Kva er bustadkjøparforsikring?

Bustadskjøparforsikring (også kalla kjøpsforsikring) er ei forsikring mange får tilbod om ved kjøp av bustad, og er i praksis ei rettshjelpsforsikring. Forsikringa hjelper deg å klage til bustadseljar viss du oppdagar feil eller manglar på bustaden (i samsvar med avhendingslova). Bustadkjøparforsikringa kan hjelpe deg med:

  • å avklare om du har ei sak å gå vidare med
  • juridisk hjelp til å føre krav mot bustadseljar
  • motpartens saksomkostningar viss du taper saka i rettssystemet

Vi tilbyr ikkje bustadkjøparforsikring, men viss du sel bustaden din via EiendomsMegler 1 kan du få tilbod om å kjøpe HELP bustadkjøparforsikring.

Er bustadkjøparforsikring nødvendig?
Bustadkjøparforsikring og rettshjelpsdekninga i hus- eller innbuforsikringa kan begge dekke kostnadar knytt til juridisk hjelp ved konflikter etter bustadkjøp. Men det er viktige forskjellar mellom dei, spesielt når det gjeld forsikringssum og eigenandel. Vi anbefaler deg å samanlikne og vurdere om du treng bustadkjøparforsikring eller ikkje, viss du alt har hus-/innbuforsikring. 

Samanlikning av bustadkjøparforsikring med bygnings-/innbuforsikring
For ordens skuld; verken bustadkjøparforsikring eller rettshjelpedekninga i innbu-/husforsikringa dekker sjølve utbetringane av feil og manglar på bustaden din. Desse utbetringane vert dekka av utbyggar, bustadseljar eller bustadseljaren sitt forsikringsselskap viss du vinn fram med saka di.

Samanlikninga under er gjort av ei generell bustadkjøparforsikring mot rettshjelpsforsikringa som er inkludert i innbu- og bygningsforsikringane våre. Har du gjort eit hytte-/huskjøp kan du bruke rettshjelp i hus-/hytteforsikringa, og har du kjøpt ei leilegheit kan du bruke rettshjelp i innbuforsikringa.

Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.

Samanlikning av bustadkjøparforsikring og rettshjelpsforsikring
Dekningar Bustadkjøparforsikring Rettshjelpsforsikring
Juridisk hjelp Dekkes av Bustadkjøparforsikring Dekkes av Rettshjelpsforsikring
Idømte sakskostnadar Dekkes av Bustadkjøparforsikring Dekkes av Rettshjelpsforsikring
Mekling Dekkes ikke av Bustadkjøparforsikring Dekkes av Rettshjelpsforsikring
Avklaring av saka Dekkes av Bustadkjøparforsikring Dekkes ikke av Rettshjelpsforsikring
Sum og eigenandel
Forsikringssum
Eigenandel


Kva er forskjellen på bustadkjøparforsikring og bustadseljarforsikring?
Både bustadkjøparforsikring og bustadseljarforsikringa dekker juridisk hjelp ved bustadeigarskifte, i tillegg til eventuelle saksomkostningar. Bustadseljarforsikringa dekker i tillegg sjølve det økonomiske kravet frå kjøpar, viss kjøpar vinn fram i saka. Det er ingen eigenandel for bustadseljar ved bruk av bustadseljarforsikringa.
 

Har det oppstått usemje med bustadseljar?


Kva andre forsikringar bør eg ha ved kjøp av bustad?

For dei fleste er bustaden det mest verdifulle dei eig. Difor er bygningsforsikring kanskje den viktigaste forsikring. Dei fleste bustader er òg fylte med det vi kallar innbo, som møblar, klede, interiør og andre eigendelar – og dette dekkast av ein innboforsikring. Har du bustadlån og sambuar eller ektefelle, bør du også vurdere ei livsforsikring som kan sikre bustadlånet viss ein av dykk skulle døy.

Sjå alle forsikringane du bør ha når du har etablert deg i ein bustad.

 

Sjå også:

Kva skal til for å få prisavslag på bustadkjøpet?
Kva er fristen for å klage på bustadkjøpet?
Kva dekker bustadseljarforsikring?
Vanlege klager ved overtaking av bustad
Kva er eigarskifteforsikring?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }