SpareBank 1 Fonda
I SpareBank 1 Fonda finn du fonda som passar best for økonomien din. Plukk dine eigne favorittar, eller la oss hjelpe deg med å velje.
I SpareBank 1 Fonda finn du fonda som passar best for økonomien din. Plukk dine eigne favorittar, eller la oss hjelpe deg med å velje.
Aksjefond passar for deg som:
| 100 % aksjefond |
Fondet fokuserer på solide selskap som historisk har gitt god avkastning og solide utbytte til eigarane.
| 100 % aksjefond |
Fondet investerer i lønnsame, norske selskap som er godt posisjonert for framtida.
| 100 % aksjefond |
Fondet investerer i lønnsame selskap verda over, slik at du kan ta del i verdiskapinga.
| 100 % aksjefond |
Investerer breitt i mellomstore og store selskap – med gode konkurransefortrinn og vekstmoglegheiter.
| 100 % aksjefond |
Fondet er sett saman av fleire av våre beste aksjefond, og er ein del av fondsløysinga Alt-i-ett.
Våre fremste fagfolk har sett saman tre fondspakkar, som hjelper deg raskt i gong med sparinga.
| 100 % aksjefond |
Fondet investerer i leiande teknologiselskap over heile verda – og lar deg ta del i den digitale utviklinga og framtidas løysingar.
| 100 % aksjefond |
Fondet investerer i dei største og mest omsette selskapa på Oslo Børs – og lar deg vere med på verdiskapinga i norsk næringsliv.
| 100 % aksjefond |
Fondet investerer breitt i over 1200 selskap over heile verda – og lar deg enkelt ta del i den globale verdiskapinga.
Alt-i-eitt passar for deg som ønsker ei smart og komplett fondsløysing, der vi passar på sparinga di.
Du kan velje mellom fire Alt-i-eitt-planar, som består av ulike samansetningar av aksjefond og rentefond. Jo høgare aksjeandel fondet har, jo høgare er både risiko og forventa avkasting på sparepengane.
| 100 % aksjefond |
For deg som skal spare i meir enn 10 år. Du har is i magen, ønsker høg avkastning og toler å sjå pengane dine svinge ein del i verdi undervegs.
| 80 % aksjefond | 20 % rentefond |
For deg som skal spare i meir enn 5 år. Du ønsker høg avkastning, men vil ikkje at sparepengane dine skal svinge like mykje i verdi som i eit 100 % aksjefond.
| 50 % aksjefond | 50 % rentefond |
For deg som skal spare i meir enn 5 år. Du ønsker balanse mellom forutsigbarheit og moglegheita til å få pengane til å vekse, utan at pengane dine svingar for mykje i verdi.
| 20 % aksjefond | 80 % rentefond |
For deg som skal spare i meir enn 2 år. Du ønsker at pengane dine skal vekse meir enn på sparekonto, og vil at pengane dine skal svinge lite i verdi.
Uansett korleis du sparer eller investerer hos oss, skal du vere trygg på at pengane dine blir forvalta på fornuftig vis.
Vi har passa på sparepengane til nordmenn i 200 år, og sjølve samfunnsoppdraget vårt er nettopp å auke sparinga i Norge.
Vel fond sjølv, eller få god hjelp av den lokale rådgjevaren din for å kome i gong med fondssparinga.
Eit teknologifond er eit aksjefond som investerer i selskap innan teknologi, som programvare, databrikker og digitale tenester.
Teknologifond investerer hovudsakleg i selskap i éin bransje. Til samanlikning investerer eit globalt fond i selskap frå mange ulike bransjar. Derfor kan eit teknologifond ofte svinge meir i verdi, både opp og ned, avhengig av korleis teknologibransjen utviklar seg.
Eit utbyttefond er eit fond som investerer i selskap som har som mål å betale ut ein del av overskotet sitt til eigarane. Denne utbetalinga blir kalla utbytte.
Når du sparer i eit utbyttefond, blir pengane dine ofte investert i godt etablerte selskaper, som har hatt solid lønnsomheit og gitt god avkastning over tid.
Sjå òg:
Kva skjer med utbyttet i fondet?
Mange aksjefond eiger selskap som betalar utbytte. Dette blir som regel rekna som ein del av avkastninga til fondet og blir reinvestert i fondssparinga di.
Enkelte fond gir deg også moglegheit til å få utbyttet utbetalt på konto. Du kan for eksempel velje mellom to variantar av fondet SpareBank 1 Utbytte:
Viss du har U-versjonen av fondet på ein porteføljekonto, blir utbyttet utbetalt til bankkontoen som er knytt til porteføljekontoen – for eksempel brukskontoen din.
Fond
Fond er ei samling av aksjar eller andre verdipapir. Sparar du i fond vil pengane bli forvalta for deg av profesjonelle forvaltarar.
Ved å spare i eit fond spreier du pengane dine på mange ulike selskap. Korleis du sparer avheng av kor lenge det er til du treng pengane, kor høg avkasting du forventar å få, og i kor stor grad du toler at sparepengane svingar i verdi i løpet av spareperioden. Du kan forvente å sjå pengane vekse raskast i aksjefond og mindre i rentefond – kombinasjonsfond ligg i mellom. Les meir om aksjefond, rentefond og kombinasjonsfond.
Aksje
Ein aksje er ein eigardel i eit aksjeselskap. Kjøper du ein aksje i eit selskap, kjøper du ein del av dette selskapet. Gjer selskapet det bra, vil verdien av aksjen din stige fordi selskapet blir meir verdt. Verdien kan også synke om selskapet går dårleg.
Med aksjar kan du sjølv bestemme kva selskap du vil eige. Risikoen er ofte større enn ved å spare i fond. Dersom du ønsker å ha meir kontroll på risikoprofilen din og investeringsval, har du moglegheita til å gjere dette i aksjehandeltenesta.
Du bestemmer sjølv kor mange fond du vil spare i, men det kan vere lurt å spreie risikoen gjennom å spare i fond på tvers av geografi og bransjar. Då blir du mindre utsett om aksjemarknaden eller bransjen i eit land skulle falle. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Våre fremste fagfolk tilrår at du har ei hovudvekt av sparinga i globale aksjefond, og noko i fond som investerar her heime i Norge. Det kan du gjere ved å velje ein av våre tre fondspakkar, som hjelper deg raskt i gang med sparinga. Du kan òg velje eit fond som investerer i fleire fond – slik som fonda du finn i den smarte fondsløysinga Alt-i-eitt.
Kort om avkasting
Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
Sida inneheld marknadsføring
Innhaldet er laga som marknadsføring og er verken meint som investeringsråd eller tilrådingar.
Avtalar og retningslinjer
Her finn du informasjon du bør kjenne til før du får investeringsråd eller bruker våre investeringstenester.
Bærekraftsmerking av fond
Ønsker du å vite meir om korleis vi merkar fonda?