Administrerande direktør Wenche Seljeseth
Historia vår
I 1929 blei SpareBank 1 Forsikring etablert under namnet Livsforsikringsaktieselskapet Samvirke. SpareBank 1 Forsikring er ei samanslutning av fleire fusjonar og fekk sitt noverande namn i 2013. Vi er eit heileigd dotterselskap av SpareBank 1 Gruppen som er eigd av SpareBank 1-bankane og LO.
SpareBank 1 Forsikring vart etablert for å gje folk ei trygg og lokal løysing for pensjon og forsikring. Med solid forankring i lokalsamfunna, har SpareBank 1 Forsikring utvikla seg til å bli ein trygg og påliteleg partnar for både verksemder og privatpersonar.
Vi kombinerer lang erfaring med moderne løysingar, slik at kundane kan føle seg ivaretatt gjennom heile livet.
Visjonen vår:
Saman skapar vi gode dagar er vår visjon. Den handlar om felles samspel mellom våre medarbeidarar, kundar, distributørar og forvaltarar. Vi deler ansvaret for å skape verdi og gode dagar for den enkelte og for fellesskapet – miljøet og samfunnet.
I SpareBank 1 Forsikring jobbar vi for at dagen i dag, morgondagen og dagane langt der framme skal vere gode.
Solide eigarar og stort distribusjonsnettverk
Vi har solide eigarar med eit stort distribusjonsnettverk gjennom SpareBank 1-bankane. Samtidig er vi eit lite og smidig selskap med 180 engasjerte tilsette som brenn for å gi deg best mogleg pensjon på ein berekraftig måte.
Dei viktigaste produkta våre
Kundane våre er både bedriftskundar og privatkundar. Saman med SpareBank 1 Gruppen understøttar vi LO-forbunda med medlemmane og foreiningane deira.
Berekraft og initiativ vi støttar
Ønsker du å vite meir om korleis vi jobbar med berekraft og kva initiativ vi støttar?
Likestilling og likelønn
I SpareBank 1 Forsikring er vi stolte av korleis vi jobbar med likestilling og likelønn. Vi har likelønn blant tilsette som følger lønnsregulativet. Per 31.12.2024 var likelønn i selskapet 100 prosent.
Kjønnsfordelinga i selskapet er òg jamn, med 55 % kvinner og 45 % menn (per 31.12.2024).
Likelønn er eit av hovudprinsippa i godtgjersleordninga vår.
Her finn du meir informasjon om korleis vi jobbar med lønn og lønnsutvikling (pdf).
| Likestilling - andel kvinner |
2024 | 2023 | 2022 | 2021 | 2020 | Mål |
| Styre | 57 % | 43 % | 29 % | 14 % | 14 % | 50 % |
| Leiargruppe | 58 % | 50 % | 50 % | 40 % | 44 % | 50 % |
| Mellomleiarar | 48 % | 53 % | 58 % | - | - | 50 % |
| Totalt i selskapet | 55 % | 55 % | 55 % | 51 % | 52 % | 50 % |
| Likelønn | 2024 | 2023 | 2022 | 2021 | 2020 | Mål |
| Kvinners andel av menns lønn i % |
100 % | 101 % | 101 % | 104 % | 102 % | 100 % |
Selskapsinformasjon
| Forretningsadresse | Calmeyers gate 5, 0183 Oslo |
|---|---|
| Postadresse | Postboks 340 Sentrum, 0101 Oslo |
| Telefonnummer | (+47) 21 02 50 50 |
| Føretaksregister | Brønnøysundregistera, Telefon (+47) 75 00 75 00 |
| Organisasjonsnummer | 915 651 321 |
| Løyve | Selskapa har konsesjon frå Finansdepartmentet til å drive forsikringsverksemd, og Finanstilsynet fører tilsyn med verksemda. |
| Adresse til Finansdepartementet | Akersgata 40, 0188 Oslo Postboks 8008 Dep, 0030 Oslo Telefon (+47) 22 24 90 90 |
Er du ikkje fornøgd med oss?
Det er viktig at du er fornøgd med å vere kunde hos oss. Viss noko ikkje er som det skal, set vi pris på at du fortel det til oss.
Alle klager til selskapet skal behandlast og rapporterast etter Finanstilsynet retningslinjer for klagebehandling i bank-, finans-, forsikrings- og verdipapirverksemd. Formålet med retningslinjene er å sikre tilstrekkeleg forbrukarvern gjennom å sikre:
- Klare krav til selskapet si organisering av klagebehandlinga
- Krav om rettleiing til klagarar
- Krav til rutinar for å svare personen som klagar
- Krav til å harmonisere klagebehandlinga
SpareBank 1 Forsikring har utpeika ansvarlege klagebehandlarar i alle avdelingar med direkte kundekontakt. Desse skal bidra til at selskapet handterer alle kundeklager i tråd med dei retningslinjene vi er pålagt og på best mogleg måte. Som kunde kan du rekne med å få svar innan to veker, som er normal behandlingstid hos oss. Dersom vi treng litt lengre tid, får du beskjed om årsaka og når du kan forvente eit svar.