TIPS OG RÅD
Mi innbuforsikring
Takk for at du har innbuforsikringa di hos oss!
Vi har samla ein del nyttige tips og råd om innbuforsikringa di, kva du skal gjere viss noko skjer og svar på spørsmål mange andre lurer på.
TIPS OG RÅD
Takk for at du har innbuforsikringa di hos oss!
Vi har samla ein del nyttige tips og råd om innbuforsikringa di, kva du skal gjere viss noko skjer og svar på spørsmål mange andre lurer på.
Informasjon om innbuforsikringa di finn du ved å logge inn til mine forsikringar(mi side). Der kan du mellom anna:
Det er mykje som kan skje med tinga dine, men visste du at innbuforsikringa er meir enn berre ein superhelt som redder deg når tinga dine går opp i røyk, blir stolne eller øydelagt. Innbuforsikringa din står også klar til å hjelpe deg viss:
Både du, sambuar/ektefelle og barn under 20 år er dekt, så lenge de har same folkeregistrert adresse som deg (forsikringstakar).
Tinga dykkar er dekt av innbuforsikringa (dei tinga som ville falt ut om du snudde huset på hovudet). I tillegg er de også dekt for andre ting som ansvar, rettshjelp og ID-tjuveri.
Hvis du er usikker, kan du kontakte oss så skal vi hjelpe deg.
Du kan velje mellom 4 forskjellige betalingsfrekvensar på forsikringane dine:
Om du ønsker å endre på betalingsfrekvensen du har i dag, kan du logge inn til «mine forsikringar», velje «betaling og faktura» i menyen, gå til «betalingsavtaler» og «endre betalingsintervall». Er du usikker kan du kontakte oss så hjelper vi deg med å endre.
Sjå også
Kva er sesongvariert forsikringspris?
Kva er fordelane med eFaktura/AvtaleGiro?
Eg har spørsmål om fakturaen eg har fått frå Fremtind?
«Frå dato» som avvik frå den gjeldande terminen betyr at det er gjort endring med tilbakeverknande kraft. Vi har difor føretatt ein avrekning med verknad frå same dato. Om din forsikringspris er endra vil du få eit tillegg, eventuell frådrag, med bakgrunn i kva som tidlegare er fakturert.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.
AvtaleGiro
Du vil ofte motta første faktura i posten, fordi denne som regel blir produsert før AvtaleGiro eller eFaktura er registrert hjå oss.
eFaktura
I nettbanken vel du «Innstillinger» og «Betaling» og der kan du velje «Tillat eFaktura» for å motta eFaktura. Avtale om eFaktura krev at du har valt dette og ikkje reservert deg.
Ta kontakt med oss, viss du framleis får forsikringsfakturaen i posten.
Når du flyttar frå ein stad til ein annan er du ekstra godt dekt med topp innbuforsikring hos oss.
Hugs å endre adressen på innbuforsikringa når du er ferdig flytta. Har du LOfavør innbuforsikring treng du berre melde flytting i folkeregisteret.
Skulle du vere uheldig å miste for eksempel brillene dine på veg til jobb, eller høyreapparatet fell ut på tur i skogen, er det dessverre ikkje noko innbuforsikringa kan hjelpe deg med. Innbuforsikringa dekker ikkje ting du mistar som blir borte.
Har du ting du er ekstra glade i, og redde for å miste eller øydelegge, kan du vurdere ei eiga verdisakforsikring.
Har du hatt uhell eller skade på dine eigedelar?
Ei innbuforsikring kan dessverre ikkje dekke alle typar ting og hendingar, då hadde forsikringa blitt frykteleg dyr. Det kan vere greitt å vere klar over eit par ting som innbuforsikringa ikkje dekker, så du ikkje får deg ei overrasking om uhellet skjer.
Ja, standard innbuforsikring dekker både tjuveri og skadar på mobil, pc og nettbrett. For å også være sikra mot uhellsskadar i og utanfor bustaden din, må du ha topp innbuforsikring eller LOfavør innbuforsikring.
Standard innbuforsikring
Denne dekker som hovudregel tinga dine ved brann, tjuveri og vasskade.
Topp innbuforsikring/LOfavør Innbuforsikring/
Denne dekker i tillegg fysisk skade på tinga dine viss du har hatt uhell/uflaks.
Når du tenkjer på å bruke innbofursikringen på mobil, pc eller nettbrett, er det lurt å sjekke at det lønner seg med tanke på kva du har i eigenandel og eventuelle aldersfradrag.
Verdisakforsikring
Denne dekker i tillegg mista mobil. Ein eigen mobilforsikring gjelder i heile verda, for fleire hendingar enn innbu- og reiseforsikringane, og har lågare eigenandel.
Har du hatt tjuveri eller skade?
Eigenandelen er den summen du må betale sjølv viss du vel å bruke forsikringa.
Du kan velje kor stor eigenandel du vil ha, blant fem summar: 2.000, 4.000, 7.000, 10.000 og 15.000 kroner. Jo høgare eigenandel du vel, jo billigare blir innbuforsikringa.
Har du allereie innbuforsikring? Du kan sjekke kva di eigenandel er ved å logge inn til mine forsikringar eller sjå under "Innbuforsikring" i mobilbanken/nettbanken.
Nei, verken innbuforsikring eller reiseforsikring dekkjer ting som blir mista.
For å få dekt ting du mistar må du ha ei eiga verdisakforsikring. Hvis du for eksempel mistar gifteringen, må denne vere forsikra med ein heilt eigen verdisakforsikring for å kunne få erstatta tapet.
Sjå også:
Dekkjer innbuforsikring mobil, pc og nettbrett?
Dekkjer innbuforsikring briller?
Dekkjer reiseforsikring sykkel?
Dekkjer forsikring fråstjålen jakke?
Sykkelen din kan vere dekt både av innbuforsikring og reiseforsikring. Viss sykkelen blir stolen i Norden er det innbuforsikringa som gjeld. Då får du tilbake inntil 40.000 kroner for sykkelen, og det same gjeld for tilhengar til sykkel og barnevogn. Eigenandelen ved tjuveri av sykkel registrert i FG-godkjent sykkelregister er 2.000. Er ikkje sykkelen registrert er eigenandelen 4.000.
Viss sykkelen blir stolen utanfor kommunen du bur i, jobbar i eller studerer i, er den dekt av reiseforsikring. Det er ingen eigenandel ved bruk av reiseforsikring.
Har du ein ekstra dyr sykkel bør du vurdere ei eiga sykkelforsikring.
Er sykkelen din stolen:
Husk å anmelde saka til politiet før du melder tjuveri.
Sjå også
Ja, innbuforsikring dekker øydelagt mat i frysar, kjøleskap eller kjølerom viss det skjer ei plutseleg temperaturendring, til dømes ved straumbrot, lynnedslag eller teknisk feil. Viss fryseren har vore utan straum lenge, kan matlukt setje seg så kraftig at frysaren blir øydelagt av lukta frå matvarene. Viss ikkje fryseren blir bra etter vask, vil òg denne blir dekt.
Forsikringa dekker berre matvarer, ikkje medisinar eller andre ting som er oppbevart i kjøleskap eller frysar.
Har du hatt uhell med frysar/kjøleskap?
Ta bilete for å vise kva og kor mykje som har blitt øydelagt.
Mange har dessverre opplevd det. Du opnar skapdøra over kjøkkenvifta og den tunge saltbøssa fell ned og knusar platetoppen.
Har du husforsikring er du dekka for skadar på platetoppen, så lenge den er integrert/innebygd i kjøkkenet. Det trekkast eventuelt aldersfrådrag om den er eldre enn 5 år, og du må betale ein fast eigenandel. Det same gjeld også for hytta, om du har hytteforsikring.
Om du leiger eller bur i burettslag/sameige har du ikkje husforsikring, men då er du dekka av topp innbuforsikring og LOfavør Innbuforsikring. Standard innbuforsikring dekker berre tjuveri, brann- og vasskader.
Er det ein frittståande komfyr/platetopp er dette sett på som innbu, og du kan vere dekka av topp innbuforsikring.
Har du vore uheldig og knust platetoppen?