Vi hjelper deg i gang
Fondspakkar
Våre fremste fagfolk har sett saman tre fondspakkar, som hjelper deg raskt i gang med sparinga.
Vi hjelper deg i gang
Våre fremste fagfolk har sett saman tre fondspakkar, som hjelper deg raskt i gang med sparinga.
Alle fondspakkane består av breie globale fond og fond som passar temaet du vel. Du spreiar risiko og få ein kombinasjon av indeks- og aktivt forvalta fond – uansett om du vel utvalde, utbytte eller teknologi.
For deg som ønskjer å ta del i verdsøkonomien og investere på tvers av bransjar.
I denne pakken får du
For deg som ønskjer å få ein del av overskotet når selskapa gjer det bra.
I denne pakken får du
For deg som ønskjer å investere i leiande teknologiselskap.
I denne pakken får du
Ein fondspakke er ein enkel måte å spare på – uansett erfaring.
Fondspakkene kombinerer aktivt forvalta fond og indeksfond i både norske og globale marknader. Dette gjev deg solide fondspakkar, eller portefølje om du vil, med ekstra eksponering mot temaet du ønsker.
Med fondspakkane står du fritt til å gjere endringar etter at du er komen i gang.
Vi ønskjer at du skal få mest mogleg igjen for sparinga di. Derfor har våre fremste fagfolk sett saman tre fondspakkar som gir deg ein god balanse mellom pris og kvalitet.
Kvar pakke består av prisgunstige indeksfond og aktivt forvalta fond der erfarne forvaltarar jakter morgondagens vinnarar og meiravkastning i forhold til marknaden.
Når du sparer på konto får du renter på beløpet du har på kontoen. I fond kallast dette for avkasting.
Forventa avkasting seier noko om kor mykje du får tilbake for investeringane dine, og er basert på avanserte reknestykke og historiske data.
Storleiken på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkasting for det fondet. Eit aksjefond med 100 % aksjar har ein forventa høgare avkasting enn eit rentefond, men inneber altså ein viss risiko.
God tid er nøkkelen til trygg sparing i fond. Jo lenger tidshorisont du har, jo høgare andel aksjar kan du ha utan at risikoen aukar. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer.
Sjå også
Kva er fond?
Kan eg tape pengar på å spare i fond?
Kva er aksjefond og rentefond?
Kva er indeksfond?
Det er ei viss risiko knytt til å spare i fond, som betyr at du kan tape pengar. Når du sparar i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkastning enn ved andre spareformer.
Risiko
Risikoen i eit fond seier noko om kor mykje du kan forvente at fondet svingar i verdi. Fond med høgare risiko vil svinge meir over tid, men kan også gje høgare forventa avkastning.
Det betyr at dersom du ønsker at sparepengane dine skal vekse mykje i verdi, må du tole periodar med store verdisvingningar, sjølv om dette kan gje negativ verdi i periodar. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Kor lenge du skal spare, påverkar kor stor risiko du bør ta for sparepengane dine. Skal du spare lenge kan du tole å ta høgare risiko, fordi du gir sparinga di betre tid til å ta igjen periodar med verdifall. Har du derimot ein kort sparehorisont, bør du velje fond med lågare risiko.
Aksjeandelen bestemmer
Aksjar kan gje høg avkastning, men inneber altså ei viss risiko. Størrelsen på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkastning. Å eige aksjar i fond gir lågare risiko enn å eige aksjar i berre eitt selskap. Fordi eit fond kjøper bitar av mange forskjellege selskap blir risikoen meir spreidd. Viss eit selskap gjer det dårleg treng du ikkje merke noko til det, fordi det kan gå bra med alle dei andre.
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
Eit teknologifond er eit aksjefond som investerer i selskap innan teknologi, som programvare, databrikker og digitale tenester.
Teknologifond investerer hovudsakleg i selskap i éin bransje. Til samanlikning investerer eit globalt fond i selskap frå mange ulike bransjar. Derfor kan eit teknologifond ofte svinge meir i verdi, både opp og ned, avhengig av korleis teknologibransjen utviklar seg.
Eit utbyttefond er eit fond som investerer i selskap som har som mål å betale ut ein del av overskotet sitt til eigarane. Denne utbetalinga blir kalla utbytte.
Når du sparer i eit utbyttefond, blir pengane dine ofte investert i godt etablerte selskaper, som har hatt solid lønnsomheit og gitt god avkastning over tid.
Sjå òg:
Kva skjer med utbyttet i fondet?
Mange aksjefond eiger selskap som betalar utbytte. Dette blir som regel rekna som ein del av avkastninga til fondet og blir reinvestert i fondssparinga di.
Enkelte fond gir deg også moglegheit til å få utbyttet utbetalt på konto. Du kan for eksempel velje mellom to variantar av fondet SpareBank 1 Utbytte:
Viss du har U-versjonen av fondet på ein porteføljekonto, blir utbyttet utbetalt til bankkontoen som er knytt til porteføljekontoen – for eksempel brukskontoen din.
Vurderer du å spare i fond og treng å snakke med nokon som har peiling? Rådgjevarane våre er her for å hjelpe deg.
Kort om avkasting
Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
Sida inneheld marknadsføring
Innhaldet er laga som marknadsføring og er verken meint som investeringsråd eller tilrådingar.
Avtalar og retningslinjer
Her finn du informasjon du bør kjenne til før du får investeringsråd eller bruker våre investeringstenester.
Bærekraftsmerking av fond
Ønsker du å vite meir om korleis vi merkar fonda?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no