TIPS OG RÅD
Du kan enkelt gi nokon tilgang til kontoen din – anten for innsyn eller full tilgang. Perfekt for par, pårørande eller andre som treng oversikt og hjelp med økonomien.
Velg riktig tilgangsnivå
Når du delar ein konto med nokon, får du velje kva tilgang den andre personen skal ha til kontoen. Du har 3 val:
- Disponent: Personen får full tilgang til kontoen: sjå saldo, betale rekningar, overføre pengar, opprette og endre AvtaleGiro, og eventuelt få eige bankkort. Disponenten brukar sin eigen BankID og loggar inn i sin eigen nettbank.
- Innsyn: Personen kan sjå saldo og bevegelsar, og overføre pengar til kontoen – men ikkje ta ut pengar eller betale rekningar.
- Kontoutskrift: Personen får kun tilsendt kontoutskrift i sin innboks i nettbank og mobilbank.
Korleis dele tilgang til ein konto?
Du kan enkelt dele tilgang til ein konto i mobilbanken eller nettbanken:
- I oversikta over kontoar trykker du på kontoen du vil gi tilgang til.
- Mobilbanken. Trykk på ikonet av tannhjulet oppe i høgre hjørne.
I nettbanken: Trykk på knappen Kontoinnstillingar. - Trykk på knappen Del tilgang til kontoen under kategorien Kontodeling. Du vel samstundes kva tilganger disponenten skal ha over den delte kontoen.
Merk at disponentar også må vere kundar i banken.
Oppgi aldri passord, PIN-kodar eller BankID-informasjon – uansett kven som spør. Den sikre måten å få tilgang til ein konto på er at kontoeigar delar kontoen og legg til disponenten sjølv.
Er du verje for ein person over 18 år?
Slik kan du bestille nye produkt, opprette Avtalegiro eller slette deg som disponent.
Å vere disponent betyr at du får tilgang til ein konto som tilhøyrer nokon andre. Du kan som disponent:
- Sjå saldo og transaksjonar
- Betale rekningar og overføre pengar
- Opprette AvtaleGiro og godkjenne eFaktura
- Få bankkort til kontoen (viss kontoeigar ønskjer det)
Du har ikkje eigarskap til kontoen, men du får full tilgang til å bruke den – innanfor rammene kontoeigar set.
- Par som delar økonomi – få felles kontoar og enklare betaling av rekningar.
- Foreldre som hjelper barn under 18 år.
- Vaksne barn som hjelp eldre foreldre – ved behov for støtte til økonomistyring.
- Personar som av forskjellege grunnar treng hjelp eller ekstra oppfølging – for eksempel personar under verjemål.
- Personar med spilleavhengighet eller økonomiske utfordringar – som treng hjelp til å halde kontroll.
Dersom du er disponent og skal motta og godkjenne eFaktura for den som eig kontoen, må kontoeigar gi deg tilgang frå mobilbank eller nettbank. Den som eig konto kan anten dele alle eFakturaene med deg, eller velje ut enkelte eFakturaer du skal få tilgang til.
- i mobilbanken: Trykk på Mer - Innstillingar - Betaling - Del tilgang - Gi tilgang
- i nettbanken: Trykk på namnet ditt oppe til høgre - Innstillingar - Betaling - Del tilgang - Gi tilgang
Disponenten kan ikkje styre utbetalingar frå andre kontoar enn det han eller ho er gitt tilgang til.
- Du kan òg bestille kort til disponenten. Dette er eit eige val når du gjev tilgang til kontoen.
- Ein delt konto er ikkje berre gunstig for dei som treng hjelp med teknologien. Viss du er økonomisjefen i huset kan det også vere smart å ha ein felles konto alle faste utbetalingar går frå.
- Du står ansvarleg for kva din BankID blir signert med.
- BankID er din identitet og digitale signatur, og blir nytta på same måte som pass og fysiske underskrifter til verifisering og signering av dokument.
- Oppgi aldri personlege passord, PIN-kodar eller anna BankID-informasjon, uansett kven det er som spør.
Kva lurer andre på?
Nei, du må ikkje låne bort din BankID - fordi BankID er den digitale legitimasjonen din og underskrifta di.
Dette er veldig viktig å tenke litt over, for det betyr at i staden for kulepenn, papir og pass, kan du bruke BankID som legitimasjon og signering på nett.
BankID er deg, og det er derfor vi er så strenge med kven som bruker den. Akkurat som passkontrollen ikkje slepp deg gjennom viss du held opp passet til ein annan person.
Og sidan du kan bruke BankID til viktige ting som både signering av dokument, pantsetje bustad, få tilgong til helseopplysningar, fond og ei rekke andre tenester, kan du ikkje låne den bort.
Oppdagar vi at du har lånt han bort, vil vi av sikkerheitsårsaker sperre kontoen og BankID'en din. Dette gjeld dessverre uansett om du treng hjelp til innlogging eller viss du låner BankID'en til ektefellen din for å kunne styre utbetalingar.
Du kan enkelt dele tilgong til ein konto i mobilbanken eller nettbanken.
- I oversikta trykker du på kontoen du vil gi tilgong til.
- Mobilbanken. Trykk på ikonet av tannhjulet oppe i høgre hjørne.
Nettbanken: Trykk på fana Kontoinnstillingar. - Trykk på (+)-knappen under kategorien Kontodeling.
Deretter vel du kva personen skal ha tilgang til å gjere med kontoen din:
- Disponent: Du gir personen full tilgang. Alt du kan gjere med kontoen, kan også vedkommande gjere. Hen loggar inn med sin BankID i eigen nettbank, og kan sjekke saldo, betale rekningar, overføre pengar mellom kontoar, opprette AvtaleGiro osv.
- Innsyn: Du gir personen tilgang til å sjå rørsler på kontoen og overføre pengar til kontoen, men ikkje flytte pengar ut av kontoen.
- Kontoutskrift: Du gir personen tilgang kun til å sjå kontoutskrifta.
NB: Den du deler konto med, må vere kunde hos oss og kunne logge seg inn i vår nett- og mobilbank.
Les meir: Bli disponent
Utgangspunktet er at du kan legge til alle kontoar du kan betale frå, altså alle brukskontoar som du eig eller disponerer. Men enkelte bankar har valt å berre dele konto der du står som eigar.
Sjå også
I utgangspunktet er det berre betalingskontoar du kan legge til, men nokre bankar tilbyr deg å legge til sparekonto og kredittkort i annan bank.
Sjå også
For å gi andre moglegheit til å sjå dine fond, må du bestille tilgang til personen du vil dele med. Gå til Fond i nettbanken eller mobilbanken og vel Innstillingar. Vel Gi innsyn til kontoen og fyll ut informasjon om den du ønsker å gi innsyn.
Personen må vere over 18 år, og fondskunde. Personen med innsyn kan følge med på sparinga di, men dei kan ikkje kjøpe eller selje fond.