Finansiell informasjon

Verksemdstyring

God styring av verksemda i SpareBank 1 Søre Sunnmøre omfattar dei verdiar, mål og overordna prinsipp som banken vert styrt og kontrollert etter for å sikre innskytarane og andre grupper sine interesser i banken.


Eigarstyring og selskapsleiing

Banken skal gjennom si eigarstyring og selskapsleiing sikre ein forsvarleg formuesforvaltning og gje auka tryggleik for at dei uttalte mål og strategiar vert nådd og realisert. God styring av verksemda i SpareBank 1 Søre Sunnmøre omfattar dei verdiar, mål og overordna prinsipp som banken vert styrt og kontrollert etter for å sikre innskytaranes og andre grupper sine interesser i banken. Banken følgjer ”Norsk anbefaling for eierstyring og selskapsledelse” så langt det passer for sparebankar. Anbefalingen er tilgjengelig på www.nues.no

Eigarstyring i SpareBank 1 Søre Sunnmøre (pdf)

Vedtekter i SpareBank 1 Søre Sunnmøre (pdf)


Forskrift om godtgjeringsordning i finansinstitusjonar

SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal ha ei godtgjeringsordning som tilfredsstiller interne krav og ”Forskrift om godtgjørelsesordninger i finansinstitusjoner, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond”. 


Samfunnsansvar

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er oppteken av samfunnsansvaret og har som eitt av sine overordna mål å spele ei aktiv rolle og vere ei synleg drivkraft i utviklinga av distriktet.

Banken sitt samfunnsansvar kjem til syne m.a. på
desse områda:

  • Menneskerettar og norske lover er bærande og kjem til dømes fram i våre etiske retningsliner.
  • Arbeidstakarrettigheiter er ivaretekne i våre avtaler med samarbeidsorgan og avtale med fagforeining.
  • Kampen mot korrupsjon og kvitvasking er eit særs viktig tema i banknæringa og vi har fleire områder der dette vert omsynteke.
  • Gåveutdeling og sponsing.
  • Næringsutvikling. Banken har eit nært forhold til næringslivet og er aktiv med rådgjeving, nettverks- og kompetansebygging. Nærleik til kundane og lokalsamfunnet gjer det også mulig å bidra til berekraftig utvikling av regionen, i motsetning til ei fjernstyrt avdeling av ein storbank.
  • Aktiv deltaking i viktige prosjekt og bedrifter. Banken er gjennom sine heileigde dotterselskap ein viktig medspelar i dei to største samferdselsprosjekta i regionen, og er også inne på eigarsida i nokre sentrale bedrifter innan reiseliv, eigedom og handel. 
  • Klima og miljø. I tråd med samfunnsansvaret vil banken følgje opp Sparebankforeininga sine tilrådingar for berekraftig bankverksemd og banken er allereie godkjent som klimanøytral bank. Banken vil også bidra til å sette klima og miljø på dagsorden i lokalsamfunna og motivere til miljøforbetrande tiltak. SpareBank 1 Søre Sunnmøre er bevisst både samfunnsansvaret og den ekstra risiko dette kan medføre. Også i denne samanheng er det banken si viktigaste oppgåve å drive god og kontrollert bankverksemd med vekt på inntening og soliditet.