Kven kan spare i BSU, kva er maksgrense for kor mykje du kan spare, kva er skattefrådraget, og kva kan BSUen brukast til? Her får du reglane.
Spar smart til bustad med BSU
Er du under 34 år og sparer til bustad, er det inga spareform som slår BSU. Du får den beste renta og opptil 2750 kroner i skattefrådrag, medan sparepengane dine står heilt trygt på konto.
Du har moglegheit til å bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad.
Når du har kjøpt bustad, og eig den heilt eller delvis per 31. desember, mistar du retten til skattefrådrag for dette året.
Hugs at BSU-avtalen må vere inngått før du kjøper bustad.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.
Kva lurer andre på?
Frå det året du fyller 34 årkan du ikkje lenger setje inn pengar på BSU-kontoen din, men du treng ikkje avslutte kontoen. For å få skattelette på det du har spart det året du fyller 33 år, må pengane stå på konto til over nyttår. Når du har kjøpt bustad, og eig den heilt eller delvis per 31. desember, mistar du retten til skattefrådrag for dette året.
Du kan behalde BSU-kontoen din etter at du er 33 år, men den må til sjuande og sist brukast til bustadsformål.
Nei, du må ikkje bruke BSU-kontoen når du skal kjøpe bustad.
Om du bruker pengar frå BSU-en din til å kjøpe bustad er opp til deg sjølv og økonomien din. Ofte vil det bli lettare å kome inn på bustadsmarknaden om du bruker BSU-kontoen din. Dette kan også bety at du får mindre lån.
Kjøper du bustad før fylte 34 år, og renta på BSU-kontoen er høg, kan det vere ein fordel å vente med å «sprette» BSU-en, for renta på innskotet kan vere høgare enn bustadlånsrenta.
Før du har kjøpt din første bustad, får du eit skattefrådrag på inntil 10 % av det årlege sparebeløpet på BSU, så framt du har skattbar inntekt. Etter at du har kjøpt din første bustad, får du ikkje skattefrådrag i det heile tatt.
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane til. Dersom BSU-pengane blir brukt til føremål som ikkje er godkjent i samsvar med Skatteetaten sine reglar, er det du som er pliktig til å informere Skatteetaten.
Ikkje godkjent bruk av BSU-pengar vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefrådrag på sparinga.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.
Ja, det kan du! Frå 1. januar 2021 blei det godkjent å bruke oppsparte BSU-pengar til oppussing, påbygging og vedlikeholdsarbeid på eigen bustad. Det vil seie at du for eksempel kan bruke BSU-pengane til oppussing eller påbygging (på eigen bustad) du har gjort frå 1. januar 2021.
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane på. Dersom BSU-pengane brukast til formål som ikkje er godkjent i henhold til Skatteetaten sine føreskrifter, er det du som er pliktig å opplyse Skatteetaten. Ikkje godkjent bruk av BSU-pengane vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefradrag.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengene, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.
Du kan flytte BSU-kontoen du har i ein annan bank til oss.
Når du vel å flytte BSU-kontoen din til oss, må du legge inn kontonummeret til BSU-kontoen du har i dag og bekrefte at du ønsker å flytte denne kontoen til oss.
Du kan berre ha éin BSU-konto, derfor er det viktig at denne flyttinga skjer korrekt og at du ikkje avsluttar BSU-kontoen din før du opprettar ein ny hos oss. Les meir om reglane for BSU her.
Er du under 18 år må kontoen opnast av dine foreldre/verge. Verge må sende oss ei melding i nettbanken eller mobilbanken, så hjelper vi dykk med å opprette BSU-kontoen.
For å få skattefrådraget av det du sparer per år, må pengane vere inne på BSU-kontoen innan utgangen av året, og dei må stå på kontoen til nytt kalenderår.
Skattefrådraget blir gitt til dei som endå ikkje har kjøpt den første bustaden sin
Sparer du til eigen bustad? Klarer du å spare 75 kroner om dagen, har du ein full BSU-konto på slutten av året.
Samanlikn prisar
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}