilbod.

Vel du å flytte lånet og bytte bank til oss, følger rådgjevar deg gjennom prosessen – slik at bankbyttet blir enkelt, trygt og utan stress.

Vanlege spørsmål om bankbyte

Det å bli kunde hos oss går raskt. Deretter vil sjølve bytet ta cirka ei veke.

  • Mobilbank, nettbank og nye kontoar blir tilgjengeleg umiddelbart.
  • Korta kjem i posten etter ca. 7 virkedager (Tips! For ein kjapp postgang, hugs at namnet ditt må stå på postkassa).
  • PIN-kode til korta finn du i mobilbanken og nettbanken. Du har same PIN på alle kort.
  • Kor lang tid det tar å overføre pengar frå kontoar i tidlegare bank vil avhenge av banken, men det tar vanlegvis rundt 7 dagar. 
  • Vi anbefaler å overføre noko pengar før bankforholdet i den gamle banken din blir avslutta, slik at du ikkje endar opp utan pengar i mellomtida.

Nokre produkt, som til dømes aksjesparekonto og BSU, kan det ta litt lengre tid å få flytta over. 

eFaktura

Eksisterande eFaktura kjem automatisk opp i mobilbanken og nettbanken. Alle bankar hentar informasjon frå eit felles register. Det betyr at du ikkje treng å gjere noko som helst.

Merk at du må godkjenne fakturaen gjennom banken du vil bruke for å få informasjon om betalinga. 

AvtaleGiro

No kan du flytte AvtaleGiro på 1-2-3 i mobilbanken eller nettbanken! Alt du treng å gjere er å samtykke til at vi kan hente og flytte avtalane for deg. 

Sjå korleis du flyttar AvtaleGiro her. 

Ja, det kan du! Du kan velje å gjere dette når du fyller ut bankbyteskjemaet. 

Viss du allereie har sendt inn bankbyteskjema kan du også flytte BSU ved å klikke på knappen nedanfor. Då legg du inn kontonummeret til BSU-kontoen du har i dag og bekreftar at du ønsker å flytte denne kontoen til oss.

Du kan berre ha éin BSU-konto, derfor er det viktig at denne flyttinga skjer korrekt og at du ikkje avsluttar BSU-kontoen din før du opprettar ein ny hos oss.  Les meir om reglane for BSU her.

Viss du avsluttar heile kundeforholdet i tidlegare bank, sluttar BankIDen din å fungere. Derfor bør du skaffe deg ny BankID når du byter bank. Vi anbefaler å gjere dette tidleg i bankbyteprosessen. 

Viss du ikkje avsluttar kundeforholdet ditt treng du ikkje ny BankID. Det kan likevel vere lurt å sette opp ein BankID hos oss når du blir kunde. Då kan vi lettare hjelpe deg dersom det skulle oppstå problem. 

Les meir om BankID

Så enkelt er det å flytte låna dine: 

1. Send inn lånesøknad

Dette må du gjere for å få med nødvendig dokumentasjon. Søknaden er heilt uforpliktande.

2. Snakk med rådgjevar

Du vil bli kontakta av ein rådgjevar som gir deg eit tilbod på å flytte bustadlånet ditt til oss.

3. Vi fiksar resten

Dersom du takkar ja til tilbodet, innfrir vi bustadlånet i den gamle banken din og opprettar ditt nye lån.

 

Du kan flytte heile eller delar av ein aksjesparekonto til oss i mobil- eller nettbanken.

Les meir om flytting av aksjesparekonto

Ja, du kan overføre forsikringar til oss. Dei fleste forsikringane kan du flytte sjølv ved å brukeforsikringskalkulatoren vår. Resten kan ein forsikringsrådgjevar hjelpe deg med. 


Nyttige tips til deg som skal byte bank

  • Betalingar som er lagt til forfall: Hugs at betalingar som er lagt til forfall hos den gamle banken må leggast inn på forfallsregisteret på nytt hos oss. 
  • Ver obs på bindingstid: Viss du har oppseiingsfristar eller bindingstid til nokon av kontoane dine bør du vente med å seie opp desse til bindingstida går ut for å unngå unødvendige gebyr. 
  • Ta vare på kontoutskrifter: Når du seier opp kundeforholdet ditt i gamal bank, mistar du ofte tilgang til historikk og kontoutskrifter. Derfor kan det vere lurt å lagre eller skrive ut kontoutskriftene.
  • Betal eventuelle papirfakturaer i overgangsfasen: Viss du får papirfaktura på rekningar du eigentleg har AvtaleGiro på, betaler du desse inntil AvtaleGiro-avtalane er på plass hos oss.
  • Gi beskjed om nytt kontonummer til arbeidsgivaren din eller andre som sender deg pengar, t.d. Nav, Skatteetaten og Lånekassen. 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }